Sefiràt hangómer

Frå Alnakka.net
Den utskrivbare versjonen er ikkje lenger støtta eller kan ha rendring-feil. Oppdater eventuelle bokmerke i nettlesaren din og bruk den vanlege utskriftsfunksjon til nettlesaren i staden.

Sefiràt hangómer (hebr. סְפִירַת עֽוֹמֶר) eller ngomerteljing er namnet på dagsteljinga i perioden frå andre dagen av pesaḥ (jødisk påske) til sjabungót (vekkofesten, jødisk pinse).

«Sefirá» tyder ‘rekning’ eller ‘teljing’, og ngómer tyder ‘kornband’. Ordrett tyder sefiràt hangómer altså «kornband-teljinga».

Frå gammelt av var ngomertelinga forbunde med den første bygghausten: På kvar dag av dei 49 dagane (sju vekkone) mellom 2. dagen av pesaḥ og sjabungót som utgjer ngómeren bar ein fram eit kornband til altaret i Tempelet som eit grødeoffer — men sidan Tempelet fall har denna perioden vore rekna som ei sørgjetid. Det er restriksjonar på kva dagar ein kan halde bryllaup (olikt mellom de olike gruppone), ein unngår hårklipp/barbering, musikk og festlegheiter.

Pesaḥ sjení

Den som ikkje hadde noko mulegheit til å halde pesaḥ på rett tid, får faktisk ein ny sjanse ein månad seinare, på den 14. ijjár. I séfer Bammidbár (4. mos.) står det:

וידבר ה׳ אל־משה לאמר׃ דבר אל־בני ישראל לאמר איש איש כי־יהיה טמא לנפש או בדרך רחקה לכם או לדרתיכם ועשה פסח לה׳׃ בחדש השני בארבעה עשר יום בין הערבים יעשו אתו על־מצות ומררים יאכלהו׃

“Og ADONÁI tala ått Mosjé og sa: Tal ått Israelsborna og sei: Om nånn mann skulle vara orein av ein avliden sjel eller på fjerne vegar, utur dokker eller utur ættledda dokkers, så skal han enda halde pesaḥ for Adonái, i andre månaden, på fjortande dagen, skal dei halde ho; med maṣṣót (osyra brød) og bitre urter skal dei eta ho.” (Bammidbár (4. mos.) 9:9–11)

Denna dagen blir kalla pesaḥ sjení (hebr. פֶּסַח שֵׁנִי). Tradisjonen om pesaḥ sjení er lite bruka i dag, men nokre markerer dagen med å eta ein bit maṣṣá.

Lag langómer

Den 33. dagen av ngómer blir kalla lag langómer (hebr. לג לָעֽוֹמֶר. (Asjkenazím seier oftast «lag b‘ómer».) Ordet «lag» kjem av den hebraiske notasjonen av talet 33 (Lamed-Gimel). På denna dagen er både sefardím og asjkenazím einige om at ein ikkje treng å sørgje, og det er vanleg å halde bryllaup. Opphavet til lag langómer er osikkert — nokre sett det i samband med mystikaren rebbí Sjimngón bar Yoḥái, som etter legenda dødde på 18. ijjár (lag langómer), og som skal ha bede studentane sine om å feire naḥaláen hans (årsdag for dødsdagen hans — asjk.: jórtsait) med glede i staden for å sørgje. Andre sett lag langómer i samband med pesten som herja blant studentane til rebbí Ngakibá, og som seiest å ha stoppa denna dagen.

Sjå òg