Sauehald

Frå Alnakka.net
Sauer på fjellbeite på Runde i Herøy kommune på Sunnmør.
Foto:Arancia

Sauehald er ei undergrein av husdyrbruk. Sauen er truleg eitt av dei eldste husdyra, og i Norge veit vi at det har vore dreve med sauer i alle fall sidan bronsealderen. Sauen er, som geita, god å ta seg fram i ovegsamt landskap og utnyttar utmarksbeite i skog, hei og fjell godt. Saubeite i fjordane og utover øyane på kysten har vore ein hovudgrunn til at kulturlandskapstypen lynghei har vorte så utbreidd langs norskekysten og dei nordlige delene av Dei britiske øyane.

Saubruk med eit moderat tal dyr er relativt lite arbeidsintensivt utom dei få vekkone lamminga står på. Derför har sauhald som attåtnæring vore vanleg i svært lang tid. I tidlegare tider var det særlig kystfiske og olike typar handverk, inkludert båtbygging, som vart kombinert med saubruk. Utover 1900-talet har det i tillegg vorte svært vanleg å kombinere saudrift med arbeid i industri eller tjenestenæring.

Produkt frå sauhald inkluderer fårekjøtt, ull, mjølk og meieriprodukt,

Utfordringar i sauhaldet inkluderer rovdyr (inkludert bjønn, ulv og rev; og truleg havørn òg, men det spørsmålet er kontroversielt); sjukdommar (inkludert alveld, skrapesjuke og mædi); gardsbruksslakting (småe bruk som eignar seg til deltidsbruk blir lagt som tilleggsjord til nabobruk og bygningane selt til fritidsbustader); fororeinsning (inkludert radioaktive utslepp); o.a.

Beite og fôring

Miljø og helse

Mjølkerelaterte sjukdommar

Lammesjukdommar

Sjukdommen alveld rammar ein del lam. Romeplanta er mistenkt for å vara årsaka til (eller éi av årsakerne til) alveld, men samenhengen er framleis ikkje heilt sikker. Pulpanyresjuke eller enterotoksemi er ein bakteriesjukdom som går til åtak på tarmen — særlig i samband med unge lam som har förete seg. Ein kan vaksinere mot pulpanyresjuke, men sjukdommen har svært dårlig prognose når han først bryt ut.

Parasittar

Parasittar som kan gjera sauene sjuke inkluderer utvendige parasittar som lus og påtar (flått, skogbjønn) og innvendige parasittar som lungeorm, rundorm og bendelorm. Eincella parasittar inkluderer toksoplasmose.

Mangelsjukdommar

B₁-vitaminmangel kan føre til hjerneborksår, som kan behandlast av ein veterinær.

Produksjon

Formeiring

Mjølking

Klypping

Slakting

Al

Saurasar

Fotnotar

Kjeldor