Siddhārtha Gautama

Frå Alnakka.net
Den utskrivbare versjonen er ikkje lenger støtta eller kan ha rendring-feil. Oppdater eventuelle bokmerke i nettlesaren din og bruk den vanlege utskriftsfunksjon til nettlesaren i staden.

Siddhārtha Gautama (sanskrit सिद्धार्थ गौतम) eller Siddhattha Gōtama (pāḷi), mest kjent under æresnamnet Buddha, var ein prins og religiøs tenkjar som levde kring år 500 fvt. i Nord-India. Læra hans, buddha dharma, danar grunnlaget for buddhismen.

Nemninga buddha tyder 'den oppvakna' eller 'den opplyste' på sanskrit. Sjå òg bōdhisattva.

Det er vanleg for buddhistar å ære statuar av Buddha i tempel og i heimane sine.


GNU-logoen Denne artikkelen er heilt eller delvis basert på artikkelen «Buddha» frå Nynorsk Wikipedia og kan kopierast, distribuerast og/eller endrast slik det er sett opp i GNU fri dokumentasjonslisens. For ei liste over bidragsytarar til den opprinnelege artikkelen, sjå endringshistorikk knytt til den opprinnelege artikkelen. For ei liste over bidragsytarar til denne versjonen, sjå endringshistorikk knytt til denne sida.