Rosj hasjaná

Frå Alnakka.net
Versjonen frå 7. mai 2020 kl. 13:31 av Olve Utne (diskusjon | bidrag) (Utbyting av tekst - «{{detta}}» til «dette»)
(skil) ← Eldre versjon | Siste versjonen (skil) | Nyare versjon → (skil)
Den utskrivbare versjonen er ikkje lenger støtta eller kan ha rendring-feil. Oppdater eventuelle bokmerke i nettlesaren din og bruk den vanlege utskriftsfunksjon til nettlesaren i staden.
Bernard Picart: Blåsing i sjofár på rosj hasjaná i Esnogaen i Amsterdam.

Rosj hasjaná er jødisk nyår etter den sivile rabbinske kalenderen og blir feira på første og andre dagen av månaden tisjré — ved nymåne i september eller først i oktober.

Andre former av namnet

Rosh hashana, ros asaná (sp.-p. sefardisk), rosaná (sp.-p. sefardisk), roche hachana (fransk), rosheshone (jiddisch),

Feiring heime

Mat

Mange et rimmoním (granateple) på andre kvelden av rosj hasjaná. (Foto: Olve Utne)

Ein vanleg skikk er at ein et søt mat på rosj hasjaná — dette symboliserer eit ønske om eit godt og søtt år.

Eple med honing: De fleste sefardím og alle asjkenazím et eple med honing (Syria: sukker) på rosj hasjaná. Til dette er det vanleg å seie «Jehí raṣón ...» i mange tradisjonar.

De fleste sefardím (men ikkje portugisarjødar) seier òg Jehí raṣón over dadlar, rimmoním (granateplor), graskar, purre, raudbeter og fiskehovud/smalahovud.

Brød: Mange gruppor brukar runde brød (gjerne spiralforma) for rosj hasjaná. Brøda er òg gjerne søte, f.eks. med rosiner og/eller honing. Hammoṣí: Portugisarjødar har salt på brødet etter hammoṣí (velsigninga av brødet først i måltidet) på rosasaná på same vis som elles i året. Marokkanske sefardím brukar sukker i staden for salt på rosj hasjaná. Osmanske sefardím (Hellas, Tyrkia, Syria (delvis) og Iraq) brukar både sukker og salt. Asjkenazím og enkelte sefardím dyppar brødet i honing (evt. både sukker og honing).

Hovudrett: Sefardím frå Marokko: Søt couscous, lam med svisker og løk. Sefardím frå Hellas: Ofte moussaka på første dag av rosj hasjaná. Sefardím frå Rhodos: «Black Eye»-bønor (rubiya el. fijones). Sefardím frå Iraq: sursøt lammegryte med tomat og raudbeter.