Sefer Joná

Frå Alnakka.net
Versjonen frå 5. mai 2020 kl. 13:12 av Olve Utne (diskusjon | bidrag) (Utbyting av tekst - « hade » til « hadde »)
(skil) ← Eldre versjon | Siste versjonen (skil) | Nyare versjon → (skil)

Sefer Joná (Jonas bok) blir tradisjonelt lesen som haftará (profetavsnitt etter torálesinga) på (jom) kippúr.

Omsett frå hebraisk av Olve Utne.

Joná 1

1. Og kom ordet ått ADONÁI til Joná ben Amittái for å seie: 2. «Stå opp, gå til Nínevé, den store byen, og kall ut over han; for opp har han stege, vondskapen deras, ått åsynet Mitt.»

3. Så flykta Joná unna mot Tarsjísj, unna åsynet ått ADONÁI: Han steig ner til Jafó, og da han fann eit skip som skulle gå til Tarsjísj, betalte han prisen og gikk ombord for å reise med dem til Tarsjísj, unna åsynet ått ADONÁI. 4. Og ADONÁI let laus ein stor vind til havs, og det reiste seg ein stor storm på havet; og skipet heldt på å gå ner. 5. Og mannskapet vart redd, og kvar mann ropa ått sin elohím, og de kasta ut kvar ei børne som var ombord på skipet for å letne det; og Joná hadde gått ner i nedste skottet av skipet og låg der i djup sømn. 6. Og kom han ått honom, høvedsmannen, og sa med honom: «Kva er det med deg at du kan sova? Stig opp! Kall på din elohím! Kanskje vil elohím komma oss i hug, så vi ikkje omkjemst!»

7. Og de sa, kvar mann til nesten sin: «Kom, lat oss kaste lott og få veta kem si skyld det er at denna vondska er over oss!» Og de kasta lott, og lotten fall på Joná. 8. Og de sa ått honom: «Sei oss, kem si skyld er det at denna vondska kom til oss? Kva er arbeidet ditt, og kvarifrå kjem du? Kva er landet ditt, og Mal:Utor kva folk er du runnen?» 9. Og sa han ått dem: «Ein hebrear er eg; og ADONÁI, Himmelens Elohím fryktar eg — Den som gjorde havet og landjorda.» 10. Og reddest mennene med ei stor redsle, og de sa ått honom: «Kva har du gjort!» For de fikk veta at han flykta frå åsynet ått ADONÁI, for det förtelte han dem. 11. Og de sa ått honom: «Kva skal vi gjera med deg for å stille havet for oss? For havet stormar alt meir!» 12. Han sa ått dem: «Tak meg og kast meg på havet, og havet vil stilne for dokker — for eg veit at for mi skuld kom denna storstormen over dokker.» 13. Og mennene prøvde å ro til lands, men greidde det ikkje; for havet storma alt meir over dem. 14. Og de kalla på ADONÁI og de sa: «Å, ADONÁI! Lat Du oss ikkje omkomma for sjela ått denna mannen, og lat ikkje komma over oss oskyldig blod; for Du, ADONÁI, har da gjort som Du ville!» 15. Og så løfta de opp Joná og kasta han på havet, og det stilna straks. 16. Og reddest mennene med ei stor redsle for ADONÁI; og de ofra eit slaktoffer ått ADONÁI og de lova løfte.

Joná 2

1. Og ADONÁI baud en stor fisk svelgje Joná; og Joná var i buken til fisken i tre dagar og tre netter. 2. Og bad Joná til ADONÁI, sin Elohím, frå fiskebuken.

3. Og han sa: «Eg kalla i nøda mi til ADONÁI, og Han svara meg; frå vomma ått Sjeól skreik eg — du haurde stemmen mi. 4. Og Du kasta meg i djupet, i havsens hjarta, straumen var kring meg; alle bårone Dine og bølgjone Dine skylte over meg. 5. Og eg sa [med meg sjølv]: ‘Bort er eg støytt frå augone Dine; aldri igjen skal eg få sjå Din helige Hekhál.’ 6. Vatna truga sjela mi, avgrunnen omgav meg; tang var tvinna kring haudet mitt. 7. Til bergsens rot sokk eg ner, til jordas hengslor, til ævas grunn; og løfta du derifrå livet mitt, ADONÁI, min Elohím. 8. Da sjela mi sjukna i meg kom eg ADONÁI i hug; og gikk ho ått Deg, bøna mi, til Din helige Hekhál. 9. De som driv med tomheitsgjøgl let godskapen fara; 10. og eg med takkseiingstonar vil ofre til Deg og betala lovnadane mine; — berginga er med ADONÁI.

11. Og tala ADONÁI ått fisken; og han spydde Joná ut på törre landjorda.

Joná 3

Joná talar for soning i Nínevé.

1. Og kom ordet ått ADONÁI til Joná ein andre gong og sa: 2. «Reis deg opp! Gå til Nínevé, den store byen; og kall ut over han det som eg seier til deg!» 3. Og reiste Joná seg opp og gikk til Nínevé etter ordet ått ADONÁI; og Nínevé var ein stor by for Elohím — tre dagsreisor stor. 4. Og da Joná hadde gått inn i byen den første dagsreisa; kalla han ut og sa: «Enda førti dagar, og Nínevé skal falle i grus!»

5. Og [da] trudde folket i Nínevé på Elohím, og de kalla ut ei faste og kledde seg i sekk, frå de store til de småe. 6. og ordet nådde kongen av} Nínevé, og han reiste seg opp frå trona si, tok av seg kappa, kledde seg i sekk og sette seg i sanda. 7. og han let rope ut og seie i Nínevé: «Kongen og stormennene hans gjer vitterlig: Folk og fe — storfe og småfe — må ikkje nyte noko, må ikkje beite, og må ikkje drikke vatn; 8. og kle seg i sekk skal folk og fe, og [de skal] kalle til Elohím — eit skrik! Og vende seg om skal mannen frå vegen sin av ondskap og frå hatet som heng ved henderne deras. 9. Kem veit — vende Seg om og angre Seg vil [kanskje] Elohím; og halde att gloa av vilska Si, så vi ikkje omkjemst.» 10. Og såg Elohím kva de gjorde, kossen de vendte seg bort frå vegane av ondskap; og angra Elohím på det onde som Han hadde sagt Han ville gjera mot dem; og Han gjorde det ikkje.

Joná 4

1. Og Joná tok det kjøleg ondt opp, og han vart galen. 2. Og han bad til ADONÁI og sa: «Å, ADONÁI! Var ikkje detta ordet mitt da eg enno var i landet mitt? Derfor ville eg først flykte til Tarsjísj; for eg visste at Du er ‘ein Él som er nådig og miskunnsam, langmodig til sinne og rik på godheit’ og som angrar det onde. 3. Og no, ADONÁI, tak da sjela mi frå meg, for betre er dauden min enn livet mitt!» 4. Og sa ADONÁI: «Er det rettvist at du er galen?»

5. Og fór Joná utur byen og sette seg til austaför byen; og han gjorde seg der ei kåte [lauvhytte] og sette seg under ho, i skuggen, til han kunne sjå kossen det ville gå med byen. 6. Og baud så ADONÁI-Elohím ein oljeplante å vekse opp over Joná for å vara til skygge for haudet hans, for å skygge for omotet hans; og gledde seg gjorde Joná over oljeplanten — ei stor glede. 7. Og baud Elohím ein orm i gryotta å stikke oljeplanten, og han visna. 8. Og ved soloppgang baud Elohím ein gloande austavind komma, og stakk ho, sola, haudet hans Joná og han vart omotug; og han bad sjela si døy og sa: «Betre er dauden min enn livet mitt!»

9. Og sa så Elohím til Joná: «Er det rettvist at du er galen for oljeplanten?» Og [Joná] sa: «Med rette er eg galen til døds!» 10. Og sa ADONÁI: «Du har medkjensle med oljeplanten som du ikkje har strevd med og ikkje oppole; som på éi natt vart til og på éi natt strauk med; — 11. Og Eg skulle ikkje ha medkjensle med Nínevé — storbyen; som har i seg meir enn tolv myriadar menneske som ikkje veit skilnad på høgre og venstre — og mykje fe òg?

Pekarar


Tenákh

Torá
(Loven eller
Mosebøkerne)

  1. Beresjít (Genesis, 1. mosebok)
    Beresjít (1:1—6:8) · Nóaḥ (6:9—11:32) · Lekh lekhá (12:1—17:27) · Vajjéra (18:1—22:24) · Ḥajjé Sará (23:1—25:18) · Toledót (25:19—28:9) · Vajjeṣé (28:10—32:3) · Vajjisjláḥ (32:4—36:43) · Vajjésjeb (37:1—40:23) · Mikkéṣ (41:1—44:17) · Vajjiggásj (44:18—47:27) · Vajḥí (47:28—50:26)
  2. Sjemót (Exodus, 2. mosebok)
    Sjemót (1:1—6:1) · Vaerá (6:2—9:35) · Bo (10:1—13:16) · Besjalláḥ (13:17—17:16) · Jitró (18:1—20:26) · Misjpatím (21:1—24:18) · Terumá (25:1—27:19) · Teṣavvé (27:20—30:10) · Tissá (30:11—34:35) · Vajjak’hél (35:1—38:20) · Pekudé (38:21—40:38)
  3. Vajjikrá (Leviticus, 3. mosebok)
    Vajjikrá (1:1—5:26) · Ṣáv (6:1—8:36) · Sjeminí (9:1—11:47) · Tazríang (12:1—13:59) · Meṣoráng (14:1—15:33) · Aḥaré mót (16:1—18:30) · Kedosjím (19:1—20:27) · Emór (21:1—24:23) · Behár (25:1—26:2) · Beḥukkotái (26:3—27:34)
  4. Bammidbár (Numeri, 4. mosebok)
    Bemidbár (1:1—4:20) · Nasó (4:21—7:89) · Behangalotekhá (8:1—12:16) · Sjelaḥ-lekhá (13:1—15:41) · Kóraḥ (16:1—18:32) · Ḥukkàt (19:1—22:1) · Balák (22:2—25:9) · Pineḥás (25:10—30:1) · Mattót (30:2—32:42) · Mas’ngé (33:1—37:13)
  5. Debarím (Deuteronomium, 5. mosebok)
    Debarím (1:1—3:22) · Váet’ḥannán (3:23—7:11) · Ngékeb (7:12—11:25) · Reé (11:26—16:17) · Sjofetím (16:18—21:9) · Teṣé (21:10—25:19) · Tabó (26:1—29:8) · Niṣṣabím (29:9—30:20) · Vajjélekh (31:1—31:30) · Haazínu (32:1—32:52) · Vezót habberakhá (33:1—34:12)

Nebiím
(Profetane)

Ketubím
(Skriftene)

(sjå òg Dei apokryfe skriftene)