Polarlys

Frå Alnakka.net
Versjonen frå 4. mai 2020 kl. 19:17 av Olve Utne (diskusjon | bidrag) (Utbyting av tekst - «{{o}}» til «o»)
(skil) ← Eldre versjon | Siste versjonen (skil) | Nyare versjon → (skil)
Nordlys på nattehimmelen over Sortland i Vesterålen, våren 1995.
Foto:Olve Utne

Polarlys (lat. Aurora polaris ) er eit naturfenomen som oppstår når solvinden er kraftigare enn normalt, med store elektriske utladingar som slyngar elektrisk ladde partiklar (elektron og proton) mot jorda. Når desse partiklane kolliderer med, og ioniserer, luftmolekyl i den ytre delen av atmosfæren (90 km til 150 km over bakkan), blir det produsert «dansande» (bølgjande) lys med olike fargar.

På den nordlege halvkula blir polarlyset kalla nordlys (lat. Aurora borealis ), og på den sørlege halvkula blir det kalla sørlys (lat. Aurora australis ). Nord- og sørlys opptrer i ein oval ring rundt den magnetiske nord- eller sørpolen.

I Norge er nordlyset mest aktivt like før midnatt, to-tre døgn etter at store solflekkar har hatt utbrott på sola. Dei beste nordlysmånadene er mars, april, september og oktober.

Nordlys i jødedommen

Den som ser polarlys seier berakháen over astronomiske fenomen:

בָּרוּךְ אַתָּה יי. אֱלֹהֵֽינוּ מֶֽלֶךְ הָֽעוֹלָם. בּוֹרֵא מַֽעֲשֵׂה בְרֵאשִׁית׃

Signa er Du, ADONÁI, vår Elohím, regent over universet, skapar av skapingsakta.

Barúkh attá ADONÁI, Elohénu mélekh hangolám, boré mangasé beresjít.

Bendito tu .A., nuestro Dio, rey del mundo, hazien la obra de Beresit

Pekarar


GNU-logoen

Denne artikkelen er heilt eller delvis basert på éin eller fleire artiklar frå Wikipedia (sjå kjeldebolken for detaljar) og kan kopierast, distribuerast og/eller endrast i fölgje Creative Commons Attribution ShareAlike 3.0 License, anna enn innhald produsert före 15. juni 2009, som er utgjeve under GNU Free Documentation License.

Creative Commons License
Creative Commons Attribution iconCreative Commons Share Alike icon