Søndag

Frå Alnakka.net
Vekkå
søndag
(1. dag)
måndag
(2. dag)
tisdag
(3. dag)
onsdag
(4. dag,
mekkdag)
torsdag
(5. dag)
fredag
(6. dag)
laurdag
(7. dag,
sjabbát)

Søndag er den første dagen i vekka i den tradisjonelle jødiske så vel som kristne kalenderen. Namnet søndag (norr. sunnudagr) er ei omsetting av lat. Dies Solis — ‘sol-dagen’. Dette namnet heng samen med den gamle astrologiske vekka, der kvar time har namn etter ein av de sju kjente «planetane» (inkludert sola og månen) i antikken, og kvar vekkodag har namn etter den første timen i døgnet sitt. På ein del språk har søndagen namn etter plasseringa først i vekka.

Jødedom

I jødedommen, der søndagen tradisjonelt begynner etter solnedgang på laurdagskvelden, er søndagen den første arbeidsdagen etter kviledagen.

Kristendom

Rollen som første arbeidsdagen etter kviledagen spelar søndagen i nokre få kirkjesamfunn òg — blant anna blant adventistane. I vestlig kristen kultur vart søndagen elles omdefinert til 7. dagen i vekkå ved ei ISO-regulering så seint som i 1973.