Parasjàt Vajjélekh

Frå Alnakka.net
Versjonen frå 1. april 2020 kl. 20:28 av Olve Utne (diskusjon | bidrag) (Utbyting av tekst - «{{Google 2}}» til «»)
(skil) ← Eldre versjon | Siste versjonen (skil) | Nyare versjon → (skil)

Femte Mose-bok, kap. 31

Kap. 31.

1 Og Moses gjekk fram, og tala til heile Israel, og sagde desse ordi: 2 «No er eg hundrad og tjuge aar gamall; eg er inkje so nøytug som eg hev vori, og Herren hev sagt meg at eg inkje skal faa koma yver Jordan-aai. 3 Herren din Gud vil sjølv ganga fyre deg; han vil rydja ut desse folki fyr deg, og du skal leggja under deg landet deira; men Josva skal føra deg yver, soleis som Herren hev sagt. 4 Og Herren skal gjera med dei, som han gjorde med Sihon og Og, Amoritar-kongarne, daa han rudde dei ut, og lagde landet deira i øyde. 5 Han skal gjeva dei i dykkar makt, og de skal fara med dei heilt-upp soleis som eg hev sagt dykk. 6 Ver sterke og djerve! Ræddest inkje, og skjelv inkje fyr dei! For Herren din Gud gjeng sjølv med deg; han vil inkje sleppa deg, og inkje slaa handi av deg.»

7 Og Moses kalla Josva aat seg, og sagde til han, medan heile Israel stod i kring: «Ver sterk og uforfærd! for du skal føra dette folket inn i det landet som Herren hev lova federne deira, og du skal hjelpa dei til aa vinna det. 8 Og Herren skal sjølv ganga fyre deg; han skal vera med deg. Han skal inkje sleppa deg, og inkje slaa handi av deg. Du skal inkje ræddast og inkje fæla!»

9 So skreiv Moses upp denne logi, og gav ho til prestarne — Levi-sønirne, dei som bar Herrens sambands-kiste — og til alle styres-mennerne i Israel, og sagde til dei: 10 «Kvart sjuande aar, i ettergjevings-aaret, naar de held lauv-skaale-helg, 11 og heile Israel møter fram fyr’ Herrens aasyn paa den staden han hev valt seg ut, daa skal de lesa upp denne logi fyr Israels-lyden. 12 Heile folket skal de kalla i hop, baade menner og kvende og born og dei framande som bur innan portarne dykkar, so dei fær høyra logi, og kann læra aa ottast Herren dykkar Gud og koma i hug aa halda alle desse bodi. 13 Og borni deira, som inkje kjenner bodi, lyt og faa høyra dei, so dei kann læra aa ottast Herren dykkar Gud so lenge de liver i det landet de no fer yver til og skal leggja under dykk.»

14 Og Herren sagde til Moses: «No lid det til at du skal fara or verdi: kall’ Josva hit, og stig fram aat møte-tjeldet, baade du og han, saa skal eg segja han fyre kaa han skal gjera.» So gjekk Moses og Josva fram aat møte-tjeldet, og vart staaande der. 15 Daa synte Herren seg fyr dei i ein sky-stopul, og sky-stopulen stod i tjeld-dyrri. 16 Og Herren sagde til Moses: «Naar du kviler hjaa federne dine, daa kjem dette folket til aa halda seg med av-gudarne i det landet dei skal til; dei kjem til aa venda seg ifraa meg, og brjota den pakti eg hev gjort med dei. 17 Den dagen skal harmen min loga upp imot dei; eg skal venda meg fraa , og løyna andlitet mitt fyr dei; dei skal tynast burt, og koma i stor naud og ulukke. Daa skal dei segja: «Det er visst av di vaar Gud inkje er hjaa oss, at desse ulukkurne kjem yver oss.» 18 Men endaa skal eg løyna andlitet mitt fyr dei, av di dei hev gjort so myki vondt og vendt seg til andre gudar.

19 Skriv no upp denne songen! Lat Israels-borni læra han, og legg han i munnen deira! Han skal vera meg til eit vitne-maal imot dei. 20 For no fører eg dei inn i det landet eg lova federne deira, der som mjolki og honingen fløymer; men naar dei hev eti seg mette og feite kjem dei til aa vende seg til andre gudar og tena dei, og vanvyrda meg, og brjota sambandet med meg. 21 Naar daa mange ulukkur møter dei, og dei kjem i stor vande og naud, daa skal denne songen ljoda som eit vitne-maal fyr’ øyro deira; han skal inkje verta gløymd hjaa dei som etter kjem, og inkje døy paa munnen deira. For eg veit kaa tankar dei gjeng med alt no, fyrr eg hev ført dei inn i det landet eg lova dei.»

22 Same dagen skreiv Moses upp denne songen, og let Israels-sønirne læra han.

23 Og Herren sagde til Josva Nuns-son: «Ver sterk og djerv! For du skal føra Israels-sønirne inn i det landet eg hev lova dei, og eg skal vera med deg.»

24 Daa Moses hadde skrivi inn i ei bok alle ordi i denne logi, heilt til endes, 25 so sagde han til Levitarne som bar Herrens sambands-kiste: 26 «Tak denne log-boki og legg ho ned inn-med sambands-kista aat Herren dykkar Gud; der skal ho liggja og vera eit vitne imot dykk. 27 For eg veit kor trassuge og stride de er. Hev de ’kje alt no, medan eg liver og er hjaa dykk, vori ulyduge mot Herren! Koss vil det daa verta naar eg er burte? 28 Kalla no i hop alle styres-mennerne fyr ættirne dykkar og alle formennerne, so vil eg kveda desse versi fyr dei, og taka himmelen og jordi til vitne mot dei! 29 For eg veit vel at naar eg er burte kjem de til aa forsynda dykk storleg, og taka ut-av den vegen eg hev synt dykk; men ulukka skal koma yver dykk fyrr leidi lyktar, naar de gjer det som Herren mislikar og argar han upp med fram-ferdi dykkar.»

30 So kvad Moses dette kvædet, fraa ende til annan, fyr heile Israels-lyden:


Tenákh

Torá
(Loven eller
Mosebøkerne)

  1. Beresjít (Genesis, 1. mosebok)
    Beresjít (1:1—6:8) · Nóaḥ (6:9—11:32) · Lekh lekhá (12:1—17:27) · Vajjéra (18:1—22:24) · Ḥajjé Sará (23:1—25:18) · Toledót (25:19—28:9) · Vajjeṣé (28:10—32:3) · Vajjisjláḥ (32:4—36:43) · Vajjésjeb (37:1—40:23) · Mikkéṣ (41:1—44:17) · Vajjiggásj (44:18—47:27) · Vajḥí (47:28—50:26)
  2. Sjemót (Exodus, 2. mosebok)
    Sjemót (1:1—6:1) · Vaerá (6:2—9:35) · Bo (10:1—13:16) · Besjalláḥ (13:17—17:16) · Jitró (18:1—20:26) · Misjpatím (21:1—24:18) · Terumá (25:1—27:19) · Teṣavvé (27:20—30:10) · Tissá (30:11—34:35) · Vajjak’hél (35:1—38:20) · Pekudé (38:21—40:38)
  3. Vajjikrá (Leviticus, 3. mosebok)
    Vajjikrá (1:1—5:26) · Ṣáv (6:1—8:36) · Sjeminí (9:1—11:47) · Tazríang (12:1—13:59) · Meṣoráng (14:1—15:33) · Aḥaré mót (16:1—18:30) · Kedosjím (19:1—20:27) · Emór (21:1—24:23) · Behár (25:1—26:2) · Beḥukkotái (26:3—27:34)
  4. Bammidbár (Numeri, 4. mosebok)
    Bemidbár (1:1—4:20) · Nasó (4:21—7:89) · Behangalotekhá (8:1—12:16) · Sjelaḥ-lekhá (13:1—15:41) · Kóraḥ (16:1—18:32) · Ḥukkàt (19:1—22:1) · Balák (22:2—25:9) · Pineḥás (25:10—30:1) · Mattót (30:2—32:42) · Mas’ngé (33:1—37:13)
  5. Debarím (Deuteronomium, 5. mosebok)
    Debarím (1:1—3:22) · Váet’ḥannán (3:23—7:11) · Ngékeb (7:12—11:25) · Reé (11:26—16:17) · Sjofetím (16:18—21:9) · Teṣé (21:10—25:19) · Tabó (26:1—29:8) · Niṣṣabím (29:9—30:20) · Vajjélekh (31:1—31:30) · Haazínu (32:1—32:52) · Vezót habberakhá (33:1—34:12)

Nebiím
(Profetane)

Ketubím
(Skriftene)

(sjå òg Dei apokryfe skriftene)