Sauemerke
|
Frå gamle tider har sauemerke, òg kalla krøttermerke, som viser kem som eig sauene vore skorne inn i sauørone — på samma viset som reinmerke i reindrifta. Sauemerka har først og fremst vore knyta til gardsbruka med eigarane sine, og merka har oftast gått i arv. Desse sauemerka har gjerne vorte registrert i handskrevne eller trykte merkebøker.
Seinare vart sauene identifisert med påskrift på halsklavan i tillegg til dei tradisjonelle saumerka, og frå 1930-åra har aluminiums-øreklips vorte vanleg i staden for halsklavamerkinga. Plast-øreklips tok gradvis over for aluminiumsmerka i løpet av 1980-åra, og frå den tida har dei gamle øremerka gått meir og meir utur bruk. Sidan 2010 har elektroniske øremerke vore påbode anna enn i lam som skal slaktast före dei er 12 månader gamle og som ikkje skal eksporterast til nokko EU- eller EØS-land.
Tradisjonelle saumerke
Merkebøker
Sauemerka vart gjerne ført i handskrevne merkebøker som dekte alle sauebrukarane i eit visst område. I den tidlegare Tustna kommune var det såleis ei merkebok som dekte sjølve Tustna-øya, der det var vanleg å ha felles sauleiting medan det enno fanst sauer på dei fleste gardane. I merkebøkerne var ørone vist bakfrå, skråstilt opp og ut frå eit stilisert sauhaud. Det var gjerne tekna ull på haudet for å gjera det tydeligare at ein såg sauen attafrå. Kvart merke var forsynt med namnet på brukaren som eigde sauemerket. Når sauene og merka vart overført til ny brukar, vart det nye namnet innført og det gamle overMal:Strokit. Somme stader vart merkebøkerne ikkje berre avskrevne, men endatil trykt og distribuert år om anna.
Klavamerke
1935: Aluminiumsklips
Gula Tidend 1935, nr. 105, 5, 3: |