Reindrift ved Sørishavet
Rein og reindrift | |
|
Reindrifta ved Sørishavet kom i gang da ti tamreinar (3 oksar og 7 simlor) vart innkjøpt i Hemsedal i 1911 og utsett av brørne Carl Anton og Lauritz E. Larsen ved Ocean Harbour på Barffhalvøya på nordsida av øya Sør-Georgia. Fem reinar til vart utsett av Christian Salvesen i 1912, men alle etterkommarane etter dei dyra omkom i snyras i 1918. I 1925 vart sju reinar utsett ved Husvik Harbour i Stromness Bay. Dei sistnemnte var basen for busenflokken. Nyare framlagte data tyder på at dyra som vart innført i 1925 kom frå samma kjelda som dyra som vart innført i 1911. Fleire år seinare vart det gjort forsøk på etablering av reinflokkar i Argentina, Chile og Kerguelane. Berre det sistnemnte forsøket, midt i 1950-åra, var vellykka. I 2001 vart 59 reinkalvar frå Sør-Georgia flytta til Falklandsøyane for etablering av reindrift der.
Sør-Georgia
Dei norske kvalfangarane som hadde base på Sør-Georgia ønska å ha tilgang til ferskt kjøtt, og i 1911 kjøpte brørne Carl Anton og Lauritz E. Larsen ti tamreinar (3 oksar og 7 simlor) i Hemsedal i 1911 og sette dem ut ved Ocean Harbour på Barffhalvøya på nordsida av øya Sør-Georgia. Fem reinar til vart utsett av Christian Salvesen i 1912, men alle etterkommarane etter dei dyra omkom i snyras i 1918. I 1925 vart sju reinar utsett ved Husvik Harbour i Stromness Bay. Dei sistnemnte var basen for busenflokken. Nyare framlagte data tyder på at dyra som vart innført i 1925 kom frå samma kjelda som dyra som vart innført i 1911. På grunn av belastninga reinane er for vegetasjonen på Sør-Georgia har det vorte vedteke at begge reinstammane skal bort på sikt. For å bevara arvematerialet vart 59 reinkalvar frå Sør-Georgia flytta til Falklandsøyane i 2001 for etablering av reindrift der.
Argentina
Chile
Kerguelane
Falklandsøyane
Kjeldor
- Bell, Cameron M. & Dieterich, Robert A.: «Translocation of reindeer from South Georgia to the Falkland Islands», i Rangifer 30 (1): 1–9.