Sålåsundet

Frå Alnakka.net
Versjonen frå 4. mai 2020 kl. 17:36 av Olve Utne (diskusjon | bidrag)
(skil) ← Eldre versjon | Siste versjonen (skil) | Nyare versjon → (skil)
Sålåsundet sett frå fjøra nedom Dalan under Hals på Tustna. Fjellet til høgre er Innerbergssalen.
Foto:Olve Utne

Sålåsundet (utt.: ["sɔɽɔˌsyɲ.e] NA, ["sɔɽɔˌsyɲ.a] D), òg skreve Soleimsundet, er eit sund som går frå Vinjefjorden i sør til Trondheimsleia i nord mellom øya Tustna og øya Stabblandet i Aure kommuneNordmør. Samma geologiske renna fortsett sørom Vinjefjorden i Skålvikfjorden i Halsa kommune. Sundet finst første gong nemnt med namneforma Solæyiasundi (dativ) i Gunildur Siugurdardotter sitt testamente frå 1342.

Sørenden av Sålåsundet sett frå Geilan (Glomstad) under Storsetra på Tustna. Gardane ved foten av fjellet til venstre (Innerbergssalen) er Innerberg på Stabblandet. (Foto: Olve Utne)