Sinknov
Sinknov eller sinklaft, oftast kalla laxknut i Sverige, er ein type lafteverk der hjørna ikkje har laftehovud og de vassrette snittflatone i lafteknuten er plane. Det finst svenske kirkjor frå høg- og seinmellomalderen med sinknov,[1] og frå Midt-Norge kjenner vi til eitt mellomaldereksempel — den nerrevne Fløan kirkje, som er dendrokronologisk datert til 1420.
Sinknov vart veldig vanleg i Skandinavia utover 1800-talet, til å begynna med særlig i samband med kirkjor og synagogar og seinare i andre bygningstypar òg. Ein stor fordel med sinknov, og seinare kamnov, samenlikna med de ymse typane knutenov, er at det er lettare å byggje hjørne med opnare vinklar enn 90°. Mange tømmerkirkjor vart bygd med åttekanta grunnplan med denna lafteteknikken. I våningshus og driftsbygningar var sinknov særlig mykje bruka kring første delen av 1800-talet.