Per Sivle: «Den fyrste song eg høyra fekk»

Frå Alnakka.net
Den utskrivbare versjonen er ikkje lenger støtta eller kan ha rendring-feil. Oppdater eventuelle bokmerke i nettlesaren din og bruk den vanlege utskriftsfunksjon til nettlesaren i staden.

Den fyrste song eg høyra fekk,
var mor sin song ved vogga,
dei mjuke ord til mitt hjarta gjekk,
dei kunne gråten stogga.

Dei sulla meg så underleg,
så stilt og mjukt te sova,
dei synte meg ein fager veg
opp frå vår vesle stova.

Den vegen ser eg no enno tidt
når eg fær auga kvila;
der stend ein engel, smiler blidt,
som berre ei kan smila.

Og når eg sliten trøytnar av
i strid mot alt som veilar,
eg høyrer stilt frå mor si grav
den song som allting heilar.