Parasjàt Vaet’ḥannán

Frå Alnakka.net

Femte Mose-bok, kap. 3:23—7:11

Omsetting: Alexander Seippel.

Kap. 3.

23 Og same gongen bad eg so vent til Herren, og sagde: 24 «Herre, min Gud, du hev alt synt meg so myki av din storleik og di all-makt — kor finst det ein gud i himmelen eller paa jordi som kann gjera slike stor-verk og under som du! 25 Aa, lat meg faa koma yver og sjaa det gilde landet paa hi sida aat Jordan — desse vene fjelli og Libanon!»

26 Men Herren var harm paa meg fyr dykkar skuld; han vilde inkje høyra paa meg, og sagde: «No lyt det vera nog! Tal’ inkje um dette til meg meir! 27 Stig upp paa Pisga-høgdi, og vend augo dine mot vest, og mot nord, og mot sud, og mot aust, og sjaa vel i kring deg! for denne Jordan-aai kjem du aldri yver. 28 So skal du segja Josva fyre, og styrkja og staal-setja han; for han skal føra dette folket yver, og hjelpa dei til aa vinna det landet du fær sjaa.»

29 So lagde me oss til i dalen, midt fyre Bet-Peor.

Kap. 4.

1 So høyr no, Israel, dei logirne og bodi eg lærer dykk, og hald dykk etter dei, so de kann faa liva og koma til aa eiga det landet som Herren, fedra-guden dykkar, vil gjeva dykk. 2 De skal ingen ting leggja att-aat det som eg segjer dykk fyre, og ingen ting taka ifraa, men lyda bodi fraa Herren dykkar Gud, dei som eg no ber fram fyr dykk. 3 De saag sjølve kaa Herren gjorde daa det hende detta med Ba’al-Peor: alle dei som heldt seg til Ba’al-Peor rudde Herren ut or lyden dykkar. 4 Men de som heldt fast paa Herren dykkar Gud de hev alle fengi liva til denne dag.

5 Sjaa no lærer eg dykk logir og bod, soleis som Herren min Gud hev sagt med meg, so de skal liva etter dei i det landet de kjem til og fær i eige. 6 So ber dei daa i hugen, og liv etter dei! Daa fær de ord fyr visdom og klokskap hjaa alle folke-slag; naar dei høyrer um alle desse bodi kjem dei til aa segja: «For eit vist og vitugt folk det maa vera, dette store folket!» 7 For kor finst det eit folk, um det er aldri so stort, som hev ein gud so nær seg som Herren vaar Gud er oss kvar gong me kallar paa han? 8 Og kor finst det eit folk, um det er aldri so stort, som hev so rett-vise logir og bod som heile denne logi eg legg fram fyr’ dykk i dag?

9 Men akta deg, so sannt du hev livet ditt kjært, at du inkje gløymer det du saag fyr’ augo dine! Lat det aldri ganga deg ut-or hugen so lenge du liver, og gjer det kunnugt fyr borni og barna-borni dine! 10 Kom i hug den dagen du stod framfyr’ Herren din Gud inn-med Horeb, og Herren sagde til meg: «Kalla folket i hop! Eg vil lata dei høyra bodi mine, so dei kann læra aa ottast meg all den tid dei liver paa jordi, og læra borni sine det same.» 11 Daa kom de inn-aat, og stod ned-under fjellet, og fjellet stod i ljos loge til langt upp i himmelen, men rundt i kring var myrkr og sky og skodd. 12 Og Herren tala til dykk midt ut-or elden; de høyrde ljoden av ordi, men nokon skapnad saag de inkje; de høyrde berre ljoden. 13 Daa lyfte han logi si fyr dykk, og bad dykk aa halda ho — dei ti bod-ordi, og skreiv dei paa tvo stein-tavlur. 14 Og meg bad Herren same gongen aa læra dykk logir og bod som de skulde liva etter i det landet de er paa vegen til og skal leggja under dykk.

15 Tak dykk daa vel i vare, so sannt de hev livet kjært! for de saag inkje nokon skapnad daa Herren tala til dykk paa Horeb midt ut-or elden. 16 Gjer inkje so stor ei synd at de lagar dykk noko guda-bilæte, noko kunst-verk som likjest mann eller kvende 17 eller noko av dyri som leikar paa jordi eller nokon av fuglarne som flyg upp-i lufti 18 eller noko av kreket som krabbar paa marki eller nokon av fiskarne som sym i vatnet ut-fyre land-jordi. 19 Og naar du lyfter augo dine upp imot himmelen, og skodar soli og maanen og stjønnurne, heile himmel-heren, tak deg daa i vare at du inkje let deg daara, so du bed til dei og dyrkar dei — dei som Herren din Gud hev gjevi aat alle folk under himmelen! 20 Men dykk tok Herren og førde ut or jarnomnen — or Egyptaland — so de skulde vera hans eigi folk, soleis som de no er.

21 Og Herren vart harm paa meg fyr dykkar skuld, og svor at eg inkje skulde sleppa yver Jordan, og inkje koma inn i det gilde landet som Herren din Gud gjev deg til odel og eige. 22 Eg lyt døy i dette landet — eg slepp inkje yver Jordan; men de skal koma yver, og faa det gilde landet til eigedom. 23 Akta dykk daa at de inkje gløymer den pakti Herren hev gjort med dykk, og lagar dykk noko guda-bilæte som likjest nokon ting i verdi! for det hev Herren din Gud forbodi deg — 24 Herren din Gud er ein øydande eld, ein streng Gud.

25 Naar de fær born og barna-born, og vert gamle i landet, og de daa er so gud-lause at de lagar dykk likjend av eit eller anna og hev til guda-bilæte, og soleis gjer det som Herren tykkjer ille um og argar han upp, 26 so tek eg i dag himmel og jord til vitne paa at de snart skal verta ut-rudde or det landet de fær i eige naar de kjem yver Jordan; de skal inkje faa liva der lenge, men verta heilt-upp ut-øydde. 27 Herren skal spreida dykk millom folki, so det berre er att nokre faae av dykk i dei heidning-riki han fører dykk til; og der lyt de tena gudar som manna-hender hev laga, stokk og stein, som korkje kann sjaa eller høyra eller eta eller lukta. 29 Daa skal du søkja Herren din Gud, og du skal finna han, so sannt du søkjer han av heile ditt hjarta og heile din hug. 30 Naar du er i vande, og alt dette kjem yver deg, langt fram i tidi, daa skal du venda deg til Herren att, og høyra paa ordi hans. 31 For Herren din Gud er ein mild Gud; han slepper deg inkje, og let deg inkje ganga til grunnar; han gløymer inkje den pakti han gjorde med federne dine og det han daa lova.

32 For spyrr deg berre fyre um dei framfarne dagar, som var fyre di tid, alt ifraa den dagen daa Gud skapte menneskja paa jordi, spyrr fraa den eine enden av verdi til hin, um det hev hendt eller vori spurt noko so stort som dette — 33 um noko folk hev høyrt Guds røyst midt ut-or elden, soleis som du hev gjort, og endaa fengi liva, 34 eller um nokon Gud hev bodi til aa vilt henta seg eit folk midt ut or eit anna folk, med plaagur og teikn og under og ufred, og med fast hand og strak arm og store rædslur, soleis som du saag Herren din Gud gjorde med deg i Egyptaland. 35 Men deg synte han alt dette, so du skulde vita at Herren er Gud, han og ingen annan. 36 Fraa himmelen let han deg høyra røysti si, av di han vilde rett-leida deg, og paa jordi synte han deg den store elden sin, og midt ut-or elden høyrde du ordi hans. 37 Han hadde lagt hug til federne dine, og kaara ut ætti deira; difyr henta han deg sjølv ut or Egyptaland med si store makt, 38 og vilde fyr di skuld driva ut folk som er større og sterkare en du, so han kunde føra deg inn i landet deira og lata deg faa det til odel og eige, soleis som han no gjerer.

39 So skal du daa i dag leggja deg paa hjarta og minne at Herren er Gud baade upp-i himmelen og ned-paa jordi — det finst ingen annan Gud — 40 og du skal halda logirne og bodi hans, som eg lærer deg no; daa skal det gaa deg vel, og borni dine og, og du skal faa liva lenge i det landet som Herren din Gud gjev deg til æveleg eige.»

41 Den gongen skilde Moses ut tri byar austan-fyr’ Jordan, 42 so ein fred-laus kunde ryma dit, naar han uviljande hadde drepi nokon, og inkje bar hat til han fraa fyrr: rymde han til ein av dei byarne, skulde han vera trygg fyr livet sitt. 43 Det var Beser i øyde-marki, paa høg-sletta, fyr Rubenitarne, og Ramot i Gilead, fyr Gaditarne, og Golan i Basan, fyr Manassitarne.

44 Her er daa den logi som Moses lagde fram fyr’ Israels-sønirne; 45 dette er dei bodi og fyre-segnirne og rettarne han lyste fyr dei paa ferdi fraa Egyptaland, 46 austan-fyr’ Jordan, i dalen midt fyre Bet-Peor, i det landet som Sihon, Amorita-kongen, hadde aatt, han som budde i Hesbon, og som Moses og Israels-sønirne vann yver daa dei kom fraa Egyptaland; 47 daa tok dei baade hans land og landet aat Og, kongen i Basan, landet aat baae Amorita-kongarne som budde austan-fyr’ Jordan, 48 fraa Aroer, som ligg inn-med Arnon-aai, til Sion-fjellet — det som dei kallar Hermon — 49 og heile Moa-landet austan-fyr’ Jordan alt til Moa-vatnet, ned-under Pisga-lidirne.

Kap. 5.

1 Og Moses kalla i hop heile Israel, og sagde til dei: «Høyr, Israel, dei logirne og bodi som eg lyser fyr dykk i dag, og lær dei, og ber dei i hugen, so de liver etter dei! 2 Herren vaar Gud gjorde ei pakt med oss paa Horeb. 3 Det var inkje med federne vaare han gjorde den pakti, men med oss, alle me her som liver i dag. 4 Aasyn mot aasyn tala Herren med dykk paa fjellet, midt ut-or elden. 5 Eg stod millom Herren og dykk den gongen, og bar fram fyr’ dykk Herrens ord; for de var rædde elden, og vaaga dykk inkje upp paa fjellet.

6 Han sagde: «Eg er Herren din Gud, som førde deg ut or Egyptar-landet, or slava-huset.

7 Du skal inkje hava nokon annan Gud att-aat meg! 8 Du skal inkje gjera deg noko guda-bilæte, nokor likning av det som er upp-i himmelen eller det som er ned-paa jordi eller det som er i vatnet nedan-fyr’ land-jordi! 9 Du skal inkje bøygja kne fyr dei, og inkje beda til dei! For eg, Herren din Gud, er ein streng Gud; eg hemner broti aat federne paa borni og barna-borni og barna-barns-borni av dei som hatar meg, 10 men imot dei som elskar meg og held bodi mine gjer eg vel til tusande leden.

11 Namnet aat Herren din Gud skal du inkje taka uvyrdsleg paa tunga! For Herren held inkje den uskuldug som nemner namnet hans vyrd-laust.

12 Du skal koma i hug kvile-dagen, og halda han heilag, soleis som Herren din Gud hev sagt med deg! 13 Seks dagar maa du arbeida og gjera alt det du skal. 14 Men den sjuande dagen skal vera kvile-dag og vigd aat Herren din Gud. Daa skal du inkje gjera noko arbeid, korkje du eller son din og dotter di, eller drengen din og tenest-gjenta, eller uksen og asnet eller noko anna av dyri dine, eller den framande som held seg innan portarne dine! For tenaran’ dine lyt kvila dei som du. 15 Kom i hug at du sjølv var tenar i Egyptar-landet, og Herren din Gud henta deg ut der-ifraa med sterk hand og strak arm; difyr hev han sagt deg at du skal halda kvile-dagen heilag.

16 Du skal æra far din og mor di, som Herren din Gud hev sagt med deg; daa skal du faa liva baade lenge og vel i det landet som Herren din Gud gjev deg.

17 Du skal inkje drepa!

18 Og du skal inkje gjera hor!

19 Og du skal inkje stela!

20 Og du skal inkje vitna rangt imot grannen din!

21 Og du skal inkje hava hug til kona aat grannen din!

Og du skal inkje traa etter huset aat grannen din, eller garden hans, eller drengen og tenest-gjenta hans, eller uksen og asnet eller noko anna som høyrer grannen din til.»

22 Desse ordi tala Herren paa fjellet med høg røyst til heile lyden, midt ut-or elden og skyi og myrkret, og meir sagde han inkje; han skreiv dei paa tvo stein-tavlur, og gav dei til meg. 23 Men daa de høyrde røysti midt ut-or myrkret, og fjellet stod i ljos loge, daa kom de til meg, alle ættar-hovdingan’ og styres-mennerne dykkar, og sagde: 24 «No hev Herren vaar Gud synt oss si bragd og sitt velde, og me hev høyrt røysti hans midt ut-or elden; i dag hev me set at ein mann kann liva, um Gud hev tala med han. 25 Og so lyt me døy like-vel! For denne svære elden kjem til aa tyna oss. Høyrer me no lenger paa røysti aat Herren vaar Gud, so døyr me. 26 For kven finst det paa jordi som hev høyrt den livande Gud tala midt ut-or elden, som me, og endaa fengi liva? 27 Gakk du inn-aat, og høyr kaa Herren vaar Gud segjer! So kann du segja med oss alt det han talar til deg, og me skal høyra og lyda.»

28 Daa Herren høyrde kaa de tala med meg um sagde han til meg: «Eg høyrde kaa folket sagde med deg; det er rett alt det dei hev sagt. 29 Gjev dei all tid maatte hava den same hugen til aa ottast meg og halda alle bodi mine, so det kann gaa dei og borni deira vel i all æve! 30 Gakk burt til dei og seg at dei kann gaa heim att til budirne sine. 31 Men du lyt vera att her hjaa meg, so eg kann segja deg alle bodi og logirne og rettarne som du skal læra dei, og som dei skal liva etter i det landet eg gjev dei til eige.»

32 So kom daa i hug aa gjera som Herren dykkar Gud hev sagt til dykk! Tak inkje or leidi, korkje til høgre eller vinstre! 33 Fylg all-stødt den vegen som Herren hev synt dykk! Daa skal de trivast og liva baade vel og lenge i det landet de fær til eige.

Kap. 6.

1 Dette er dei bodi og logirne og rettarne som Herren dykkar Gud sagde eg skulde læra dykk, og som han vil de skal liva etter i det landet de er paa vegen til og skal leggja under dykk. 2 Ottast du Herren din Gud, og held du heile ditt liv alle bodi og logirne hans, som eg ber fram fyr’ deg no, du og son din og sonar-son din, daa skal dagan’ dine verta mange paa jordi. 3 So høyr daa bodi hans, Israel, og ber dei i hugen, og liv etter dei; daa skal det gaa deg vel, og de skal aukast og trivast i eit land som fløymer med mjolk og honing, soleis som Herren, din fedra-gud, hev sagt med deg.

4 Høyr, Israel: Herren er vaar Gud, han den einaste. 5 Du skal elska Herren din Gud av alt ditt hjarta og av all din hug og av all di makt. 6 Og desse ordi som eg lærer deg no, dei skal du gjøyma i hjarta; 7 du skal prenta dei inn i borni dine, og tala um dei naar du sit heime, og naar du gjeng etter vegen, og naar du legg deg, og naar du ris upp att; 8 og du skal binde dei paa handa di til eit merke, og bera dei som eit hovud-band yver augo, 9 og skriva dei paa dura-skidun’ i huset ditt og paa portarne dine.

10 No fører Herren deg inn i det landet som han lova federne dine, Abraham og Isak og Jakob, at han vilde gjeva deg, til store og vene byar, som du inkje hev bygt, 11 og fulle hus, som du inkje hev fyllt, til gravne brunnar, som du inkje hev gravi, og hagar med vin- og olje-tre, som du inkje hev sett. Naar du daa nyt godt av alt dette, 12 so akta deg at du inkje gløymer Herren, han som henta deg ut or Egyptar-landet, or slava-huset! 13 Herren din Gud skal du ottast, og han skal du tena, og ved hans namn skal du sverja. 14 Far inkje etter andre gudar, som folki rundt i kring dykk fer etter! 15 For Herren dykkar Gud, som er midt i millom dykk, han er ein streng Gud; han kunde harmast so han rudde dykk ut or verdi.

16 De maa inkje freista Herren dykkar Gud, soleis som de gjorde i Massa! 17 Trutt skal du fylgja dei bodi og logirne og fyre-segnirne som Herren din Gud hev gjevi deg, 18 og gjera det som er godt og rett i hans augo. Daa skal det gaa deg vel; du skal faa eiga det gilde landet som Herren lova federne dine, 19 og han skal driva ut alle fiendar fyr deg, soleis som han hev sagt.

20 Naar son din sidan spyrr deg: «Koss er det med desse logirne og fyre-segnirne og bodi, som Herren vaar Gud hev gjevi dykk?» 21 daa skal du segja med han: «Me var trælar hjaa Farao i Egyptaland; men Herren førde oss med fast hand ut or Egyptar-landet. 22 Og Herren let store og øgjelege teikn og under henda i Egyptaland, med Farao og heile folket hans, midt fyr augo vaare. 23 Men oss førde han burt; han vilde fylgja oss til det landet han hadde lova federne vaare, og gjeva oss det. 24 Daa sette han oss fyre aa halda alle desse bodi, og ottast Herren vaar Gud, so det skulde gaa oss vel alle dagar, og han kunde lata oss liva, som han til dessa hev gjort. 25 Og det skal reiknast oss til rett-ferd at me held alle desse bodi og liver etter dei fyr’ Herrens augo, soleis som han hev sagt oss.

Kap. 7.

1 Sjaa no fører Herren deg inn i det landet du etlar deg til, og vil fyr di skuld driva ut store folka-slag: Hettitarne og Girgasitarne og Amoritarne og Kananitarne og Perizzitarne og Hevvitarne og Jebusitarne, sju folk som er større og sterkare en du; 2 men naar han hev gjevi dei i di makt, og du hev vunni yver dei, daa skal du bann-støyta dei; du maa inkje gjera nokor semje med dei, og inkje gjeva dei grid; 3 du maa inkje hava nokor hopa-gifting med dei: inkje maa du gjeva døtterne dine til sønirne deira, og inkje taka døtterne deira til konur aat sønirne dine; 4 for dei kunde faa sømirne dine til aa falla fraa Herren og tena andre gudar, og daa kom Herren til aa harmast paa dykk, og rydja dykk ut, og det fort. 5 Høyr no koss de skal fara med desse folki: Altari deira skal de riva ned, og minne-steinarne skal de slaa sund; dei heilage trei deira skal de fella, og avguds-bilæti skal de brenna upp. 6 For du er eit heilagt folk, vigt aat Herren din Gud; deg valde han ut millom alle folka-slag paa jordi, og vilde du skulde vera hans eigi folk.

7 Det var inkje av di du var større en alle dei andre folki at Herren lagde hug til deg og kaara deg ut; for du er det minste av alle folk. 8 Men han elska deg, og vilde halda det han hadde lova federne dine; difyr førde han deg burt med fast hand, og fria deg ut or slava-huset, or henderne paa Farao, Egyptar-kongen.

9 So maa du daa vita at Herren din Gud han er den rette Gud, den tru-faste Gud, som held det han lovar. Mot dei som elskar han og held bodi hans gjer han vel til tusande leden, 10 og dei som hatar han gjev han løni paa loven, so dei gjeng til grunnar — han held inkje att løni fyr dei, men greider ho midt upp i handi deira. 11 So kom daa i hug dei bodi og fyre-segnirne og logirne som eg ber fram fyr’ deg i dag, og liv etter dei!


Tenákh

Torá
(Loven eller
Mosebøkerne)

  1. Beresjít (Genesis, 1. mosebok)
    Beresjít (1:1—6:8) · Nóaḥ (6:9—11:32) · Lekh lekhá (12:1—17:27) · Vajjéra (18:1—22:24) · Ḥajjé Sará (23:1—25:18) · Toledót (25:19—28:9) · Vajjeṣé (28:10—32:3) · Vajjisjláḥ (32:4—36:43) · Vajjésjeb (37:1—40:23) · Mikkéṣ (41:1—44:17) · Vajjiggásj (44:18—47:27) · Vajḥí (47:28—50:26)
  2. Sjemót (Exodus, 2. mosebok)
    Sjemót (1:1—6:1) · Vaerá (6:2—9:35) · Bo (10:1—13:16) · Besjalláḥ (13:17—17:16) · Jitró (18:1—20:26) · Misjpatím (21:1—24:18) · Terumá (25:1—27:19) · Teṣavvé (27:20—30:10) · Tissá (30:11—34:35) · Vajjak’hél (35:1—38:20) · Pekudé (38:21—40:38)
  3. Vajjikrá (Leviticus, 3. mosebok)
    Vajjikrá (1:1—5:26) · Ṣáv (6:1—8:36) · Sjeminí (9:1—11:47) · Tazríang (12:1—13:59) · Meṣoráng (14:1—15:33) · Aḥaré mót (16:1—18:30) · Kedosjím (19:1—20:27) · Emór (21:1—24:23) · Behár (25:1—26:2) · Beḥukkotái (26:3—27:34)
  4. Bammidbár (Numeri, 4. mosebok)
    Bemidbár (1:1—4:20) · Nasó (4:21—7:89) · Behangalotekhá (8:1—12:16) · Sjelaḥ-lekhá (13:1—15:41) · Kóraḥ (16:1—18:32) · Ḥukkàt (19:1—22:1) · Balák (22:2—25:9) · Pineḥás (25:10—30:1) · Mattót (30:2—32:42) · Mas’ngé (33:1—37:13)
  5. Debarím (Deuteronomium, 5. mosebok)
    Debarím (1:1—3:22) · Váet’ḥannán (3:23—7:11) · Ngékeb (7:12—11:25) · Reé (11:26—16:17) · Sjofetím (16:18—21:9) · Teṣé (21:10—25:19) · Tabó (26:1—29:8) · Niṣṣabím (29:9—30:20) · Vajjélekh (31:1—31:30) · Haazínu (32:1—32:52) · Vezót habberakhá (33:1—34:12)

Nebiím
(Profetane)

Ketubím
(Skriftene)

(sjå òg Dei apokryfe skriftene)