Reinost

Frå Alnakka.net
Versjonen frå 10. mai 2020 kl. 02:06 av Bottolf (diskusjon | bidrag) (Utbyting av tekst - «{{skorit}}» til «skore»)
(skil) ← Eldre versjon | Siste versjonen (skil) | Nyare versjon → (skil)
Rein og reindrift
rein • svalbardrein • skogsrein • karibu (grønlandsrein, skogskaribu, pearykaribu) • reinlav • reindrift • sytingsrein • merking • gjelding • kjørerein • pulk • kløv • raide Mjølk: mjølking • ost Kjøtt: slakting Helse og velferd: slubbo Reindrift etter område: Island • Grønland • Nord-Amerika • Skottland • Sørishavet
Lulesamisk skáhppo (reinostform av tre) utstilt i Salten museum i Bodø.
Foto:Olve Utne

Reinost (nyn./bm.; bm./sv. renost; s.sam. bovtsenvuasta; pites. buhttsuvuässtá -st-; lules. boahttsuvuosstá -st-) er ein ost som tradisjonelt er basert på reinmjølk sprengt med det mörke feittet kring tarmane på ferskvassfisken harr (Thymallus thymallus). Osten blir gjerne forma til flatvordne, runde ostar i kring 10–25 cm vide og 3–5 cm djupe ostformer av fletta/sydde rottæger (s.sam. deajvoe, pites. dæjjvo -jv-, lules. dæjvvo -jv-) eller utskore tre (s.sam. skaahpoe, skaahpa; pites./lules. skáhppo -hp-) og tørka. Reinosten blir tradisjonelt blant anna skava tynt og bruka som ost i kaffen. Reinost og reinkjøtt har vore to av dei viktigaste byttemidla frå fjellsamisk side i verdde-systemet med utveksling av varor og tjenestor mellom dem og den fastbuande befolkninga.

I samisk folkemedisin har reinost tradisjonelt vorte bruka til å behandle frostskadar — ein metode som passar godt med moderne medisinsk kunnskap som tilseier at frostskadar helst skal behandlast med feite, oppmjukande salvor og forsiktig oppvarming.[1] I tradisjonell samisk religion var reinost eitt av dei matslaga som kunne pakkast inn i bark og hengast opp i trea kring kåta som offer til sjukdoms- og dødsdemonen Rota for å verne kvinnfolka.

Reinost i stadnamn

Namdalen

Reinostberget er eit lite berg på ein holme i Dåtnejaevrie (Tunnvatnet) i Røyrvik kommune.

Salten

Reinosthellaren ligg oppi lida knapt ein kilometer vestom Tverråvatnet vestom Røkland i Saltdal kommune. I Beiarn kommune ligg Reinostbakken kring 70–100 moh. i lida mellom Nordlandsvika og Nordlandsknubben.

Fotnotar

Pekarar

Digitalt museum