Sherwin Wine

Frå Alnakka.net
Den utskrivbare versjonen er ikkje lenger støtta eller kan ha rendring-feil. Oppdater eventuelle bokmerke i nettlesaren din og bruk den vanlege utskriftsfunksjon til nettlesaren i staden.

Sherwin Wine (19282007) var ein rabbinar som først og fremst var kjent som grunnleggaren av the Society for Humanistic Judaism.

Sherwin T. Wine vart fødd den 25. januar 1928. Han studerte ved University of Michigan og ved det reformjødiske Hebrew Union College, der han vart ordinert som rabbinar. Han grunnla Birmingham Temple — den første humanistisk-jødiske menigheita — i Detroit i 1963.

Han var ein hovudperson i ei lita gruppe av sekulære og ikkje-teistiske jødar som meiner at reint kulturelle uttrykk for jødedom er ein relevant innfallsvinkel til moderne jødisk identitet og at gruppor som står for dette synet bør godtakast på lik linje med teistisk jødedom.

The American Humanist Association utpekte Sherwin T. Wine som «årets humanist» i 2003.

Rabbinar Sherwin T. Wine dødde i ei bilolykke i Marokko laurdag den 21. juli 2007. Partnaren hans, Richard McMains, vart alvorleg skadd i samma olykka.

Pekarar


GNU-logoen This article is based entirely or in part on the article Sherwin Wine from the English Wikipedia. It may be copied, distributed and/or modified according to the conditions of the GNU Free Documentation License.