Pearykaribu

Frå Alnakka.net
Rein og reindrift
rein • svalbardrein • skogsrein • karibu (grønlandsrein, skogskaribu, pearykaribu) • reinlav • reindrift • sytingsrein • merking • gjelding • kjørerein • pulk • kløv • raide Mjølk: mjølking • ost Kjøtt: slakting Helse og velferd: slubbo Reindrift etter område: Island • Grønland • Nord-Amerika • Skottland • Sørishavet
Pearykaribu
truga (NWT SARC)

Pearykaribu. (L. David Mech)
Pearykaribu. (L. David Mech)

Systematikk
Domene: Eukaryota
Rike: Animalia
Rekkje: Chordata
Klasse: Mammalia
Orden: Artiodactyla
Familie: Cervidae
Underfamilie: Capreolinae
Slekt: Rangifer
Art: tarandus
Vitskaplig namn
Rangifer tarandus pearyi

Pearykaribu (Rangifer tarandus pearyi), Mal:Eng. Peary Caribou, er den minste underarten av dei nordamerikanske karibuane og lever på dei høgarktiske øyane lengst nord i Nunavut og Northwest Territories. Pearykaribuen er den minste av dei nordamerikanske reinane: Vaksne simlor har ei snittvekt på 60 kg og snittlengd på 1,4 Mal:Meter, og vaksne oksar har ei snittvekt på 110 kg og snittlengd på 1,7 Mal:Meter. Pelsen er på lag skifergrå om somrane og nærmast kvit om vinteren. Karakteristiske drag som dei deler med svalbardreinen er den korte mulen og dei korte føterne. I 1961 fanst det over 40 000 pearykaribuar, men i 2009 var bestanden nere i kring 700 dyr. Hovudgrunnen til den dramatiske nergangen er truleg dei milde vintrane med mykje smelting og frysing, slik at beita låser seg. Arktisk rein eller austgrønlandsrein (Rangifer tarandus eogroenlandicus), som fanst på Nordaust-Grønland men som dødde ut kring 1900, var truleg ein populasjon av pearykaribuen. Avstanden mellom Ellesmereøya og Grønland over Naressundet er berre 26 km på det smalaste.