Rein

Frå Alnakka.net
Rein og reindrift
rein • svalbardrein • skogsrein • karibu (grønlandsrein, skogskaribu, pearykaribu) • reinlav • reindrift • sytingsrein • merking • gjelding • kjørerein • pulk • kløv • raide Mjølk: mjølking • ost Kjøtt: slakting Helse og velferd: slubbo Reindrift etter område: Island • Grønland • Nord-Amerika • Skottland • Sørishavet
«Rein» i ordlista
ein rein, reinen (dativ ått di reina); fleire reinar, alle reinane (dativ ått all(om) dei reinom)
Rein

Reinsdyr i Kebnekaisedalen.
Reinsdyr i Kebnekaisedalen.

Systematikk
Domene: Eukaryota
Rike: Animalia
Rekkje: Chordata
Klasse: Mammalia
Orden: Artiodactyla
Familie: Cervidae
Underfamilie: Capreolinae
Slekt: Rangifer
Art: tarandus
Vitskaplig namn
Rangifer tarandus

Rein eller reinsdyr (Rangifer tarandus), òg kalla karibu (caribou) i Nord-Amerika, er eit hjortdyr (Cervidae) i ordenen partåa hovdyr (Artiodactyla). Reinen lever i dei nordligaste landområda på jorda og greier seg fint i ekstrem kulde og djup sny. Reinen skil seg frå resten av hjortdyra med at hodyra òg har gevir. Den eurasiske reinen skil seg òg ut med å vara det einaste av hjortdyra som tradisjonelt blir utnytta som husdyr — hovudsakleg blant samar i Skandinavia og Nordvest-Russland så vel som blant fleire urfolk kring Uralfjella og i det nordlige Sibir.

Namn etter kjøn og alder

Vaksne hodyr blir kalla reinku (pl. reinkyr) eller simle (pl. simlor) på norsk.

Vaksne hanndyr blir kalla reinokse (pl. reinoksar) eller reinsbukk (pl. reinsbukkar) på norsk. Mindre bruka variantar inkluderer reinbukk og reinsdyrbukk.

Ungdyre blir kalla reinkalv (pl. reinkalvar) på norsk.

Biologisk klassifisering

Reinen (Rangifer tarandus) er den einaste nolevande arten i slekta Rangifer. I lag med rådyr og elg hører reinen til underfamilien Capreolinae av familien Cervidae (hjortdyr).

Underartar

Grønlandsrein.
Foto: Brian0918

Det er beskreve fleire underartar av arten Rangifer tarandus, men det er osikkert i kva grad dei verkelig kan reknast som eigne underartar. Derfor har ikkje alle vorte medtekne i taksoboksen. Dei osikre underartane er markert med innrykk i lista nedafor. Sju av underartane har breid internasjonal støtte som eigne underartar, men endatil med desse er det osikkerheit kring utbredelsesområdet.

Nord-Amerika/Grønland:

Utbredelseskart for nordamerikansk rein (karibu).

Eurasia:

Svalbardrein.
Foto: «Lomvi», april 2000.

Utsjånad

Reinen er ein art som først og fremst utmerker seg med det store geviret — både blant bukkar og simlor. Det finst fleire underartar som varierer i størrelse og utbredelse. Hovudtendensen er at dei sørlige underartane er fysisk större enn dei nordlige. Karibuen, som det finst fleire underartar av i Nord-Amerika, kan bli opp til 140 cm i skulderhøgd og ha ei total kroppslengd på mellom 150 og 230 cm. Den normale skulderhøgda varierer elles innafor området 82–120 cm. Bukkane veg vanlegvis mellom 70 og 150 kg, medan simlone veg 40–100 kg. Enkelte skogskaribu-bukkar kan like vel vega opp mot 270 kg i ekstreme fall. Halen er gjerne kring 10–15 cm. Hos somme underartar kan bukkane bli dobbelt så store som simlone.

Geviret, som er oppbygd av keratin-molekyl (som naglar, hår/pels, klauvar/hovar og nebb), blir större med åra, og takkane meir talrike. Det blir sagt at om du tel takkane, så veit du kor gammelt dyret er. Dei störste gevira kan bli så overdimensjonerte at dei kan vara opraktiske eller endatil farlige for dyra. Bukkane utviklar dei störste og mest prangande gevira. Både bukkar og simlor feller geviret årlig, men bukkane er først ute. Når brunsten er over, treng ikkje bukken geviret lenger, og han feller det. Dét er praktisk for simla òg: Ettersom ho feller geviret seinare, kan ho bruke det til å halde bukkane unna.

Karibuar på veg over elva Kuugaaluk i det nordlige Québec.
Foto: Lestar Kovac

Pelsen gjev veldig godt vern mot vêr og vind, ettersom kvart hårstrå er innholt og dermed isolerer ekstra godt. Farga varierer frå mörkbrun til nærmast kvit. Farga varierer dessutan mellom underartane, kjøna, områda dyra lever i og årstidene.

Klauvane er store og konkave i forma, noko som gjev dyra god bereevne i djupsny og på våtmarksområde og myrgrunn. Dei store klauvane gjev godt fråspark i vatnet òg, og reinen er ein ypperlig svømmar. Reinen brukar òg klauvane til å skrapa unna sny og is for å nå ned til lav og mose om vinteren.

Når reinen spring, hører vi ein kneppe-lyd. Mange har trudd at lyden kjem frå dei breide klauvane, men dét er ikkje tilfelle. Derimot er det eit senafeste i bakføterne som skaper lyden når festet sklir over eit bein. Ein hypotese er at dette fenomenet har utvikla seg slik for at det skal vara lettare for reinen å fölgje flokken når han flyttar seg i mörkret.

Helse

Feilernæring

Parasittar

Andre sjukdommar og skadar

Reinpest (Pestis tarandi), miltbrann (Anthrax), reinsjuke (rein-pasteurellose), paratuberkulose, brucellose, nekrobasillose, slubbo (smittsom klauvsjuke, fotrote).

Religion og folketru

Jødedom

Reinen er tahór, og om han blir slakta etter reglane for sjeḥitá og tillaga etter reglane for kasjrút er kjøttet kasjér.

Islām

Kristendom

Innaför kristen kultur assosierer mange reinsdyret med julenissen. Den assosiasjonen har opphav i nordamerikansk folkekultur og litteratur. Attributta og vesenet til julenissen vart introdusert og fastlagt i diktet «A Visit from St. Nicholas» (1823), der dei opprinnelige åtte reinsdyra som blir sagt å trekkje sledan ått julenissen vart namngjevne. Seinare vart det niande reinsdyret introdusert i historia Robert L. May: «Rudolph the Red-Nosed Reindeer», som vart skreven i 1939 og presentert i ein song i 1949.

To reinar ved Arvidsjaur i Nord-Sverige.
Foto: Jürgen Howaldt, 2004.

Heraldikk

I Norge finst det seks kommunevåpen med rein: Rendalen kommune i Hedmark fylke; Vågå kommune i Oppland fylke; Eidfjord kommune i Hordaland fylke; Tromsø kommune i Troms fylke; og Porsanger og Vadsø kommunar i Finnmark fylke. Dei einaste kommunevåpena med rein i Sverige er Umeå kommun i Västerbottens län og Arvidsjaurs kommun og Piteå kommun i Norrbottens län, men landskapsvåpenet til Västerbotten og lensvåpenet til Västerbottens län inneheld òg rein. Umeå universitet har tre reinar i logoen sin. I Finland har kommunevåpenet til Kuusamo kunta ein springande rein, medan kommunevåpenet til Inarin kunta inneheld ein laks med gevir.

Pekarar


GNU-logoen Denne artikkelen er heilt eller delvis basert på artikkelen «Reinsdyr» frå Nynorsk Wikipedia og kan kopierast, distribuerast og/eller endrast slik det er sett opp i GNU fri dokumentasjonslisens. For ei liste over bidragsytarar til den opprinnelege artikkelen, sjå endringshistorikk knytt til den opprinnelege artikkelen. For ei liste over bidragsytarar til denne versjonen, sjå endringshistorikk knytt til denne sida.


GNU-logoen Denne artikkelen er heilt eller delvis basert på artikkelen «Rein» frå Bokmålswikipediaen og kan kopierast, distribuerast og/eller endrast slik det er sett opp i GNU fri dokumentasjonslisens. For ei liste over bidragsytarar til den opprinnelige artikkelen, sjå endringshistorikk knytt til den opprinnelige artikkelen. For ei liste over bidragsytarar til denne versjonen, sjå endringshistorikk knytt til den sida.