Sjaḥarít
Frå Alnakka.net
Jødiske gudstjenestor | ||||||
|
Sjaḥarít (hebr. שַֽׁחֲרִית [šaḥărīt]) eller sjaḥrít (hebr. שַׁחְרִית [šaḥrīt]) er namnet på den jødiske morgongudstjenesta. Sentrale element i gudstjenesta er Sjemáng Jisraél og ngamidáen. Føre sjølve hovudgudstjenesta har ein oftast eit gudstjenesteledd som i sefardisk jødedom blir kalla zemirót og som i asjkenazisk jødedom blir kalla pesuké dezimrá.
På måndag (eller tisdag i nokre fall), torsdag og sjabbát (laurdag) held ein i tillegg seder kirjat Torá — gudstjenesteleddet der det blir lese frå Toráen.