Qiviut

Frå Alnakka.net
Ein liten bit med qiviut.

Qiviut (inuktitutskrift, ᕿᕕᐅᖅ; inuinnaqtun, qiviuq[1]; somtid stava qiveut og òg kalla qiviutull og moskusull, er eit inuittisk ord som ofte blir bruka for å betekne innerulla ått moskusfe. Ordet vart opprinnelig bruka både om fugledun og moskusull.[2] Qiviut utmerkjer seg ved at det, i motsetning til sauull, ikkje krympar i vatn av nån temperatur. Dét gjer qiviut veleigna som kledefiber, men det gjer òg at det ikkje eignar seg for toving. Den ovanleg mjuke — og veldig dyre — qiviutulla blir særlig bruka til huvor, skjerf og sjal. Prisen for eit strikka kvalitetsskjerf kan vara over 300 USD,[3] men så kan det òg vara brukande i over 20 år med rett stell.

Fotnotar

  1. Ohokak, G.; M. Kadlun, B. Harnum. Inuinnaqtun-English Dictionary. Kitikmeot Heritage Society. 
  2. "Qiviuq". Asuilaak Living Dictionary. http://www.livingdictionary.com/term/viewTerm.jsp?term=69827131079. Retrieved 2007-01-01. 
  3. Scarves at the Oomingmak Cooperative website

Pekarar


GNU-logoen

Denne artikkelen er heilt eller delvis basert på éin eller fleire artiklar frå Wikipedia (sjå kjeldebolken for detaljar) og kan kopierast, distribuerast og/eller endrast i fölgje Creative Commons Attribution ShareAlike 3.0 License, anna enn innhald produsert före 15. juni 2009, som er utgjeve under GNU Free Documentation License.

Creative Commons License
Creative Commons Attribution iconCreative Commons Share Alike icon