Silderulettar

Frå Alnakka.net
Versjonen frå 5. april 2020 kl. 11:27 av Olve Utne (diskusjon | bidrag) (Utbyting av tekst - «{{Google 1}}» til «»)
(skil) ← Eldre versjon | Siste versjonen (skil) | Nyare versjon → (skil)

Silderulettar

etter Anna B. Gimnes, f. Halle (1906–1992).

Ingrediensar:

fersk sild
salt, peppar, eddik, matolje
laurbærblad
----
Variasjon:
egg, strøkavring, smør til steiking

Framgangsmåte:

Bruk sild av middels størrelse. Vask, skrap og gjer rein silda; tak ut ryggbeinet. Dryss på litt peppar, salt, nokre dropar eddik, olje, lat stå nokre minutt. Rull fast opp frå haudet mot sporden og bind om med ein tråd Kok i kokande, salta vatn tilsett litt eddik og eit par laurbærblad. Lat småkoke i 10–15 minutt.

Variasjon:

I staden for å kokast kan rulettane vendast i egg og finstøytt kavring og steikjast brune i smør på steikjepanna.