Pesaḥ

Frå Alnakka.net

Pesaḥ

Maṣṣá sjemurá.

Bedikàt ḥaméṣ
Førebuing til Haggadáen


Haggadá:
Kaddésj urḥáṣ
karpás jáḥaṣ
.
Maggíd ráḥaṣ
   moṣí maṣṣá
.
Marór korékh,
sjulḥán ngorékh.
Ṣafún barékh,
   hallél nirṣá


Songar:
Ki lo naé · Mi eḥád jodéang · Addír Hu Ḥad gadjá ·
S: Mossé salió de Miṣráyim · Mossé, Mossé · Bendigamos · Quien supiese
A:


Mat:
matføreskrifter · matvaror
karpás · maṣṣót · zeróang · beṣá · marór · ḥaróset
S: rosinvin · mina de maṣṣá · codrero al horno
A: gefillte fish · matse-brei

Ein mann held to maṣṣót (flatbrød, osyra brød). Illustrasjon frå København-haggadáen — eit illustrert manuskript frå 1739.

Pesaḥ (hebraisk פֶּסַח ['pesaḥ]), òg skreve pesach, eller páscua de las cenceñas, ofte kalla jødisk påske på norsk, er den første av dei tre jødiske valfartsfestane og blir markert i sju eller åtte dagar frå den 15. nisán. Vi rører ikkje vanlege korn- og brødvaror i alle de sju eller åtte dagane pesah varer. For å unngå olovlig mat, lagar eller kjøper vi berre spesielle matvaror for pesaḥ som er garantert frie for dei fem kornslaga anna enn i form av maṣṣót.

Den første kvelden, og oftast òg den andre, held vi eit spesielt påskemåltid med symbolske matretter som karpás (selleri eller andre grønsaker), maṣṣót (flatbrød), bitre urter, eit grilla lammebein, eit grilla egg og sausen ḥaróset — ein saus som skal minne om mørtelen de israelittiske slavane bruka i Egypt. Kvar person drikk fire glas vin eller druejus. Med bakgrunn i dessa matrettene og andre rituelle handlingar les vi Haggadá sjel pesaḥ om utgangen av Egypt.

Bakgrunn

Ordet pesaḥ

Sjølve ordet «pesaḥ», som òg finst innlånt til skandinavisk gjenom arameisk og gresk i forma «påsk(e)», er avleidd av den hebraiske ordrota פסח P-S-Ḥ som tyder ‘passere’. Vi les i 2. mosebok at da Gud lova israelittane å gjera dem frie, sa Gud at alle de førstefødde i Egypt skulle döy. Men israelsborna skulle sette eit merke av lammeblod på dørkarmane sine, וראיתי את־הדם ופסחתי עליכם [vera’íti et-haddám, ufasàḥti ngalekhém] «og Eg vil sjå blodet, og Eg vil gå förbi dokker». (2. mos.) 12:13)

Ei side frå Kaufmann-haggadáen, eit sefardisk manuskript frå sist på 1300-talet.

Opphavet til pesaḥ

Sjølv om termen «pesaḥ» ikkje finst nemnt före 2. mosebok, er det mykje som tyder på at høgtida har tidlegare røter. Frå jødisk teologisk perspektiv har det vore pekt på at ordet maṣṣá finst alt i 1. mos. 19:3, der Lot vart besøkt av to englar: «Og han laga ått dem eit gilde, og maṣṣót baka han, og de åt.» Maimonides kommenterer til detta: פסח היה «det var pesaḥ». Andre vil derimot seie at det avgjerande i denna situasjonen var at det oventa besøket gjorde at han ikkje hadde tid til å laga vanleg brød, men laut laga maṣṣót (flatbrød) i staden, sidan detta går fortare å baka.

Mange trekk i pesaḥfeiringa tyder på at denna høgtida har deler av opphavet sitt i ein innhaustingsfest. Blant dessa trekka kan nemnast etinga av det osyra brødet, ei markering av den nye kornavlinga. Frå andre dagen av pesaḥ og i de 49 dagane fram til sjabungót (vekkofesten eller pinsa) tel vi ngómer, det vil seie ‘kornband’, til minne om kossen den nye byggavlinga vart brakt ått Tempelet i Jerusalem for ofring.

Av noko nyare dato er historia om utgangen av Egypt: Vi feirar kossen ADONÁI med hjölp av Mosjé og Aharón førte israelittane utur Egypt med mange tekn og under; kossen den siste av de ti landeplagone ikkje ramma israelittane fördi de ofra eit lam og smurde eit merke av blodet på dørkarmane; kossen oppbrottet hendte så fort at deigane ikkje vann å heva seg, slik at ein laut eta det osyra brødet; og kossen israelittane fikk ToráenSinaifjellet.


Toradsbygg (Hordeum distichum). Legg merke til de tydelige radene i aksa.

Havre (Avena fatua el. Avena sativa). Legg merke til den karakteristiske spreidinga av korna.

Matföreskrifter

Ḥaméṣ

Gjæra kornmat av de fem kornslaga som er definert i Misjná blir kalla ḥaméṣ og er forboden å eta eller eiga under alle dagane av pesaḥ. Detta inkluderer all mat som inneheld noka som helst mengd av de fem slaga, anna enn om han er spesielt tillaga på eit vis som gjer at ein kan rekne det for visst at maten ikkje er gjæra. (Meir om dette finst under avsnittet Maṣṣá nedaföre.)

De fem kornslaga

De fem kornslaga svarar til brødkveite/emmer, durumkveite/spelt og einkorn i sine variantar og til bygg (toradsbygg og vanleg bygg). Det er noko tvil om nøyaktig fastsetting av kveite- og speltslaga, men det er rimelig klart at alle sortar kveite og spelt hører til de fem slaga. Trulig ikkje tilhørande de fem slaga i snevraste meining er rug, men ein reknar likevel rug med blant de fem slaga på grunn av den nære slektskapen med kveite.

Den noko fjernare slektningen havre blir av den asjkenaziske Rashi rekna opp som eitt av de fem slaga, men den sefardiske Maimonides viser til at det av de fem slaga Rashi skriv om her svarar til villbygg, eller toradsbygg. Dette er òg meir i samsvar med definisjonen i Talmúd jerusjalmí, der det går klårt fram at det karakteristiske ved detta kornslaget er radstrukturen. I tillegg stemmer det godt med nyare forsking, som har funne at havre ikkje inneheld samma slag gluten som de andre kornslaga. [1]

Maṣṣá

Bitar av fabrikklaga maṣṣót.

Som eit minne om utgangen utur Egypt er det pålagt alle jødar å eta maṣṣá, eller osyra brød, på de to første kveldane av pesaḥ. (I landet Israel og blant reformjødar: berre den første kvelden.) Dette brødet må vera laga etter svært strenge føreskrifter:

Mjølet må vara hovudsakleg frå de fem kornslaga. Alt mjølet som blir bruka må vara törrmole, heilt tört og heilt fritt for fuktskade. Vi blandar berre inn reint vatn som har stått tildekt natta over, og frå vi blandar i vatn via utkjevlinga til tynne flatbrødleivar og til maṣṣáen blir steikt på bakstehella eller i bakaromnen må det ikkje ta meir enn 18 minutt.

Maṣṣá og maṣṣámjøl (finknust maṣṣá) er de einaste matvarone av de fem slaga det er lov både eta og eiga under pesaḥ — med unntak av heile, gjenomrista gryn.

Sjølv om det ikkje er noko påbod om å eta maṣṣá under resten av pesaḥ, et vi vanlegvis maṣṣá da òg, ettersom detta er den einaste tillatne brødmaten av de fem slaga.

Ein kan sjølvsagt òg eiga omole heilkorn for såkorn og for seinare maling, men detta lyt bli lagra heilt tørt og kan ikkje bli bruka til mat under pesaḥ anna enn som nemnt ovaföre.

Ris

Ris hører ikkje med til de fem kornslaga, men er likevel rekna som forboden av de fleste asjkenaziske jødar. Merk at ris ikkje er ḥaméṣ; det er lov å eiga ris under pesaḥ — sjølv for dem som ikkje tillet å eta ris under pesaḥ.

Blant mange sefardím og mizraḥím er derimot ris tillaten å eta, og pesaḥ er ei tid med mykje vekt på rismat av olike slag. Blant dem som et ris under pesaḥ er det oftast skikk at ein går nøye gjenom risen og sorterer ut alle eventuelle korn av de fem slaga.

Kitnijjót

Asjkenaziske jødar og nokre europeiske sefardiske jødar unngår òg tradisjonelt å eta belgvekstar, eller såkalla kitnijjót, under pesaḥ. Grunnen til dette var opprinnelig at ein er redd at ertermjøl og liknande kan bli ihopblanda med mjøl av de fem slaga. Definisjonen av kva som blir rekna som kitnijjót har vorte svært mykje utvida i asjkenazisk ortodoks jødedom i seinare år. Mange inkluderer for eksempel mais (som ikkje er ei belgfrukt) og friske brekkbønor (som absolutt ikkje kan mistakast som mjøl).

Rituale

Påskemåltid blant portugisarjødar i Nederland tidleg på 1700-talet. (Bernard Picart)

Séder el. haggadá

På den første kvelden av pesaḥ (i Israel, og dessutan blant karaittiske jødar og reformjødar) eller på de to første kveldane av pesaḥ (i de fleste tradisjonane) held ein seder (asjk.) eller haggadá (sef.) — eit festmåltid med rituelle matslag og lesing av påskeförtelinga, Haggadá sjel pesaḥ. Påskeförtelinga inneheld historia om kossen israelittane forlet Egypt under ledelse av Mosjé rabbénu (Moses). Måltidet inneheld spesielle fat med rituelle matslag; inkludert bitre urtor, to slag koka mat (oftast eit hardkoka og grilla egg og eit obrote lammebein med noko kjøtt på), maṣṣót (osyra brød) og ḥaróset — ei finhakka blanding av frukt, nøtter, vin/eddik og kanel som symboliserer mørtelen som israelittane bruka under slaveriet i Egypt. Alle som er til stades drikk òg fire småe glas druevin eller druejus i løpet av ritualet.

Kva tid er pesaḥ i år?

Pesaḥ er ofte på om lag samma tid som den kristne påska, men fell stundom i månaden etter — særlig i jødiske skottår. Lista nedaföre gjeld for tradisjonell rabbinsk jødedom utaföre landet Israel. De to første døgna og de to siste døgna er fulle heligdagar, de mellomliggjande døgna er ḥol hammongéd (romhelg). Blant jødar i landet Israel, blant karaittiske jødar og ofte òg i reformjødedom og rekonstruksjonistisk jødedom, feirar ein pesaḥ i sju døgn i staden for åtte, og høgtida sluttar dermed eitt døgn tidlegare. I dessa tradisjonane er berre det første og siste døgnet fulle helgdagar, og alle de mellomliggjande døgna er ḥol hammongéd (medianos).

Sjå òg

Pekarar

Halakhá