Sitronkakor

Frå Alnakka.net
Den utskrivbare versjonen er ikkje lenger støtta eller kan ha rendring-feil. Oppdater eventuelle bokmerke i nettlesaren din og bruk den vanlege utskriftsfunksjon til nettlesaren i staden.

Oppskrifter

Citronkakor

etter Anna B. Gimnes, f. Halle (1906–1992).

Ingrediensar

  2      egg
2,25 dl  sukker

  1      sitron

 130 g   vegetabilsk margarin eller smør
  6  dl  mjøl

  -      eggekvite
  -      kokosmasse

Framgangsmåte

Visp egg og sukker i eit kvarter. Riv det gule av sitronskalet og ha det i. Press sitrona og ha safta samen med. Arbeid inn mjøl og margarin litt om gongen. Bak tynt ut og tak ut med glass. Ha eggekvite og kokosmasse på kakone. Steik dem lysbrune.