Skilnad mellom versjonar av «Silderulettar»

Frå Alnakka.net
(Oppretta sida med «== Silderulettar == {{Anna Gimnes}} '''Ingrediensar:''' fersk sild salt, peppar, eddik, matolje laurbærblad ---- Variasjon: egg, strøk…»)
 
s (Utbyting av tekst - «{{Google 1}}» til «»)
 
Line 21: Line 21:
[[kategori:fiskeretter]]
[[kategori:fiskeretter]]
[[kategori:sild]]
[[kategori:sild]]
{{Google 1}}

Siste versjonen frå 5. april 2020 kl. 11:27

Silderulettar

etter Anna B. Gimnes, f. Halle (1906–1992).

Ingrediensar:

fersk sild
salt, peppar, eddik, matolje
laurbærblad
----
Variasjon:
egg, strøkavring, smør til steiking

Framgangsmåte:

Bruk sild av middels størrelse. Vask, skrap og gjer rein silda; tak ut ryggbeinet. Dryss på litt peppar, salt, nokre dropar eddik, olje, lat stå nokre minutt. Rull fast opp frå haudet mot sporden og bind om med ein tråd Kok i kokande, salta vatn tilsett litt eddik og eit par laurbærblad. Lat småkoke i 10–15 minutt.

Variasjon:

I staden for å kokast kan rulettane vendast i egg og finstøytt kavring og steikjast brune i smør på steikjepanna.