Pudú

Frå Alnakka.net
Versjonen frå 19. april 2020 kl. 10:13 av Olve Utne (diskusjon | bidrag) (Utbyting av tekst - «{{utav}}» til «av»)
(skil) ← Eldre versjon | Siste versjonen (skil) | Nyare versjon → (skil)

Mal:Taksoboks byrjing Mal:Taksoboks bilde Mal:Taksoboks klassifikasjon byrjing Mal:Biologisk rike Mal:Biologisk rekkje Mal:Biologisk underrekkje Mal:Biologisk klasse Mal:Biologisk orden Mal:Biologisk underorden Mal:Biologisk familie Mal:Biologisk underfamilie Mal:Biologisk slekt Mal:Sluttboks Mal:Vitskapleg namn Mal:Sluttboks


Pudú blir rekna for å vera verdas minste hjortedyr. Det finst to artar pudú — andespudú (nordlig pudú, Pudu mephistophiles) frå Colombia, Ecuador og Peru,[1] som har ei skulderhøgd på 32–35 cm; og chilepudú (sørlig pudú, Pudu puda) frå det sørlige Chile og sørvestlige Argentina,[1], som har ei gjenomsnittlig skulderhøgd på 36–41 cm).[2]

Begge pudúartane et gras, lauv og nedfallsfrukt. Ettersom dei er så småe, så står dei ofte på bakbeina for å nå i lauv. I motsetning til andre hjortedyr kan dei klatre i nedfallstre, noko dei stundom gjer, både for å nå i mat og for å komma seg unna rovdyr. Når dei kjenner seg truga, gjev dei frå seg ein bjeffande lyd.

Sidan pudúane held til i de tette skogane i Sør-Amerika, treng de ein effektiv måte å komma seg fram gjenom underskogen. Pudúane har eit innvikla system av stigar og tråkk som gjer det mulig for dem å komma seg fort frå plass til plass. Slike stigar går gjerne til gode kvileplassar, beiteplassar eller paringsplassar.

Paringstida er april–juni og graviditeten tek 200–220 dagar. De får vanlegvis éin kalv, men de kan få to òg.

Forventa levealder i vill tilstand er 8–10 år. Pudúar blir jakta på av ørneugler, pumaer, revar og småe kattedyr. Chilepudúen er truga (IUCN-status: sårbar); dels på grunn av jakt, dels på grunn av avskoging på grunn av landbruk og utbygging.

Andespudú

Andespudúen (nordlig pudú, Pudu mephistophiles (De Winton, 1896)) held til i nordlige deler av Andesfjella, innaför landa Peru, Ecuador og Colombia. Han har ein kraftig kropp med spinkle bein; øra er små og avrunda, og halen er kort. Den mørkebrune pelsen er tjukk og tett. Gevira er korte, enkle piggar.

Chilepudú

Chilepudú i Chiloé i Chile.
Foto: Rodrigo Álvarez

Fotnotar

  1. 1,0 1,1 Mal:MSW3 Grubb
  2. «Pudu puda, Southern pudu» på Ultimateungulate.com.

Pekarar


GNU-logoen

Denne artikkelen er heilt eller delvis basert på éin eller fleire artiklar frå Wikipedia (sjå kjeldebolken for detaljar) og kan kopierast, distribuerast og/eller endrast i fölgje Creative Commons Attribution ShareAlike 3.0 License, anna enn innhald produsert före 15. juni 2009, som er utgjeve under GNU Free Documentation License.

Creative Commons License
Creative Commons Attribution iconCreative Commons Share Alike icon