Sarōd

Frå Alnakka.net
Versjonen frå 3. mai 2020 kl. 23:40 av Olve Utne (diskusjon | bidrag) (Utbyting av tekst - «{{one}}» til «one»)
(skil) ← Eldre versjon | Siste versjonen (skil) | Nyare versjon → (skil)
Ein sarōd.

Ein sarōd (hindī सरोद, bānglā সরোদ) er eit indisk klimpreinstrument som truleg er utvikla frå senya-rebaben, eit indisk/persisk instrument som vart spela i India fram til 1800-talet. Sarōden er eit lutt-liknande instrument med kropp av eitt emne av indisk mahogny eller teak med gripebrett av stål utan tverrband. Kroppen av instrumentet er trekt med geitskinn, og stolen står i press mellom strengene og geitskinnslokket. Sarōden har fire spelestrenger, seks rytme- og grunntonestrenger og 15 resonansstrenger. Ein klimprar på strengene med ein «djaba» — eit plekter laga av kokosnøtt.

   Video frå YouTube   

Denne videoen er ikkje lokalt lagra, men ligg på nettstaden YouTube, som er juridisk ansvarleg for innhaldet. Om du meiner at denne videoen er eit opphavsrettsbrott, så meld straks frå til YouTube.

This video is not stored locally, but shared from YouTube, who are legally responsible for the contents. If you believe this video to be in violation of your copyright, please notify YouTube immediately.

Rajrupa Sen (f. 1982), elev av prof. Sanjoy Bandopadhyay, framfører rāga Mālkauns, ein rāga som passar for tida kring midnatt. Moinak Banerjee akkompagnerer henne på tāblā.

Sarōd-liknande instrument kan sjåast i utskjeringar frå det første århundret av den vestlige tidsrekninga i Champa-tempelet og på veggmåleri i Ajanta-grottone. Det liknar òg på rababar frå Afghanistan og Kashmir. Sarōden vart endra av Amir Khusru1200-talet. I moderne tid har ustad Ali Akbar Khan innført endringar av instrumentforma for å gjera lydkvaliteten betre.

Kjente sarōdspelarar er Ali Akbar Khan, Sharan Rani og Amjad Ali Khan.

Pekarar


GNU-logoen Denne artikkelen er heilt eller delvis basert på artikkelen «Sarod» frå Nynorsk Wikipedia og kan kopierast, distribuerast og/eller endrast slik det er sett opp i GNU fri dokumentasjonslisens. For ei liste over bidragsytarar til den opprinnelege artikkelen, sjå endringshistorikk knytt til den opprinnelege artikkelen. For ei liste over bidragsytarar til denne versjonen, sjå endringshistorikk knytt til denne sida.