Peter Christen Asbjørnsen

Frå Alnakka.net
Forfattaren Peter Chr. Asbjørnsen (18121885) måla i 1870 av Knud Bergslien.

Peter Christen Asbjørnsen (f. 15. januar 1812 i Christiania; d. 15. januar 1885 i Christiania) var ein norsk forfattar, folkeminnesamlar, forstmann og naturvitar. For ettertida har Asbjørnsen vorte ståande som sjølve eventyrkongen i norsk kultur. Han og ungdomsvenen Jørgen Moe vart kjent som Asbjørnsen og Moe, som er vorte eit synonym for bokverket Norske folkeeventyr.

Biografi

Peter Christen Asbjørnsen vart fødd onsdag den 15. januar 1812 i Christiania.

Ettersom han tidleg interesserte seg for andre ting enn skulefaga, vart han teken ut av borgarskulen og sendt på eit privat artiumskurs på Norderhov, der han møtte Jørgen Moe. Dei to vart vener for livet og inngikk på norrønt vis ein pakt som gjorde dem til «blodsbrør».

Etter artium var Asbjørnsen huslærar på Romerike, og det var her han tok til å skrive opp sagn og eventyr. Han kom i kontakt med prost Andreas Faye, som hadde gjeve ut ei samling Norske Sagn i 1833. Mot slutten av året 1837 offentleggjorde Asbjørnsen ein første prøve på eventyr og segner i heftet Nor, en Billedbok for den norske Ungdom. Men stilen var heller onorsk og famlande. Etter dette begynte han òg samarbeidet med Moe om innsamling og omarbeiding av eventyr.

Asbjørnsen var nok romantikar på det viset at han var oppteken av folkeminne og meinte at fortelingane var uttrykk for folkeånden. Men nån romantisk drømmar var han ikkje. Faga hans var zoologi og botanikk, og sakkunnskapen gav naturskildringane ein nøktern tone. Rammefortelingane til «huldreeventyra» — som En Aftenstund i et Proprietærkjøkken — gjev livsnære folkelivsskildringar. Men til forskjell frå forbildet Steen Steensen Blicher, tekna han helst typar, og ikkje sjeldan karikaturar. Han fortel friskt og omiddelbart, humørfylt, slurvar somme tider, men skildrar allveg levande og går ikkje av vegen for folkelege kraftuttrykk.

Asbjørnsen fortsette med å gje ut segner og eventyr til kort føre han dødde. Men store deler av livsverket hans ligg på andre område. Han var ein av de første havforskarane, studerte forstvesen i Tharand i Tyskland, var ein av dei første forstmeisterane i Norge og ei tid torvmeister; og han skreiv nyttige utgreiingar kring skogsaka. Han var ein allsidig skribent som veksla mellom folkeskrifter og populærvitskaplege artiklar, skildra reisa si til Egypt og laga kokebok. Kokeboka førte til den såkalla «grautstriden» med Eilert Sundt, om kor vidt norske bondekvinnor hadde innsikt nok til å utnytte mjølet optimalt. Det var Asbjørnsen som introduserte Charles Darwin si utviklingslære for norske lesarar gjenom ein artikkel i Budstikken i 1861.

Dei nye utgåvone sine av eventyr og segner prøvde han stadig å gjera norskare og meir muntlige i tonen, og det var hans ønske at de skulle halde følgje med språkutviklinga i landet etter hans tid òg. For seinare dikting fikk naturskildringane og folkelivsbilda hans mykje å seie. Da studentane gikk for å helse på honom ved 25-årsjubileet for førsteutgåva av huldreeeventyra, takka Bjørnstjerne Bjørnson honom med desse orda: “Gud skal vite det var blitt lite av meg, hadde ikke du vært.”

Asbjørnsen var æresmedlem i Den Norske Turistforening. Han dødde laurdag den 5. januar 1885 i Christiania.

Asbjørnsenselskapet

Asbjørnsenselskapet er ei forening som vart stifta på Asbjørnsen sin fødselsdag, tisdag den 15. januar 2008. Selskapet har primært til formål å fremme kunnskapar om Asbjørnsen sitt mangfaldige liv og virke, blant anna ved å gje ut årsskriftet Juletræet og gjenom ekskursjonar langs vandringsrutone ått Asbjørnsen.

Bibliografi

Peter Chr. Asbjørnsens Norske Huldre-Eventyr og Folkesagn frå 1859 med typisk romantisk praktbind med gulltrykk på sjirting

Folkeminne og litterære utgåvor

  • Nor, en Billedbog for den norske Ungdom. Carl August Guldberg og Adam Dzwonkowski. (Skilling-Magazin). Christiania 1838 (utgjeven: 1837). (Nye utg. i 1843 og 1865).
  • Norske Folkeeventyr [I-II], samlede ved Asbjørnsen og Jørgen Moe. Johan Dahls Forlagsboghandel. Christiania 1842-43. (Ny utg. 1993).
  • Norske Huldre-Eventyr og Folkesagn. Første Samling. Christiania 1845.
  • Hjemmet og Vandringen. En Aarbog for 1947. Christiania 1847.
  • Norske Huldre-Eventyr og Folkesagn. Anden Samling. Christiania 1848.
  • Juletræet for 1850. En Samling af norske Folke- og Børne-Eventyr, fortalte af P. Chr. Asbjørnsen. Med Illustrationer af Johan Eckersberg. A. Dzwonkovski. Christiania 1850. [Xylografi ved Kittendorff & Aagaard]. Grønt papiromslag.
  • Ydale. Et Vinterskrift. Christiania 1851.
  • Juletræet for 1851, norske Eventyr – Folke-Sagn, fortalte af P. Chr. Asbjørnsen. Med Illustrationer af Johan Eckersberg. A. Dzwonkovski. Christiania 1851. [Xylografi ved Kittendorff & Aagaard]. Rosa papiromslag.
  • (sm.m. Jørgen Moe): Norske Folkeeventyr. Anden forøgede Udgave. Christiania 1852.
  • Jule-Træet for 1852. Nogle norske Folkesagn og Erindringer fra en Reise til Ægypten af P. Chr. Asbjørnsen. A. Dzwonkovski. Christiania 1852. [Xylografiet av Kairo mot sjyen på side 49 er signert Harald Nissen, truleg etter forlegg av akvarellmålar Hans Johan Frederik Berg.] Gult papiromslag.
  • En Nytaarsbog. Christiania 1854.
  • (sm.m. Johann Georg Theodor Gräße): Nord und Süd. Ein Märchen-Strauß. Druck und Verlag der Königl. Hofbuchdruckerei von C.C. Meinhold & Söhne. Dresden 1858. Omslag: Adolf Tidemand. Xylografisk gult papiromslag av Wilhelm Werthmann, Dresden.
  • Norske Huldreeventyr og Folkesagn. Første Samling. Anden forøgede Udgave. P.F. Steensballes Forlag. Christiania [Juni] 1859. Brun shirting med gullpressing på forside og rygg. På baksida blindtrykt ramme.
  • (sm.m. Jørgen Moe): Norske Folke-Eventyr. Tredie Udgave. I Kommission hos Jacob Dybwad. Christiania 1866 [dvs. 1865]. Fiolett shirting med gull på forside og rygg og pressa bord på forside og bak.
  • Norske Huldre-Eventyr og Folkesagn. Anden Samling. Anden forøgede Udgave. P.F. Steensballes Forlag. Christiania 1866. Blå eller brun shirting med gullpressing på forside og rygg. På baksida blindtrykt ramme.
  • (sm.m. Jørgen Moe): Norske Folke-Eventyr. Fjerde Udgave. I Kommission hos Jacob Dybwad. Christiania 1868 (dvs. 1867). Omslag: Vincent Stoltenberg Lerche. Litografert papirbind.
  • Norske Folke-Eventyr. Ny Samling. (Med Bidrag fra Jørgen Moes Reiser og Optegnelser.) I Kommission hos Jacob Dybwad. Christiania [Oktober] 1871. Typografisk rosa papirbind
  • (sm.m. Jørgen Moe): Norske Folke-Eventyr. [Femte Udgave]. I Kommission hos Jacob Dybwad. Christiania 1874 [dvs. desember 1873.] Omslag: Marcus Grønvold (1873). Litografert papiromslag av Lith. Anst. v. Gebrüder Obpacher in München.
  • Norske Folke-Eventyr. Ny Samling. (Med Bidrag fra Jørgen Moes Reiser og Optegnelser.) Anden Udgave. Gyldendalske Boghandel (F. Hegel.) Christiania 1876. Omslag: Marcus Grønvold (1874). Litografert papiromslag av J: Reisinger ved Lith. Anst. v. Gebrüder Obpacher in München.
  • Norske Folke- og Huldre-Eventyr i Udvalg. Gyldendalske Boghandels Forlag (F. Hegel & Søn). Kjøbenhavn 1879. Omslag: Shirting med platetrykk i gull, og svart og raudt klisjétrykk på forside og gullpressing på rygg. Blindtrykk på bakdekkel.
  • (sm.m. Jørgen Moe): Eventyrbog for Børn I. Gyldendalske Boghandels Forlag – F. Hegel & Søn. Kjøbenhavn [December] 1882. Omslag: Albert Hartvig. Sjirting med platetrykk i gull sort klisjétrykk på forside og gullpressing på rygg. Gravert av Chr. Danielsen. Blindtrykk på bakdekkel.
  • (sm.m. Jørgen Moe): Eventyrbog for Børn II. Gyldendalske Boghandels Forlag – F. Hegel & Søn. Kjøbenhavn [December] 1884. Omslag: Albert Hartvig. Sjirting med platetrykk i gull sort klisjétrykk på forside og gullpressing på rygg. Gravert av Chr. Danielsen. Blindtrykk på bakdekkel.
  • (sm.m. Jørgen Moe): Eventyrbog for Børn III. Gyldendalske Boghandels Forlag – F. Hegel & Søn. Kjøbenhavn [December] 1887. Omslag: Albert Hartvig. Sjirting med platetrykk i gull svart klisjétrykk på forside og gullpressing på rygg. Gravert av Chr. Danielsen. Blindtrykk på bakdekkel.

Vitskaplege skrifter

  • Naturhistorie for Ungdommen, 6 bind 1838-1849
  • Om Ulve- og Rævefangst, 1840
  • Kortfattet Naturlære til Brug for Almuen og ved Undervisning i Skolerne, 1841
  • Naturhistorie for Børn, 1842
  • Om Skovene og om et ordnet Skovbrug i Norge, 1855
  • Om Myrdyrkning, 1856
  • Fødemidlernes Opbevaring i Land og By, for Skibsproviantering og Reisebrug, 1860
  • (Clemens Bonifacius - pseudonym): Fornuftigt Madstel. En tidsmæssig Koge- og Husholdningsbog. P.F. Steensballe. Christiania 1864. (Ny utgave 1865, finnes også oversatt til dansk og svensk).
  • Norsk Landmandsbog for 1868
  • Torv og Torvdrift, 1868
  • Norsk Landmandsbog for 1869
  • Norsk Landmandsbog for 1870

Litteratur om Asbjørnsen

  • Bolo (pseud.): «Da eventyrene kom. 100 års-jubileet for det litterære verk som kanskje har betydd mest for norsk kultur». Aftenposten 24. februar 1940.
  • Braadland, Jan Faye: «Echoes of the Brother Grimm from Thule – A Short Introduction to Andreas Faye (1802-1869) and his “Norske Sagn” (1833)». Hartmut Kugler et al. (eds): Jahrbuch der Brüder Grimm-Gesellschaft. Band V. Kassel 1995.
  • Bø, Olav: 50 kroner. Peter Christen Asbjørnsen. Norges Banks Seddeltrykkeri. Oslo 1996.
  • Dons, Carl: «P. Chr. Asbjørnsen» (s. 27-41). Det kongelige norske Videnskabers Selskabs Forhandlinger Bd. XIX. Trondheim 1946.
  • Edvardsen, Erik Henning: Gammelt nytt i våre tidligste ukeblader. Aktstykker om folketro og sagn i Illustreret Nyhedsblad og Norsk Folkeblad ved Peter Christen Asbjørnsen, Paul Botten-Hansen, Johannes Flood og Henrik Ibsen. Norsk Folkeminnelags skrifter 143. H. Aschehoug & Co (W. Nygaard). Oslo 1997. ISBN 82-03-17965-7.
  • Edvardsen, Erik Henning: Kvitebjørn kong Valemon 2. Gerhard August Schneider - den illustrerte eventyrutgaven som aldri utkom. Norsk Folkeminnelags skrifter nr. 157 / H. Aschehoug & Co. (W. Nygaard). Oslo 2007. ISBN 978-82-03-19197-5.
  • Gjefsen, Truls: Peter Christen Asbjørnsen – diger og folkesæl. Andresen & Butenschøn. Oslo 2001.
  • Haffner, H.J.: Asbjørnsen og Moe’s norske folkeeventyr. En bibliografisk undersøkelse. Småskrifter for bokvenner nr. 16. N.W. Damm & Søn. Oslo 1942.
  • Hansen, Hans: P. Chr. Asbjørnsen. Biografi og karakteristikk. Med supplerende oplysninger om hans samtidige. H. Aschehoug & Co (W. Nygaard). Oslo 1932. [1]
  • Krogvig, Anders: Fra det nationale gjennembruds tid. Breve fra Jørgen Moe til P. Chr. Asbjørnsen og andre. H. Aschehoug & Co (W. Nygaard). Kristiania 1915.
  • Johnsen, Nils Jørgen: Døler og Troll. Fra norsk illustrasjonskunsts historie. Foreningen for norsk bokkunst. Oslo 1935.
  • Liestøl, Knut: P. Chr. Asbjørnsen. Mannen og livsverket. Johan Grundt Tanum. Oslo 1947.
  • Lindboe, Rudolf: «Jomfru Andersson på Gressæter gård» (s. 9-71). Sør i Aker. Søndre Aker Historielags årbok 1997. Oslo 1997.
  • Müller, Harald: Stimme und Feder – mündliche Tradition norwegischer Volksmärchen und ihre Verschriftlichung durch Asbjørnsen und Moe. [Dr. avhandling]. Bochum 1997.
  • Popp, Daniel: Asbjørnsen’s Linguistic Reform I. A Study of the Individual Writer’s Role in Written Developments. Orthography. Oslo 1977.
  • Ribsskog, Øyvin: Eventyrkongen og Romerike. Et tilskott til granskinga av P. Chr. Asbjørnsen og samtida hans. Norsk Folkeminnelags skrifter nr. 95. Universitetsforlaget. Oslo 1966.
  • [Sinding]-Larsen, Alfred: Peter Christen Asbjørnsen. En literær-biografisk Skitse. Med Tillæg af en bibliografisk Oversigt ved J.B. Halvorsen. Christian Johnsens Bogtrykkeri. Christiania 1872.
  • Sundland, Egil: Det var en gang … et menneske. Tolkninger av Asbjørnsen og Moes undereventyr som allegorier på menneskelig innsikt og erkjennelse. LNUs skriftserie nr. 87. Oslo 1995.
  • [Wulfsberg, Niels]: «Oldsager. Folkesagn». Morgenbladet. En daglig Avis af alle Slags Indhold. No. 288. Fredag 15de Octobr. 1819. Første Aargang. Christiania 1819.
  • Østberg, Henning: «Etterord» (s. 1-40). Norske Folkeeventyr samlede ved Asbjørnsen og Jørgen Moe. Damms antikvariat. Oslo 1993.
  • Øverland, Ole Andreas: Hvorledes P. Chr. Asbjørnsen begyndte som sagnfortæller. Det norske Aktieforlag. Kristiania 1902.

Pekarar


GNU-logoen Denne artikkelen er heilt eller delvis basert på artikkelen «Peter Chr. Asbjørnsen» frå Bokmålswikipediaen og kan kopierast, distribuerast og/eller endrast slik det er sett opp i GNU fri dokumentasjonslisens. For ei liste over bidragsytarar til den opprinnelige artikkelen, sjå endringshistorikk knytt til den opprinnelige artikkelen. For ei liste over bidragsytarar til denne versjonen, sjå endringshistorikk knytt til den sida.