Sjangatnéz

Frå Alnakka.net

Sjangatnéz (שַֽׁעֲטְנֵז, /šaˤătnēz/) er den halakhiske nemninga for tekstilar som inneheld ei blanding av ull og lin. Denne blandinga er asúr middeoraitá (forboden frå Toráen) for bruk i kledor. I rabbinsk jødedom blir forbodet vanlegvis forstått som spesifikt avgrensa og med enkelte unntak. I karaittisk jødedom blir derimot loven strengt tolka, og forbodet blir forstått som generelt og unntakslaust.