Sild i kål

Frå Alnakka.net
Den utskrivbare versjonen er ikkje lenger støtta eller kan ha rendring-feil. Oppdater eventuelle bokmerke i nettlesaren din og bruk den vanlege utskriftsfunksjon til nettlesaren i staden.

Sild i kål er ein kystnorsk matrett som liknar på fårikål, anna enn at han inneheld sild i staden for kjøtt.

Oppskrift

etter Anna B. Gimnes, f. Halle (1906–1992).

Ingrediensar

  6 sild
1/2 lite kålhovud
 -  salta vatn
 -  smør
 -  mjøl
 -  salt, peppar

Framgangsmåte

  1. Reins 6 sild, flekk beinet frå og del kvart stykke i to.
  2. Skjer eit lite, halvt kålhaud i fine strimlor og kok 1/2 time i salta vatn, som så blir sila frå.
  3. På botnen av ein kasserolle legg ein no først småe smørklattar, derpå eit lag kål, strødd med mjøl, så eit lag sild med salt, peppar og smør, derpå eit lag kål osv.
  4. Vatnet blir slege over, og alt kokar ganske lett under tett lokk i kring 20–25 minutt.

Perlegryns søtsuppe kan ein bruke attåt.