Pepparkakor

Frå Alnakka.net
(Omdirigert frå Pepparkake)
«Pepparkakor» i ordlista
ei pepparkake, pepparkaka (dativ ått di pepparkakon); fleire pepparkakor, alle pepparkakone (dativ ått all(om) dei pepparkakom)
Nybaka pepparkakor.
Foto:Olve Utne

Pepparkakor (sv.; nyn. peparkakor, peparkaker; bm. pepperkaker; da. peberkager) er ein sort tynne, sprøde kakor som får den krydra smaken sin frå ingefær og minst eitt anna krydder, men ikkje allveg peppar. Frå tidleg på 1800-talet har pepparkakor særlig vorte assosiert med jula i Skandinavia, men dei blir etne i andre samenhengar og på andre tider av året òg. Den 9. desember er «pepparkakans dag» i Sverige.[1][2][3]

Historie

Seglet til kong Hans (1455–1513), som fikk føreskreve pepparkakor mot dårleg humør av dokteren sin.

Den første dokumenterte bakinga og etinga av pepparkakor i Skandinavia fann stad seinhausten 1335, trulig på Båhus festning på den davarande grensa mellom Norge og Sverige: Reknskapa for råvareinnkjøpa til bryllaupet mellom kong Magnus Eriksson av Sverige, Norge og Skåne og Blanca av Namur opplyser tydelig at dei baka pepparkakor. Enno på 1500-talet vart det likevel importert pepparkakor: Gustav Vasa (14961560) skreiv til Germund Svensson om eit skip som forliste ved sør-Öland og vart heilt sundslege, slik at lasta — som inkluderte pepparkakor — vart forderva.

Pepparkakone vart ofte baka av nonnor, og dei vart selt som medisin for ymse plagor på apoteka. Unionskongen Hans (14551513) vart føreskreven å eta pepparkakor mot det dårlege humøret sitt av dokteren sin,[4] og enno lever myten om at ein blir snill av å eta pepparkakor.

Form og ingrediensar

Pepparkakehus
Foto: PatríciaR

Pepparkakone blir utkjevla til tynne leivar og utstukne med pepparkakeformer til former som er typiske for høgtida de blir etne under. Som julekakor blir de gjerne forma som hjarte, stjernor, bukkar, griser, grantre og andre julesymbol. Andre populære former inkluderer andre dyr så vel som menneske — inkludert pepparkakemenn og pepparkakekjerringar. Til ḥanukká kan typiske former inkludere davidsstjernor, ḥanukkiljar, dreidlech og andre jødiske symbol — så vel som andre plante- og dyreformer (men ikkje griser).

Historia til pepparkaka ser ut til å vara veldig lang, og les vi kva for ingrediensar som vart bruka i pepparkakone i mellomalderen, er det ikkje mykje som skil dem frå moderne pepparkakor, anna enn at dei faktisk oftast inneheldt peppar. Dei smaka nok ganske likt. Basisen för pepparkakedeigen er kveitemjøl, sirup/sukker, fløyte og smør. Hevemiddelet er tradisjonelt hjortesalt eller pottoske, og i nyare tid gjerne natron. Det vanlegaste krydderet i pepparkakor er ingefær, og i tillegg oftast svartpeppar og/eller kanel. Andre vanlege krydder i pepparkakor inkluderer nellik, og i Sverige ofte pomeransskal òg.

Pepparkakebyen i Kristiansund i desember 2007.
Foto: Harald Oppedal

Pepparkakehus

Til jul er det vanleg mange plassar å baka pepparkakehus — småe husmodellar med vegger og tak av pepparkake. Pepparkakor som skal brukast til pepparkakehus er ofte tjukkare enn vanlege pepparkakor, slik at dei lettare kan halde forma. Til pynt og til samenføying av delene blir det bruka ein hard melisglasur som er laga av melis, eggekvite og enten sitron eller eddik som somme gonger blir kalla kongeglasur eller royal-glasur i Danmark og kristyr i Sverige. Mange plassar blir det halde konkurransar i pepparkakehusbygging. På stadig fleire plassar i Norge blir det arrangert årlege pepparkakeby-dugnadsprosjekt — i Bergen alt frå 1992. Pepparkakebyen i Kristiansund vart arrangert for 6. gang i desember 2008.

Oppskrifter

Ingrediensar:

  1,5  dl sukker
 60    g  smör
  1,5  dl sirup
  1,25 dl fløyte

  0,5  ts peppar
  1    ts ingefær
  1    ts hjortsalt
  1    ts nellik
  1    ts kardemomme
  1    ts kanel
  6,5  dl mjøl

Framgangsmåte:

Bland mjølet, hjortesaltet og krydderet. Varm opp sukkeret, smøret, sirupen og fløyten under omrøring på svak varme til smöret har smelta — hugs at det ikkje skal koke opp. Når smøret er heilt oppløyst, sikt tørrvarone oppi og rør deigen godt samen. Dekk over deigen og sett han på ein kald stad (f.eks. kjøleskåp, kjellar eller yttergang) i minst 12 timar — heilt til vi skal kjevle ut kakone.

Deigen er mykje lettare å arbeide med når han er kald, så når pepparkakone skal bakast, tek vi inn berre nok deig til éin omgang med utkjevling i gongen. Kjevle ut deigen til tynne leivar med minst muleg ekstra mjøl. Stikk ut kakor av leivane med pepparkakeformer, eller eventuelt med drikkeglass. Legg dei utstukne kakone på kald bakeplate — enten smurt eller dekt med bakepapir. Steik pepparkakone midt i omnen til dei blir gyllenbrune (ved ca 200 °C: ca 7 min).

Pepparkakor i verdsrommet

Den svenske astronauten Christer Fuglesang baud på pepparkakor i verdsrommet.[5] Dessverre smuldra kakone stort sett sund under oppskytinga, så seinare sveva det småsmulor kring i romferja som dei laut «svømme» etter og eta som fiskar. Etter ei stund kom Christer på at han kunne stappe alt i ein stor plastpose som dei forsiktig kunne ta seg ein bit av når dei ville ha.

Fotnotar

Pekarar


GNU-logoen Denna artikkelen er heilt eller delvis basert på artikkelen «Pepparkakor» frå Svenska Wikipedia og kan kopierast, distribuerast og/eller endrast slik det er sett opp i GNU fri dokumentasjonslisens. For ei liste over bidragsytarar til den opprinnelege artikkelen, sjå endringshistorikk knytt til den opprinnelege artikkelen. For ei liste over bidragsytarar til denna versjonen, sjå endringshistorikk knytt til denna sida.