Ray Frank

Frå Alnakka.net
Rachel («Ray») Frank kring 1897.

Rachel Frank (1861(?)–1948), mest kjent som Ray Frank, var ein jødisk journalist, lærar og religiøs ledar i USA. Ho var ikkje ordinert som rabbinar, men vart ofte invitert til å preke ved jødiske gudstjenestor på vestkysten av USA.

Rachel Frank vart fødd den 10. april 1861 ått föreldra Leah og Bernard Frank, som hadde immigrert til USA frå Polen. Som ung underviste ho i Tenákh og jødisk historie ved sjabbátskulen ved First Hebrew Congregation i Oakland i California, der ho fikk god trening som offentlig talar og opparbeidde seg eit godt ry innaför det jødiske samfunnet i California. Elevane hennar inkluderte Gertrude Stein, som vart ein berømt forfattar, og Judah Leon Magnes, som vart ein framtredande reformrabbinar.[1] Samtidig arbeidde ho som korrespondent for fleire avisor i San Francisco og Oakland, og ho skreiv rett som det var for ymse jødiske tidsskrift.

Hausten 1890 var Ray Frank på journalistoppdrag i Spokane i Washington, og ho vart invitert til å preke på ngereb rosj hasjaná. Den glødande engasjerte preka hennar etter sjølve gudstjenesta gjorde djupt inntrykk på lokalbefolkninga som var til stades — så vel jødar som kristne. Ti dagar seinare kom ho att for å lede gudstjenestone for kippúr. Som den første jødiske kvinna som heldt ei formell preke i synagogen kom ho til å innlede karriera som «the Girl Rabbi of the Golden West» (‘jenterabbinaren frå Den gylne vesten’) — ei verksamheit som hjelpte til å bana nye vegar for kvinnor i jødedommen. Sjølv om ho sjølv hevda at ho ikkje var interessert i å bli rabbinar, så vart amerikanske jødar for første gong direkte konfrontert med idéen at kvinnor kanskje kunne bli rabbinarar.

Utover 1890-åra reiste ho mykje oppover og nerover Vestkysten, der ho heldt förelesningar i B’nai B’rith-losjor, litterære selskap og synagoge-kvinneföreiningar; ho tala i både ortodokse synagogar og reformsynagogar; og ho heldt prekor, las gudstjenestor — og las endatil Toráen. I 1892/93 studerte ho jødisk filosofi i eitt år ved Hebrew Union College i Cincinnati som den første kvinnelige studenten der nån gong. Sjølv om avisone snart begynte å referere til henne som «rabbinar» og ho skal ha motteke fleire tilbod om rabbinarstilling, insisterte ho sjølv på at ho aldri hadde ønska å bli ordinert som rabbinar.

I 1900 gifta ho seg med den russisk-jødiske Simon Litman, som var doktorgradsstudent i økonomi. Etter den tid fortsette ho blant anna med skriving og organisasjonsarbeid, men ho la ner for godt arbeidet som offentlig talar.[2] Rachel Frank Litman dødde den 10. oktober 1948.

Fotnotar

  1. Rosenbaum (1987), s. 21.
  2. Rochlin, Harriet: «Ray Frank Litman (1861-1948) : Teacher, Journalist and Orator», henta frå «Lalapaloozas: Nine Extraordinary Western Jewish Women», i Gilcrease Journal XII, Issue 2

Bibliografi

  • Litman, Simon: «Ray Frank Litman: A Memoir.» i Studies in American Jewish history : 3, American Jewish Historical Society, New York, 1957.
  • Clar, R. and Kramer, W.M.: «The Girl Rabbi of the Golden West» i Western States Jewish History : 18 (1986), s. 91–111, 223–36, 336–51.
  • Umansky, Ellen: «Ray Frank» i Encyclopaedia Judaica, red. Michael Berenbaum & Fred Skolnik. Vol. 7. 2nd ed. Detroit: Macmillan Reference USA, 2007.
  • Nadell, Pamela Susan: Women Who Would Be Rabbis: a history of women's ordination, 1889-1985. Beacon Press, Boston 1998. ISBN 080703648X
  • Rosenbaum, Fred: «San Francisco-Oakland: The Native Son» i Brinner, William M. & Rischin, Moses: Like All the Nations? : The Life and Legacy of Judah L. Magnes, State University of New York Press, 1987. ISBN 0887065074

Sjå òg


GNU-logoen

Denne artikkelen er heilt eller delvis basert på éin eller fleire artiklar frå Wikipedia (sjå kjeldebolken for detaljar) og kan kopierast, distribuerast og/eller endrast i fölgje Creative Commons Attribution ShareAlike 3.0 License, anna enn innhald produsert före 15. juni 2009, som er utgjeve under GNU Free Documentation License.

Creative Commons License
Creative Commons Attribution iconCreative Commons Share Alike icon