Segl og rigg

Frå Alnakka.net
Versjonen frå 4. mai 2020 kl. 18:15 av Olve Utne (diskusjon | bidrag) (Utbyting av tekst - «{{vortit}}» til «vorte»)
(skil) ← Eldre versjon | Siste versjonen (skil) | Nyare versjon → (skil)
Seglande kutter.
Foto:Uwe Kils

Segl og rigg er fellesnamn for dei delene av farkostar som gjer at dei kan bruke vind til framdrift. Basiselementa er segl, som er membranar som fangar opp vinden; mastrer, rær og spryd som utgjer grunnramma for segla; og taug, blekker og beslag som held segla på plass og kan brukast til å regulere posisjonar og vinklar for segla. Funn tyder på at segl har vorte bruka på farkostar i alle fall dei siste 6000–7000 åra. Ein faglært handverkar som syr segl blir kalla ein seglmakar.

Materiale

Fil:US Sailing Team2.jpg
Kappsegling for fulle segl.

Det er viktig at segl har låg vekt og er lette å handtere. Materialet lyt ha høg strekk- og krympemotstand og vera faste og tette. Det må ta opp minst mulig vatn og overflata må vara glatt.

Opprinneleg var seglduk laga av ull, brennesle, hamp eller lin. Midt på 1800-talet kom segl av bomull i bruk. Hundre år seinare dukka dei første kunstfibra opp — først i form av polyester.

Fordelene med linsegla var at de var faste når dei vart våte av sjøsprøyt eller regn. Men bomullssegla var lettare og heldt betre på forma. Dei gjorde det muleg å gå høgare opp mot vinden og komma fortare fram. Bomullssegl vart først bruka i Europa på kappseglingsskonnerten SS «Amerika» i 1851.

På veteranskip og kopiar av eldre båttypar blir det framleis bruka segl i lin og bomull.

Råsegl og sneisegl

Råsegl og sneisegl er to hovudtypar av segl. Råsegl er normalt stilt tverrskips, mens sneilsegl står langskips. Råseglet er kjent frå vikingskip. Ettersom råsegl verkar dårlig i motvind, vart det etterkvart utvikla alternative segltypar.

Frå råsegl har utviklinga gått via latinarsegl, sprisegl og gaffelsegl til dagens segl, som på dei fleste moderne båtane blir utforma og kombinert på ein måte kalla bermudarigg.

Seglutviklinga har dei seinaste åra dreidd seg dels om utvikling av materiale, blant anna kevlar og mylar, og dels om utvikling av datasystem for konstruksjon og produksjon av segl som gjev maksimal effekt.

Samansetting av segl

Kombinasjonen av mastrer og segltypar som er valte for ein båt blir kalla rigg. Seglskip blir ofte namngjevne etter utforminga av riggen, for eksempel fullriggar, brigg, bark, skonnert og slupp.

Bermudariggen som er dominerande på lystbåtar og kappseglingsbåtar har to karakteristiske segl, begge kileforma. Det er storsegl og fokk. To av sidone på storseglet, masteliket og bomliket, er festa til mastra og bommen. Den tredje sida, akterliket, blir halden oppe i ein svak boge med hjelp av smale spilor som ligg i spileposar. Forseglet til denne riggen blir kalla fokk. Dette seglet kan vara laga i ymse størrelsar, tilpassa varierande vindforhold. Den minste varianten blir kalla stormfokk, så kjem kryssarfokk (mindre eller normal) og genoafokk (stor).

Andre farkostar med segl

Fil:Quend 11 char a voile.jpg
Strandsegling med hjul.

Segl blir òg bruka på seglbrett (windsurfer), på farkostar med meiar som blir bruka til issegling, med ski til snøsegling, og med hjul til segling på land.


GNU-logoen Denne artikkelen er heilt eller delvis basert på artikkelen «Segl» frå Nynorsk Wikipedia og kan kopierast, distribuerast og/eller endrast slik det er sett opp i GNU fri dokumentasjonslisens. For ei liste over bidragsytarar til den opprinnelege artikkelen, sjå endringshistorikk knytt til den opprinnelege artikkelen. For ei liste over bidragsytarar til denne versjonen, sjå endringshistorikk knytt til denne sida.