Sagelv helleristningsfelt

Frå Alnakka.net
Det fremste av dei to reinsdyra på Sagelv helleristningsfelt sett frå motsett side av elva.
Foto:Olve Utne

Sagelv helleristningsfelt er eit helleristningsfelt ved Sagelva i Hamarøy kommune i Nord-Salten. Feltet inneheld to konturframstilte reinsdyr innslipt i naturleg størrelse. Begge desse er rista inn nedom kanten på det bratte svaberget fleire meter over elva. Det finst fleire olike syn på dateringa av feltet — frå så tidleg som ca 7000 fvt. til så seint som 3000–2500 fvt.

Helleristningsfeltet ligg innafor det flekte berget midt i bildet. Det at feltet ligg så vanskeleg til — eit stykke ned på glatt og bratt berg fleire meter over elva — har ført til debatt kring dateringa.
Foto: Olve Utne

Dateringa av Sagelv helleristningsfelt er omdiskutert. Den tidlegaste dateringsmodellen tek utgangspunkt i at steinalderfolket ikkje hadde dei tauga ein treng for å henge nedover berget og riste inn reinsdyra, og at ristningane derfor må stamme frå den tida at havet stod heilt opp hit og ein kunne riste inn direkte frå båt. Med eit havnivå på ca 48 meter over novarande nivå tyder dette på ei datering heilt tilbake til kring 6000 fvt. Denne forklaringa er problematisk av fleire grunnar: Vi veit slett ikkje sikkert at folk i området ikkje hadde taug kring 3000–2500 fvt., og dei kan ha bruka stega på elveisen om vinteren òg. Med den tidkrevande innslipingsteknikken er det dessutan truleg at det vart for vanskeleg å arbeide frå båt med mindre dei hadde gode taug til å halde båten i posisjon — noko som i seg sjølv gjer det einaste oppgjevne argumentet for ei tidlegare datering mindre truleg.

Tromsø Museum oppgjev ei datering føre 5000 fvt.[1], medan Simonsen hevdar at med utgangspunkt i sjølve helleristningane er det truleg at dei vart laga så så seint som kring 3000–2500 fvt.[2]

Fotnotar

  1. “... minst 7000 år gammel” (informasjonsskilt frå Miljøverndepartementet/Tromsø Museum ved helleristningsfeltet)
  2. “... ikke eldre enn fra ca. 3000–2500 f.Kr., som er den arkeologisk rimelige datering.” (Simonsen 1970)

Kjeldor

67.899886° N 15.85874° Ø