Samuel Jessurun de Mesquita

Frå Alnakka.net

Samuel Jessurun de Mesquita (f. 6. juni 1868 i Amsterdam; d. 1944 i Auschwitz) var ein høgt respektert grafisk kunstnar frå Amsterdam som blant anna var lærar for den kjente kunstnaren M.C. Escher (1898–1972). I åra etter andre verdskrigen, da han og heile familien hans vart myrda av nazistane, vart de Mesquita og kunsten hans meir eller mindre glømt. Takka vere Escher, som rekna honom som både mentor og ven, har namnet hans trass alt vorte hugsa, og kunsten hans er i ferd med å komma fram i lyset att.

Oppvekst og utdaning

Samuel Jessurun de Mesquita vart fødd den 6. juni 1868 som son ått Josua Jessurun de Mesquita og Judith Mendes da Costa i Amsterdam i Nederland. Det portugisarjødiske samfunnet, som i seg sjølv var eit minoritetssamfunn innaføre det jødiske samfunnet i Nederland, var prega av sterkt samhald, men som de fleste av sine samtidige var ikkje Samuel særleg praktiserande. Far hans, som var lærar i hebraisk og klassiske språk på ungdomstrinnet, dødde da Sam eller Sampie, som han vart kalla, var berre fem år gammel. Da han var 14 år, søkte han opptak ved Rijksacademie for å arbeide med kunstinteressa si, men han kom ikkje inn. I skuffelsen over dét skaffa han seg lærlingplass med ein byarkitekt og arbeidde der i to år före han begynte på ein teknisk fagskule for å bli arkitekt sjølv. Han gikk snart over til lærarstudiet, og i 1889 fikk han vitnemål som lærar — og det var i all hovudsak som lærar han kom til å brødfø familien sin.

Kunsten

I de neste åra var det likevel kunsten Samuel først og fremst vigde seg til, og han eksperimenterte med ymse teknikkar og medium. Sjølv om han først og fremst er kjent for tresnitta sine, laga han òg etsingar, litografi, akvarellar og tekningar. Kunsthandverket hans var hovudsakleg konsentrert kring materialdesign. Motiva inkluderer fuglar, eksotiske dyr, plantor og blomstrar, og dessutan fantasifigurar — ofte med humoristisk eller bisarr undertone. Blant de vakraste arbeida hans blir portretta rekna, inkludert sjølvportretta.

Sjoá

Da Nazi-Tyskland invaderte Nederland i mai 1940, vart Samuel, som alt hadde dårleg helse, tvungen til å leva eit tilbaketrekt liv, og han arbeidde hovudsakleg med skissor. Natt til 1. februar i 1944 vart Samuel, kona Betsy Pinedo og den einaste sonen deras, Jaap, arrestert i heimen sin i Watergraafsmeer (no innlemma i Amsterdam) av den nazistiske okkupasjonsmakta. Samuel og Betsy vart deportert til Auschwitz; de kom dit den 11. februar 1944 og vart drepne i gasskammera der, truleg rett etter at de kom dit. Sonen Jaap vart deportert til konsentrasjonsleiren i Theresienstadt, der han dødde den 20. mars 1944. Escher og somme av venene hans Jaap greidde å berge nån av verka som fanst att i heimen ått de Mesquita-familien.

Kjeldor

  • Es, Jonieke van: Samuel Jessurun de Mesquita (1894-1944): tekenaar, graficus, sierkunstenaar. Zwolle : Waanders Uitgevers; Prins Bernhard Cultuurfonds, 2005

Pekarar


GNU-logoen This article is based entirely or in part on the article Samuel Jessurun de Mesquita from the English Wikipedia. It may be copied, distributed and/or modified according to the conditions of the GNU Free Documentation License.