Reiphegd

Frå Alnakka.net
Den utskrivbare versjonen er ikkje lenger støtta eller kan ha rendring-feil. Oppdater eventuelle bokmerke i nettlesaren din og bruk den vanlege utskriftsfunksjon til nettlesaren i staden.
Reip med reiphegd.

Ei reiphegd, òg kalla hegd og reipheld, er ei lykkje eller ein ring av tre i eine enden av eit reip eller tau. Sjølve hegda er gjerne tilbøygd av tre og ihopbunden i krysset. Hegda kan brukast til å tre reipet gjenom att for å halde ihop ei reipslegen børd (sjå høybørd), eller ho kan leggast kring eit skaft eller liknande tre for å gyrde fast børda på ei høybåre, ein sleda eller liknande.