Saupsuppe

Frå Alnakka.net
Den utskrivbare versjonen er ikkje lenger støtta eller kan ha rendring-feil. Oppdater eventuelle bokmerke i nettlesaren din og bruk den vanlege utskriftsfunksjon til nettlesaren i staden.

Saupsuppe eller kjernemjølkssuppe er ei skandinavisk suppe med saup (kjernemjølk) som basis.

Oppskrifter

etter Anna B. Gimnes, f. Halle (1906–1992).

Ingrediensar

12,5 dl saup 
 7,5 dl skumma mjølk 
 1   dl ris- eller kveitemjøl 
 1   dl farin (sukker) 
 1   ts vaniljesukker 
 2   dl kremfløyte 

Framgangsmåte

Ein lagar jamning i gryta av mjøl og mjølk. Set det over varmen, og vispar godt til det kokar opp. Let det så koke 10 min., og har i vaniljesukker. Kremfløyten vispar ein stiv og har han i med samma suppa skal serverast