Samenlikning mellom ḥanukká og jul

Frå Alnakka.net

Når vi samenliknar ḥanukká og jul ser vi at både ḥanukká og jul er lyshøgtider som blir feira på den mörkaste tida av året på den nordlige halvkula. Ein feirar dem blant anna med å tenne levande lys, eta mektig mat (særlig søt mat, feit mat og mjølkmat), gje kvarandre gåvor og synge musikk som handlar om høgtida. Men det er nån markante olikheiter òg.

Olikt

Tidspunkt

Jula fell på faste datoar etter solkalenderen (den gregorianske, eller somme plassar den julianske). Juledagen fell dermed allveg på den 25. desember. Ein del plassar, inkludert i Skandinavia, begynner feiringa kvelden före — på julekvelden. Jula varer tradisjonelt i enten tolv eller tjue dagar, men den første dagen eller dei to første dagane blir rekna som heligast.

 

Ḥanukká fell kring nymåne i desember, og tidspunktet kan variere med kring fire vekkor etter solkalenderen. Første dagen av ḥanukká fell på den 25. kislév — som kan vara så tidleg som slutten av november og så seint som slutten av desember etter solkalenderen. Ḥanukká varer allveg i åtte dagar, og alle dagane har samma status.

Bodskap

Julekrybbe i Skåne.
Foto: David Castor

Skandinavisk jul er ei synkretistisk høgtid med vintersolkverv som utgangspunkt — og mange praktiske element — frå norrøn religion. Etter kring 1000 år under kristendommen er det i dag hovudsakleg kristmessa som blir oppfatta som kjerna i julbodskapen, og dei fleste vil no omsette det skandinaviske ordet jul med engelsk Christmas. Det som dermed blir oppfatta som hovudbodskapen er förtelinga om Jesu fødsel.

 

Ḥanukkilje på den sjuande kvelden av ḥanukká.
Foto: «Dogor»

Ḥanukká har òg markante element frå vintersolkverv. Det som blir oppfatta som hovudbodskapen for ḥanukká i dag er likevel förtelinga om frigjeringsopprøret mot religiøs undertrykking og attinnviinga av Tempelet i Jerusalem i år 165 fvt. Det blir særleg lagt vekt på lysunderet kring tenninga av ner tamíd (det evige lyset) i Tempelet.

Symbolikk

Dansk juletre.
Foto: M. Thyssen

Typiske julsymbol inkluderer adventskalender, adventsstjernor, adventslys, adventskransar, kirkjor, kirkjeklokkor, halmbukkar, misteltein, beinved («kristtorn»), jultre, rosor, englar, julnissar (gjerne med hest, reinsdyr eller graut) og griser.

Typiske fargar i samband med julfeiringa er lilla i adventstida og raudt, grønt og gull i sjølve jula.

 

Tenning av ḥanukkiljen.
Foto: Liv Goldstein

Typiske ḥanukkásymbol inkluderer ḥanukkiljar (lysstakar med 8+1 lys), oljetre, oljelampor, davidsstjernor og — særleg i asjkenaziske samenhengar — dreidlech.

Typiske fargar som blir bruka i moderne, kommersialisert ḥanukkáfeiring er blått, sølv og kvitt.

Mat

Typisk skandinavisk julmat inkluderer svineribbe, syltelabbar, svinesteik og andre retter av gris — noko som truleg heng ihop med grisen si rolle som fruktbarheitssymbol i åsatrua. Langs kysten er det likevel vel så vanleg med retter av fårekjøtt (som pinnekjøtt og lammerull) eller fisk (særlig torsk og kveite). Graut i ei eller anna form blir bruka over store deler av Skandinavia — særlig i form av risgraut. Ymse slag julkakor inntek ei sentral rolle òg, og det er vanleg å baka minst sju olike slag.

 

Latkes.

Typisk ḥanukkámat inkluderer frityrbakst (inkludert bimuelos, borecas og latkes) så vel som mjølkmat (inkludert semulepudding).

Svinekjøtt blir sjølvsagt aldri bruka etter de jødiske kosthaldsreglane. I Makkabearbøkene hører vi i tillegg om kossen det jødiske Tempelet i Jerusalem blant anna vart skjenda av den hellensk-syriske okkupasjonsmakta ved at dei ofra griser på altaret der.

Dialog og sameksistens

I familiar og tette nabolag der somme feirar jul og andre ḥanukká, treng ein å finne fram til måtar å støtte og respektere kvarandre på. Dette er nån måtar å få til dette på:

Gåvegjeving

Gåvor til den som feirar jul bør vara klare til julekvelden (24. september), oansett kva tid ḥanukká fell på. Gåvor til den som feirar ḥanukká treng ikkje å vara klare til første kvelden av ḥanukká — men hugs i alle fall at ḥanukká kan begynna så tidleg som i slutten av november i somme år.

Unngå julnissar, jultre, griser, kirkjor, kors, julkrybbor, jesusbarn og andre eintydig kristne referansar både for innhald og innpakking i samband med gåvor til dem som feirar ḥanukká. Gåvor til dem som feirar jul er mindre kompliserte ettersom jødedommen i all hovudsak ikkje er nån misjonerande religion og ettersom svært mange av dei jødiske symbola blir oppfatta som kristne òg av mange kristne. Generelt kan det vanskeleg gå gale om ein gjev gåvor mottakaren faktisk er interessert i og så lenge ein held seg til relativt religionsnøytral innpakking. Relativt trygge motiv i seg sjølv kan inkludere småfuglar og konnband, sny, vinterlandskap, ski- og kjelkescenor (utan nissar til dem som feirar ḥanukká!) o.a.