Shinnecockfolk

Frå Alnakka.net
Gruppefoto frå 1884: «The last of the Shinnecock Indians. L.I.N.Y.»
Foto:Okjent

Shinnecockfolket eller the Shinnecock Indian Nation er ein stamme av amerikanske urfolk som sidan 1641 har vore busett ved Southampton lengst aust i the Hamptons, nær austenden av Long Island i staten New York. Tidlegare tala dei shinnecock, eit utdøydd austalgonkinspråk som blir rekna som ein dialekt av mohegan-pequot-språket.

Mange slo lag med Brothertown-indianarane i New York og mista dermed den offisielle stammestatusen. Kring 150 medlemmar bur enno i det kring 3000 mål store Shinnecock-reservatet fem kilometer vest for tettstaden Southampton. Det har vore svært mykje inngifte med afroamerikanarar, så genetisk sétt er urfolkssærpreget deras mykje utvatna.[1]

Kartet viser dei tidlegare territoria til dei austalgonkinspråkspråklege stammane i sørlege New England.

Stammen, som har offisiell status som urfolk i staten New York, gikk til rettssak i 2005 for å få att kring 14 000 mål land og ein stor erstatningssum for det dei meiner var orettmessig ekspropriering av landområde. Det omstridde området inkluderer Shinnecock Hills Golf Club, som dei hevdar inneheld stammegravstader.

Høvding Nowedonah, bror av høvding Wyandanch frå montaukettstammen förhandla ein avtale med engelske kolonisatorar i 1641. Denna avtalen innebar overføring av åtte engelske kvadratmil land i bytte for “sixteen coates and sixty bushels of corn”. Kjernen i rettssaka er ein avtale frå 1703 mellom Southampton og stamma om ein tusenårig leigeavtale. Saksøkarane hevdar at ei gruppe av mektige investorar konspirerte for å bryte avtalen i 1859 gjenom å sende ein falsk petisjon frå ei gruppe av shinnecockfolk. Sjølv om andre shinnecockfolk omgåande protesterte og hevda at petisjonen var förfalska, godkjente Legislaturet salet av 14 000 mål.[2]

Shinnecock indianarreservat er eit sjølvstyrt statsreservat under New York med ei presbyteransk kirkje og eit samfunnshus. Reservatet held pow wow kvart år i Labor Day-helga.

I desember 1876 omkom 28 shinnecockmenn da de prøvde å berge eit skip som hadde stranda utaför East Hampton.

Sjå òg

Fotnotar

Pekarar


GNU-logoen Denne artikkelen er heilt eller delvis basert på artikkelen «Shinnecockfolk» frå Nynorsk Wikipedia og kan kopierast, distribuerast og/eller endrast slik det er sett opp i GNU fri dokumentasjonslisens. For ei liste over bidragsytarar til den opprinnelege artikkelen, sjå endringshistorikk knytt til den opprinnelege artikkelen. For ei liste over bidragsytarar til denne versjonen, sjå endringshistorikk knytt til denne sida.