Sau

Frå Alnakka.net
«Sau» i ordlista
ein sau, sauen (dativ ått di saua); fleire sauer, alle sauene (dativ ått all(om) dei sauom)
Sau

Sauer på Runde.
Sauer på Runde.

Systematikk
Domene: Eukaryota
Rike: Animalia
Rekkje: Chordata
Klasse: Mammalia
Orden: Artiodactyla
Familie: Bovidae
Underfamilie: Caprinae
Slekt: Ovis
Art: aries
Vitskaplig namn
Ovis aries

Ein sau (Ovis aries; nyn./bm. sau; sv. söd), òg kalla blant anna smale og får (nyn./bm./sv./da.), er eit jortande (drøvtyggjande) dyr av saufamilien. Sauen er eitt av dei vanlegaste husdyra og blir framolen for kjøtt og ull. Hosauen blir kalla sau eller søye, hannsauen bekre eller vêr, ungen lam og eittåringen årslam, tikslam eller gimber. Ein frisk sau kan bli 8-12 år gammel, men blir normalt slakta tidlegare.

Historie

Sauen var eitt av dei første dyra som vart domestisert, truleg i Midtausten for kring 10 000 år sidan. Det er fleire teoriar om kossen prosessen gikk for seg, men den dominerande teorien er at den asiatiske muflonen, som no finst i fjellstrøka i Tyrkia og sør i Iran, er hovudstammora. Den nærslekta muflonen som finst på Sardinia og Korsika er truleg òg blant stammødrene.

Sauen har frå først av vore eitt av dei viktigaste husdyra i ei rekkje olike kulturar. I egyptisk mytologi var bekren eit symbol for Heryshaf, og i Iran er det funne ein statuett som tyder på at dei ol fram ullgode sauer alt för 6 000 år sidan. Sauen er òg inkludert både i den vestlege og den kinesiske dyrekretsen (stjernetekn).

I moderne tid har ei rekkje olike saurasar vorte framolne, spesielt med tanke på ull- og kjøttproduksjonen. I Australia og på New Zealand er dei svært talsterke i forhold til folketalet; det er tolv gonger så mange sauer som menneske på New Zealand.

Etymologi

Ordet sau (eldre saud) kjem frå norrønt sauðr og heng ihop med verbet å saude/syde, det vil seie ‘å koke’.

Sauer i jødedommen

Torá

Talmúd

Skildring

Anatomi

Åtferd

«Dum som ein sau»

Det er ein godt innarbeidd myte at sauen er spesielt ointelligent — ein myte som truleg heng ihop med at sauen ser ut til å ha ein ikkjehierarkisk flokkmentalitet. Myten kjem til uttrykk i talemåtar som «dum som ein sau» og «å følgje bjøllesauen (utfor stupet)». Ting som talar mot denne myten er blant anna at sauene er i stand til å kjenne att ansiktstrekka til i alle fall 50 andre sauer over ein toårsperiode, og at enkelte individ er flinke til å laga hol i gjerde eller på anna vis overkomma dei hindra menneska sett opp. Sauene er òg i stand til å kjenne att slektningar og kan halde særskilte venskap innafor flokken. Dei har individuelle karaktertrekk òg; for eksempel er nån sauer veldig pågåande og nån klarar seg fint utom flokken. Det finst ei viss dekning for å påstå at ein gjenom domestikasjonen har luka ut smartare sauer, sidan dei meir individualistiske sauene ofte blir sétt på som problemdyr.

Flokkar

Det er ingen tvil om at sauen har ein tendens til å samle seg i flokkar, men sauen er ikkje fullstendig avhengig av ein større flokk. Det hender at flokken deler seg opp i mindre gruppor — som ein einsleg sau med lam og kanskje éin eller fleire vaksne etterkommarar; eit par bekrar som står kvarandre nær (bifili er ikkje ovanleg), ein flokk årslam og gjeldsauer (sauer utan lam), ein flokk leidd av ein spesiell sau (for eksempel ein halvspæl mellom dalasauer) eller eit par nærslekta eller ikkje fullt så nærslekta sauer.

Al

Gjenom al prøver ein å forbetre ei rekkje av eigenskapane ått sauen. Av kommersielle grunnar blir desse trekka prioritert:

  • fruktbarheita (helst to lam om hausten)
  • tilvekstevne som lam (høg tilvekst første fire-fem månadene)
  • slaktekvalitet hos lam (høg kjøttfylde og relativt lite feitt)
  • «morseigenskapar» (uttrykt ved lammetilvekst og problemfri lamming)
  • ullmengd
  • ullkvalitet
  • eksteriør (kroppsbygning som passar til utmarksbeita; sterke bein og godt jurstell)

Andre eigenskapar som verkar inn er

  • åtferd (lamdreparar blir utluka)

I alen blir det bruka få bekrar, så det er viktig at dei ein brukar er spesielt gode. Derfor blir det lagt stor vekt på bekreal, og mange plassar finst det eit system med kåring, bekreringar og bekreindeksar.

Saurasar

Meir enn 200 saurasar er kjent. Blant saurasane som finst i Norge kan nemnast gammelnorsk spælsau, grå trøndersau, dalasau, rygjasau, spælsau, sjeviot, svartfjes, norsk pelssau, texel, steigarsau og finsk landrase. I tillegg kjem rasevarietetar; i Norge blir dei fleste sauene kategorisert som norsk kvit sau.

Produkt

Hovudprodukta i Norge er kjøtt og ull. Andre produkt inkluderer mjølk, skinn, tarmar og ullfeitt (lanolin).

Verdivurdering

Verdien av eit lammeslakt blir avgjort av slaktevekta og slaktekvaliteten (muskelfylde, feitheitsgrad, feittfordeling og feittfarge). Om lammet oppfyller eit sett spesielle kriterium, så blir det kalla stjernelam, noko} som gjev eit ekstra pristillegg for produsenten.

Ullverdien blir avgjort av vekta, typen (crossbreed, spæl, pels) og kvaliteten (farge, vegetabilmengd, filting ...).

Matvaror

Saukjøttet blir bruka i matvaror som fårepølse, pinnekjøtt, lammelår og fårikål. Det er spesielt lammekjøttet som blir rekna som attraktivt.

Pekarar

Skandinavia

  • Norsk sau og geit (Norge) – «... en faglig organisasjon for sau- og geiteholdere i landet. [...] Hovedoppgaven til Norsk sau- og geitalslag er å arbeide for et rasjonelt og lønnsomt sau- og geitehold, stimulere til samarbeid i produksjon og omsetning, arbeide for større bruk av norske småfeprodukt og fremme småfeholdet i samsvar med de naturgitte vilkårene i landet og med markedet for produkta.»
  • VillsauWeb (Stor-Langøy) – heimesida ått Store-Langøy Villsaulag har bl.a. eit fint bildegalleri.
  • Småfe (Sau og geit - Matportalen)

Utlandet

  • Breeds of Livestock: Sheep (USA) – “Welcome to the Breeds of Livestock resource presented by the Department of Animal Science at Oklahoma State University. This site is intended as an educational and informational resource on breeds of livestock throughout the world.”


GNU-logoen Denne artikkelen er heilt eller delvis basert på artikkelen «Sau» frå Nynorsk Wikipedia og kan kopierast, distribuerast og/eller endrast slik det er sett opp i GNU fri dokumentasjonslisens. For ei liste over bidragsytarar til den opprinnelege artikkelen, sjå endringshistorikk knytt til den opprinnelege artikkelen. For ei liste over bidragsytarar til denne versjonen, sjå endringshistorikk knytt til denne sida.