Rekonstruksjonistisk jødedom

Frå Alnakka.net


Jødiske retningar

ortodoks

tradisjonell-egalitær
masorti

rekonstruksjonistisk
progressiv

jødisk fornying
humanistisk
(human-etisk)

Hagbahá (løfting av Toráen) i Congregation Dorshei Emet i Montréal.
Foto:Geneviève Afriat

Rekonstruksjonistisk jødedom (en. Reconstructionist Judaism) er ei retning av rabbinsk jødedom som oppstod i USA1900-talet.

Rekonstruksjonismen definerer jødedommen som «ein religiøs sivilisasjon i stadig utvikling». I den jødiske sivilisasjonen inngår gudstjenestor, musikk, litteratur, kunst, matlaging, sport og dei fleste andre kulturelle uttrykk. I klassisk rekonstruksjonistisk jødedom blir halakhá ikkje rekna som absolutt bindande, men det å leva i tråd med halakhá blir rekna som tilrådelig og prisverdig.

Klassisk rekonstruksjonistisk jødedom skil seg ut frå progressiv jødedom ved at han legg meir vekt på det tradisjonelle ritualet og frå masorti jødedom ved ein meir konsekvent egalitær ideologi og ein teologi som er meir deistisk (Gud som «kosmisk kraft») enn teistisk (Gud som «person»).

Likestilling mellom kjøna blir rekna som veldig viktig i rekonstruksjonistisk jødedom. Ein legg lik vekt på mannlig og kvinnelig deltakelse i gudstjenesta, ein utdanar og tilsett både mannlige og kvinnelige rabbinarar, både kvinnor og menn brukar tallét (bønesjal) og evt. tefillín (bønereimer — mindre vanleg enn tallét blant rekonstruksjonistiske jødar), både kvinnor og menn har ngalijjá og les frå Toráen under gudstjenesta, både kvinnor og menn blir telt i minján, og ein har vanlegvis ikkje meḥiṣṣá (fysisk skilje mellom manns- og kvinnedel av synagogen).

Som ein del av den egalitære ideologien er det òg vanleg å tone ned eller avvise idéen om jødane som det spesifikt utvelte folket.

Den rekonstruksjonistiske jødedommen har sitt historiske opphav i masorti jødedom. I dei siste åra har rekonstruksjonistisk jødedom og den ny-ḥasidiske retninga «Jewish Renewal» tilnærma seg kvarandre i USA og Canada.

Innleiding

Rekonstruksjonistisk jødedom er ei retning av rabbinsk jødedom som er karakterisert ved:

  • Trua på at kvart individ sin personlige integritet generelt er viktigare enn halakhá (tradisjonelle jødiske lovar) og minhág (tradisjonelle skikkar), samtidig som det er tilrådd at kvar person sine religiøse praksis förheld seg til tradisjonar og godteken gruppepraksis. Dét fører generelt til større grad av tradisjonell religiøs praksis blant rekonstruksjonistiske jødar enn blant progressive jødar elles.
  • Ei positiv haldning til moderne kultur.
  • Trua at både tradisjonelle rabbinske studiemåtar og moderne forsking og tekstkritikk er gyldige måtar å lære om og frå jødiske religiøse tekster.
  • Ein ikkje-fundamentalistisk måte å undervise jødiske trusprinsipp på kombinert med synet at ingen jøde treng å godta alle — eller noko som helst — trusprinsipp.
  • Avvisinga av synet på jødane som det utvelte, eller til og med som eitt utvelt, folk.
  • Avvisinga av mirakel og eit gudssyn som er meir deistisk enn teistisk.

Opphav

Rekonstruksjonismen vart utvikla av de amerikanske konservative rabbinarane Mordecai Kaplan (18811983) og Ira Eisenstein som ei radikal fløy av konservativ jødedom i løpet av perioden frå slutten av 1920-åra til 1940-åra. Rørsla vart ei ny hovudretning av jødedommen i og med grunnlegginga av Reconstructionist Rabbinical College i Philadelphia i Pennsylvania i 1968.

Teologi

Mordecai Kaplan meinte at dei nye funna i filosofi, vitskap og historie ville gjera det omulig for moderne jødar å halde på mange av dei tradisjonelle teologiske standpunkta. Kaplans naturalistiske teologi har blant anna vorte sett som ein variant av filosofien ått John Dewey. Dewey sin naturalisme kombinerte ateistiske trusprinsipp med religiøs terminologi for å konstruere ein religiøst sett tilfredsstillande filosofi for dem som hadde mist trua på tradisjonell religion.

I samsvar med somme klassiske jødiske tenkjarar i mellomalderen, inkludert Mosjé ben Maimón (Maimonides), bekrefta Kaplan trua at Gud ikkje er personlig og at alle antropomorfiske skildringar av Gud i beste fall er ofullkomne metaforar. Kaplan sin teologi gikk enda vidare og hevda at Gud er summen av alle naturlige prosessar som let mennesket fylle si særlige rolle. Kaplan skreiv at «å tru på Gud betyder å ta for gjeve at det er lagnaden ått menneskja å rise over råskapen og å utrydde alle former for vald og utbytting frå menneskesamfunnet». Merk at ikkje alle skriftene etter Kaplan er konsistente på dét punktet; synet hans utvikla seg ein del gjenom åra, og ved nøya lesing skil to kjennspake teologiar seg ut:

Det synet som populært sett oftast blir sett i samband med Kaplan er ein streng naturalisme à la Dewey — som har vorte kritisert for å bruke religiøs terminologi som kamuflasje for ein ikkje-teistisk, eller til og med ateistisk, ståstad. David Ray Griffin og Louis Jacobs har kritisert omdefineringa av omgrepa ‘openberring’ og ‘Gud’ innaför rekonstruksjonismen som intellektuelt oærlig og som ei form for «konvertering gjenom definisjon». De hevdar at desse omdefineringane tek ikkje-teistisk tru og tillegg henne teistiske omgrep. Liknande kritikk har òg vorte framsett av rabbinarane Neil Gilman (Sacred Fragments, s. 200), Milton Steinberg (Simon Noveck: Milton Steinberg : portrait of a rabbi. Ktav, 1978, s. 259f.) og Michael Samuels (The Lord is My Shepherd: The Theology of a Caring God. 1996.).

Men den andre kjennspake lina i skriftene ått Kaplan viser at han i alle fall til tider trudde at Gud har ontologisk eksistens — ein faktisk og absolutt eksistens oavhengig av menneskelig tru. I denna andre teologiske lina avviser Kaplan stadig dei klassiske formene av teisme og all tru på underverk, men held seg til ein ståstad som på ein del måtar er nyplatonsk.

De fleste rekonstruksjonistiske jødar avviser tradisjonelle former av teisme. Mange er deistar, og eit lite mindretal har eit kabbalistisk gudssyn.

Så å seie alle ortodokse jødar, de fleste konservative jødar og somme reformjødar reknar teologien hans Kaplan for oföreinlig med klassisk jødedom. Ein del medlemmar av den rekonstruksjonistiske rørsla som på andre vis vedkjenner seg Kaplans idéar, nektar å godta teologien hans. I staden står de for eit teistisk gudssyn.

Generelle trusprinsipp

I praksis er Kaplans bøker — særlig The Meaning of God in Modern Jewish Religion og Judaism as a Civilization, de facto prinsipperklæringar for rekonstruksjonismen. I 1986 vedtok the Reconstructionist Rabbinical Association (RRA) og the Federation of Reconstructionist Congregations (FRC) den offisielle Plattforma for rekonstrukjonismen (2 s.). Det er ikkje ei pålagt liste over prinsipp, men heller ein konsensus av novarande tru innaför den rekonstruksjonistiske rørsla. [Sjå FRC Newsletter, september 1986, s. D–E.]

Sentrale punkt i plattforma er:

  • Jødedommen blir sétt på som eit resultat av naturlig menneskelig utvikling.
  • Det finst ikkje noka guddommelig innblanding.
  • Jødedommen blir sett på som ein religiøs sivilisasjon i utvikling.
  • Sionisme og ngalijjá (immigrasjon til Israel) er sétt på som positivt.
  • Rekonstruksjonistisk jødedom er basert på eit demokratisk samfunn der lekfolket kan ta avgjerslor, ikkje berre rabbinarane.
  • Toráen blir ikkje sétt på som inspirert av Gud, men berre som eit resultat av den sosiale og historiske utviklinga av det jødiske folket.
  • Det klassiske, teistiske gudssynet blir avvist. Gud er omdefinert som summen av de naturlege kreftene og prosessane som let menneskja oppnå sjølvrealisering og moralsk framgang.
  • Idéen at Gud velte det jødiske folket for noko formål på noko som helst vis blir sétt på som «moralsk ohaldbart», ettersom kem som helst som har eit slikt syn «impliserer overlegenheita ått det utvelte samfunnet og avvisinga av de andre».

De fleste rekonstruksjonistar trur ikkje på openberring (idéen at Gud på noko slags vis kan openberre viljen Sin ått menneskja). Detta blir avvist som supernaturalisme. Kaplan held i staden på synet at openberring «er å lausrive frå den naturlige samenhengen de elementa av honom som gjev svar på varige postulat i menneskenaturen og å integrere dem i vår eigen ideologi ... resten kan arkeologien ta seg av». [The Meaning of God in Modern Jewish Religion]

Halakhá og minhág

Som i reformjødedommen er hovudsynet i rekonstruksjonistisk jødedom at personlig ståstad er overordna halakhá (jødisk lov) og teologi. Ein krev ikkje at medlemmane held seg til noka særskilt tru, og ein krev heller ikkje at halakhá lyt bli godteken som bindande. Men i motsetning til klassisk reformjødedom meiner ein i rekonstruksjonistisk jødedom at utgangspunktet for kvar person bør vara å halde seg til tradisjonell jødedom med mindre ein har særlige grunnar til å vike frå dét. Hovudskiljet mellom rekonstruksjonistisk jødedom og den tradisjonelle jødedommen er at rekonstruksjonismen kategoriserer halakhá som folkekultur heller enn som lov. De 613 misvót (religiøse bod) har altså vorte omtolka til element av folkekultur som kan godtakast eller settast til sides av kvar menigheit.

Tradisjonelle jødiske praksisar som blir fremma inkluderer bruk av hebraisk i gudstjenesta, torástudium, daglig bøn, bruk av kippót (kalottar), talletót (bønesjal) og tefillín under bøn og feiring av jødiske helgdagar.

Jødisk identitet

Interreligiøse bryllaup

Rekonstruksjonistisk jødedom overlet til kvar enkelt rabbinar å avgjera om han eller ho vil förrette ved bryllaup der berre éi(n) av partane er jødisk — kring halvparten av dei rekonstruksjonistiske rabbinarane vel å gjera det.

Jødisk status som mors- og farsarv

Rekonstruksjonismen godtek både patrilinearitet og matrilinearitet som fullverdig kriterium for jødisk status — det vil seie at born av éin jødisk förelder, oansett kjøn, blir rekna som jødiske om de får ein jødisk oppdragelse.

Rollen ått ikkje-jødar i menigheitene

Rollen ått ikkje-jødar i menigheitslivet er eit emne som er under stadig debatt i rekonstruksjonistiske menigheiter, og praksisen varierer sterkt mellom menigheitene. Dei fleste av dem prøver å finne ein balanse mellom inklusjon og integritet. The Jewish Reconstructionist Federation (JRF) har offentliggjort eit ikkjebindande rundskriv der dei har prøvd å sette opp eit rammeverk for kossen menigheitene kan avgjera politikken sin på dét punktet, og dei har òg sett opp det dei ser på som dei beste alternativa. Men desse spørsmåla blir til sjuande og sist avgjort av den lokale lekfolksledelsen.[1]

Kjønsrollar

Rekonstruksjonistisk jødedom har likestilling som eitt av grunnprinsippa sine og praktiserer i dag full likestilling mellom kjøna. I praksis betyder det at både kvinnor og menn kan bruke tallét (bønesjal) og tefillín (bønereimer); både kvinnor og menn blir telt i minján; både kvinnor og menn kan lesa frå Toráen; både kvinnor og menn kan lede alle gudstjenestor; og både kvinnor og menn kan utdane seg til og arbeide som rabbinarar. Rekonstruksjonistiske menigheiter har normalt ikkje meḥiṣṣá (fysisk skilje mellom manns- og kvinnedeler av synagogerommet), og kvinnor og menn sitt oftast ikkje i spesielle avdelingar inndelt etter kjøn.

Litteratur

Bønebøker

  • Ḥadesh Yameinu = Renew our days : a book of Jewish prayer and meditation. Edited and translated by Rabbi Ronald Aigen. Montreal : Congregation Dorshei Emet, cop. 1996. ISBN 0969692714
  • Kol Haneshamah : songs and grace after meals. Enlarged second edition. Elkins Park, Pennsylvania (The Reconstructionist Press), cop. 1992. ISBN 0935457455
Congregation Dorshei Emet i Montréal i Québec.
Foto: Geneviève Afriat

Kjeldor

  • Rebecca T. Alpert, Rebecca T. & Staub, Jacob J.: Exploring Judaism: A Reconstructionist Approach. The Reconstructionist Press, 1988
  • David Griffin's article in Jewish Theology and Process Thought, Ed. Sandra B. Lubarsky and David Ray Griffin, State University of New York Press, 1996
  • Jacobs, Louis: God, Torah, Israel: Traditionalism Without Fundamentalism. Cincinnati : Hebrew Union College Press, 1990.
  • Kaplan, Mordecai: Judaism As a Civilization , The Jewish Publications Society, 1994
  • Kaplan, Mordecai: The Meaning of God in Modern Jewish Religion, 1962
  • Platform on Reconstructionism, FRC Newsletter, Sept. 1986, pp. D, E
  • «Reconstructionist Judaism» frå English Wikipedia
  • «Rekonstruksjonistisk jødedom» frå Nynorsk Wikipedia

Pekarar

Mikvé Israel–EmanuelCuraçao.
Foto: Mingo Hagen, 2008.

Generelle pekarar

Organisasjonar og institusjonar

Menigheiter

Sefardiske menigheiter

Asjkenaziske menigheiter

Europa
Canada
USA

Fotnotar

  1. R. Edward Feld: «Can Halakha Live?», i The Reconstructionist, v. 59 (1994), b. 2, s. 64–72


GNU-logoen

Denne artikkelen er heilt eller delvis basert på éin eller fleire artiklar frå Wikipedia (sjå kjeldebolken for detaljar) og kan kopierast, distribuerast og/eller endrast i fölgje Creative Commons Attribution ShareAlike 3.0 License, anna enn innhald produsert före 15. juni 2009, som er utgjeve under GNU Free Documentation License.

Creative Commons License
Creative Commons Attribution iconCreative Commons Share Alike icon