Sømn

Frå Alnakka.net
«Sømn» i ordlista
Mal:Ordliste sømn
Sovande sel.

Sømn (norr., Mal:Gsv, sv. sömn, nyn./bm./da. søvn) er den livsviktige, naturlige tilstanden av kroppslig kvile som alle pattedyr og fuglar, så vel som mange andre dyr, erfarer regelmessig og normalt minst ein gong i døgnet. Sømnen er nødvendig for rehabilitering av kropp og sinn, utan at mekanismane heilt er forstått enno.

Fysiologiske endringar, samenlikna med den vakne tilstanden, er blant anna redusert puls, stoffskifte og kroppstemperatur, lukka augor, utvida blodåror og avslappa skjelettmuskulatur. Medvettet er reversibelt nedsett. Den sovande er lite mottakelig for ytre stimuli. Organismar som er frårøva sømn, søv meir og/eller djupare når de får sova seinare. Under sømnen er kroppsposisjonen som regel artsstypisk.

Sovande menneskebarn

Med mennesket er sømnen oppdelt i fleire periodar, kvar av dem på kring 90 minutt, som avløyser kvarandre. Innaför kvar periode finn som regel både REM- og NREM-sømn stad. Augone rører på seg i REM-sømnen (engelsk: rapid eye movement); hjernen er da minst like aktiv som på dagtid og det er under denna fasen at minneverdige draumar finn stad. NREM-sømn (ikkje-REM) blir delt i fire stadium — to lette og to djupe —, men tendensen no er å slå ihop dei to djupe til eitt. Av åtte timar sømn er normalt kring halvparten lett sømn. Sømn er ein fase av døgnrytmen til kroppen, basert på ein syklus på kring 24 timar.

Sjukdommar

Sømnsjukdommar inkluderer sømnapné og narkolepsi.


GNU-logoen Denne artikkelen er heilt eller delvis basert på artikkelen «Søvn» frå Nynorsk Wikipedia og kan kopierast, distribuerast og/eller endrast slik det er sett opp i GNU fri dokumentasjonslisens. For ei liste over bidragsytarar til den opprinnelege artikkelen, sjå endringshistorikk knytt til den opprinnelege artikkelen. For ei liste over bidragsytarar til denne versjonen, sjå endringshistorikk knytt til denne sida.