Runor
Frå Alnakka.net
Runor er ein type skrifttekn som var i bruk i germanske område frå urgermansk tid og fram til nyare tid. Historisk sett snakkar vi om to hovudtypar av runor — eldre runor, som var i bruk i heile den urnordiske perioden, og yngre runor, som var i bruk frå overgangen mellom urnordisk og norrøn tid og framover. Runone var inndelt i tre ætter (i yngre runor «fuþąrk : hnias : tbmlʀ»), og kvar ætt hadde namn etter første runa i si ætt. Runone vart rekna å ha magisk kraft.