Sigurd Einbu

Frå Alnakka.net

Sigurd Einbu (f. 5. november 1866Lesjaskog; d. 10. mai 1946) (fødd Enebue), var ein norsk sjølvlært astronom frå Lesjaskog, kjent for å ha funne ein nova i stjernebildet Gemini den 12. mars i 1912. Novaen fikk namnet Nova Geminorum 2. [1] Han skreiv etternamnet sitt Enebo i store deler av den vitskaplige karrieren sin.

Sigurd Enebue vart fødd den 5. november 1866 på Lesjaskog. Han gikk på Hamar offentlige lærerskole og arbeidde som lærar i Øyer, Vågå og Sel före han vendte heim ått Dombås. Han vart tidlig interessert i astronomi, men han kunne ikkje ofre seg fullt for den astronomiske verksamheita före han vart statsstipendiat i 1908. Han var initiativtakar til Norsk Novaselskap. Han fikk oppretta og dreiv ein magnetisk målestasjon på Dombås frå 1916. Sigurd Einbu dødde den 10.mai 1946.

Barndomsheimen Einbustugu er flytta frå Lesjaskog til Dombås og er eit museum om honom. I 2009 vart Einbudagane arrangert 16.–19. september som ein del av astronimiåret.

Prisar

Sigurd Einbu vart tildelt

Bibliografi

  • Stjernegransking i gamall og ny tid. 1911
  • Vår sol. 1922
  • Gjennem stjerneverdenen . 1 : Vor sol og dens følge. 1923
  • Vår måne. 1923
  • Gjennem stjerneverdenen . 2 : Melkeveiens soler : (fiksstjernene). 1924
  • Beobachtungen veränderlicher Sterne I - XIV
  • Bebodde verdener i nytt lys. 1928
  • Soler og atom. 1930
  • 250 in den Jahren 1903-1941 in Norwegen beobachtete Feuerkugeln : Errechnung der Radianten u. a.. 1942
  • Dovre kommune gjennom hundreåret 1837-1937. 1949
  • Lesja : litt frå den kommunale soga 1838-1938, og ymse anna. 1949
  • I tillegg var han en flittig folkeopplyser med mange bidrag i tidsskrift og aviser

Fotnotar

Kjeldor og pekarar


GNU-logoen Denne artikkelen er heilt eller delvis basert på artikkelen «Sigurd Einbu» frå Nynorsk Wikipedia og kan kopierast, distribuerast og/eller endrast slik det er sett opp i GNU fri dokumentasjonslisens. For ei liste over bidragsytarar til den opprinnelege artikkelen, sjå endringshistorikk knytt til den opprinnelege artikkelen. For ei liste over bidragsytarar til denne versjonen, sjå endringshistorikk knytt til denne sida.