Parasjàt Tabó

Frå Alnakka.net
Den utskrivbare versjonen er ikkje lenger støtta eller kan ha rendring-feil. Oppdater eventuelle bokmerke i nettlesaren din og bruk den vanlege utskriftsfunksjon til nettlesaren i staden.

Femte Mose-bok, kap. 26:1—29:8

Omsetting: Alexander Seippel.

Kapitel 26.

1 Naar du er komen til det landet som Herren din Gud gjev deg til odel og eige, og hev lagt det under deg og fest bu der, 2 daa skal du taka noko av fyrste-grøda av alt som du avlar der i landet, og leggja i ei korg, og fara til den staden som Herren din Gud hev valt seg til bu-stad. 3 Der skal du ganga fram fyr’ den presten som daa er, og segja til han: «Eg vitnar i dag fram-fyr’ Herren din Gud at eg er komen til det landet han lova federne vaare aa gjeva oss.» 4 Og presten skal taka imot korgi, og setja ho ned fram-fyr’ altaret aat Herren din Gud. 5 So skal du taka soleis til ords fyr’ Herrens aasyn: «Ættar-far min var ein heim-laus Aramæar; han for ned til Egyptaland, og heldt til der med ein liten flokk, og der vart dei til eit stort og sterkt og fjølmennt folk. 6 Men Egyptarane for ille med oss, og plaaga oss, og lagde tungt arbeid paa oss. 7 Daa ropa me til Herren, vaar fedra-gud, og Herren høyrde oss, og saag møda og naudi og plaaga vaar. 8 Og Herren henta oss ut or Egyptaland med sterk hand og strak arm, og med store og øgjelege under og teikn, 9 og han førde oss hit, og gav oss dette landet, som fløymer med mjølk og honing. 10 Og sjaa no kjem eg med fyrste-grøda av den jordi du hev gjevi meg, Herre!»

So skal du leggja det ned fyr’ Herrens aasyn, og kasta deg paa kne fyr Herren din Gud; 11 og du skal gleda deg i alt set gode Herren din Gud hev gjevi deg og huset ditt, baade du og Levitarne og dei framande som bur millom dykk.

12 Naar du i det tridje aaret — tiend-aaret — hev reidt ut heile tiendi av avlingi di, og gjevi Levitarne og dei framande og dei far-lause og enkjurne som bur millom dykk, so dei hev fengi sitt nøgje, daa skal du tala so fram-fyr’ Herren din Gud: 13 «No hev eg bori det heilage ut or huset, og gjevi det til Levitarne og dei framande, dei far-lause og enkjurne, heilt-upp soleis som du hev sagt meg fyre; eg hev inkje broti noko av bodi dine, og inkje gløymt noko av dei. 14 Inkje hev eg eti noko av tiendi medan eg hadde sorg, og inkje bori burt noko, medan eg var urein, og inkje sendt noko til eit grav-øl. Eg hev vori lydig mot Herren min Gud, og i alle maatar gjort soleis som du sagde med meg. 15 Sjaa ned fraa den heilage bu-staden din i himmelen, og sign Israel, folket ditt, og det landet du hev gjevi oss, soleis som du lova federne vaare, det landet som fløymer med mjølk og honing.[»]

16 I dag segjer Herren deg det at du skal halda desse bodi og logirne. So legg dei daa paa minne, og liv etter dei med heile ditt hjarta og heile din hug. 17 Av Herren hev du i dag teki imot den lovnaden at han vil vera din Gud — so vil du ganga paa hans vegir, og halda fyre-segnirne og bodi og logirne hans — 19 daa vil han gjera deg til det høgste av alle folk han hev skapt, til ære og gjetord og pryd, og du skal vera eit heilagt folk, vigt til Herren din Gud, soleis som han hev sagt.

Kapitel 27.

1 Og Moses og styres-mennerne i Israel tala til folket, og sagde: «Legg dykk paa minne alle dei bodi eg lærer dykk i dag; 2 og naar du hev gjengi yver Jordan, inn i det landet som Herren din Gud vil gjeva deg, daa skal du reisa upp nokre store steinar, og kalka dei; 3 paa dei skal du, naar du er komen yver, skriva alle bodi i denne logi — so sannt du daa vil inn i det landet Herren din Gud gjev deg, det landet som fløymer med mjolk og honing, soleis som Herren, din fedra-gud, hev sagt deg. 4 Paa Ebal-fjellet skal du reisa upp desse steinarne, som eg talar til deg um no, og kvita dei med kalk, og det skal du gjera med same du hev komi over Jordan. 5 Og du skal byggja eit altar der aat Herren din Gud, eit stein-altar; men du maa inkje bruka jarn paa steinarne; 6 av heile steinar skal du byggja altaret, og du skal ofra eit brenne-offer paa det til Herren din Gud. 7 Og takk-offer skal du ofra, og halda eit høgtids-maal der, og gleda deg fyr’ augo aat Herren din Gud. 8 Og so skal du skriva alle bodi i denne logi paa steinarne, klaart og greidt.»

9 Og Moses og Levi-prestarne tala til heile Israel, og sagde: «Gjev gaum og høyr, Israel! I dag hev du vorti folket aat Herren din Gud. 10 So ver daa lydug mot Herren din Gud, og haldt bodi og logirne hans som eg lærer deg i dag!»

11 Og same dagen sagde Moses til folket: 12 «Naar de er komne yver Jordan, daa skal Simeon og Levi og Juda og Issakar og Josef og Benjamin stiga upp paa Gerizim-fjellet, og lysa velsigning yver folket. 13 Og Ruben, Gad og Aser og Zebulon, Dan og Naftali skal stiga upp paa Ebal-fjellet, og lysa vaabøn.

14 Og Levitarne skal taka til ords og segja so høgt at kvar mann i Israel høyrer det:

15 «Forbanna vere den som hev ein kunst-mann til aa gjera seg eit guda-bilæte, støypt eller ut-skori, og set det upp i løynd, det som er ein styggedom fyr Herren!» Og heile folket skal svara: “Ja, ja!”

16 «Forbanna vere den som vanvyrder foreldri sine!» Og heile folket skal segja: “Ja, ja!”

17 «Forbanna vere den som flyt merke-steinarne millom seg og grannen!» Og heile folket skal segja: “Ja, ja!”

18 «Forbanna vere den som fører ein blind på galen veg!» Og heile folket skal segja: “Ja, ja!”

19 «Forbanna vere den som rengjer retten fyr ein framand eller ein far-laus eller ei enkje!» Og heile folket skal segja: “Ja, ja!”

20 «Forbanna vere den som ligg hjaa styk-mor si! Han sulkar lega aat far sin!» Og heile folket skal segja: “Ja, ja!”

21 «Forbanna vere den som blandar seg med fe!» Og heile folket skal segja: “Ja, ja!”

22 «Forbanna vere den som ligg hjaa syster si, anten det er heil-syster eller halv-syster!» Og heile folket skal segja: “Ja, ja!”

23 «Forbanna vere den som ligg hjaa vermor si!» Og heile folket skal segja: “Ja, ja!”

24 «Forbanna vere den som slær nokon i hel i løynd!» Og heile folket skal segja: “Ja, ja!”

25 «Forbanna vere den som tek mutur, og veld at ein uskuldug let livet!» Og heile folket skal segja: “Ja, ja!”

26 «Forbanna vere den som inkje held alle bodi i denne logi, og inkje liver etter dei!» Og heile folket skal segja: “Ja, ja!”

Kapitel 28

1 Høyrer du no med aat-hug paa røysti aat Herren din Gud — hugsar og held du alle dei bodi eg gjev deg i dag, so skal han hevja deg høgt yver alle lydar paa jordi. 2 Kvar velsigning eg nemner skal naa deg og taka deg att, so sannt som du vil høyra paa røysti aat Herren din Gud:

3 Velsigna vere du i by!
Velsigna vere du paa land!
4 Velsigna barnet i ditt fang!
Velsigna avlen av di jord!
Velsigna buskapen du el,
velsigna kalv og lamb og kje!
5 Velsigna hjaa deg korg og trog!
6 Velsigna ver naar du kjem inn!
Velsigna ver naar du gjeng ut!

7 Naar fiendarne reiser seg mot deg skal Herren fella dei ned fyr’ din fot; paa ein veg kjem dei farande imot deg, men paa sju vegir skal dei ljota fly. 8 Til lukka skal din Herre senda bod at ho skal bu hjaa deg i budin’ dine og fylgja deg i all di ferd og gjerd; for Herren vil at du skal liva sæl ut-i det landet han hev etla deg.

9 Ja, til eit heilagt folk vil Herren gjera deg, vigt aat han sjølv, som han hev lova deg, soframt du held hans bod og ferdast paa hans veg; 10 og alle folk paa jordi skal sjaa at du med rette heiter Herrens lyd, og dei skal ræddast deg.

11 Nøgdi av alt som godt er skal han senda deg, av born og buskap og av alt som marki ber, og du skal bu og byggja i det land han lova federne aa gjeva deg. 12 Si rike bud i himlen skal han lata upp fyr deg, so landet ditt i tidom fær det regn som trengst, og alt vert signa som du tek deg til; og du skal laana burt til mange folk, men aldri skal du turva laana sjølv.

13 Til hovud skal din Herre setja deg, og aldri skal du verta hale. Høgre og høgre skal du stiga upp, og aldri meire skal du siga ned, so sannt du berre lyder Herrens bod — dei som eg no legg fram fyr’ deg, so du skal halda dei og liva etter dei — 14 og aldri tek ut-or den rette leid, og gløymer ordi som eg lærde deg, og fylgjer nokon annan Gud, og bed til han.

15 Men vil du inkje høyra paa røysti aat Herren din Gud — hugsar og held du ’kje alle bodi og logirne hans, dei som eg legg fram fyr’ deg i dag, skal det ganga deg so at kvar vaabøn eg nemner skal naa deg og taka deg att:

16 Forbanna vere du i by!<bt> Forbanna vere du paa land!<bt> 17 Forbanna hjaa deg korg og trog!<bt> 18 Forbanna borni som du fær!<bt> Forbanna avlen av di jord!<bt> Forbanna buskapen du el,<bt> Forbanna kalv og lamb og kje!<bt> 19 Forbanna ver naar du kjem inn!<bt> Forbanna ver naar du gjeng ut!

20 Vaabønir, støkk og trugs-maal sender Herren yver deg, kaa du so tek deg til og gjer, til du vert tynt og vonom fyrr kverv burt, fyr di du jamt hev gjort so myki vondt, og falli fraa din Gud. 21 Farangar skal han lata hanga att-i deg, til han hev rudt deg ut or landet som du er paa vegen til og skal slaa under deg. 22 Med sott som syg og brenner skal han søkja deg, med hite-flagur og med verk og svull, med turk-aar og med mold-aks og med rust, og dei skal elta deg til du er kvitt. 23 Himlen upp-yver deg skal vera som eit kopar-tak, og jordi under føtan’ dine som av jarn. 24 Regnet du skulde hatt skal verta dust og sand, som fell ned-yver deg til du vert kjøvd.

25 Fyr fiendarne skal du rjuka: paa ein veg fer du imot dei; paa sju vegir skal du fly. Ei skræme vert du fyr kvart rike jordi rundt. 26 Til mat fyr fuglarne i lufti vert ditt lik, og for dei ville dyri; ingen jagar dei.

27 Egyptar-sotti sender Herren yver deg, kaunar og skabb og saarkje, utan lækje-von; 28 vit-løyse, hjarte-støkk og blindskap sender han; 29 daa lyt du trivla deg fram midt i dagsens ljos, den blinde lik som all tid gjeng i myrkr, og aldri naar du maalet som du stemner mot. Plaaga og plundra vert du dag fyr dag, og ingen finst det som kann hjelpa deg.

30 Ein annan mann tek bruri di i fang; i huset du hev bygt fær du ’kje bu; av hagen du hev stellt fær du ’kje frukt.

31 Slakta vert uksan’ dine med’ du ser paa det; men du fær inkje smaka deira kjøt; asni vert rana fraa deg, og kjem aldri att; og fienden tek sauin’ — ingen hjelper deg.

32 Borni vert gjevne til eit framandt folk, og augo dine skodar det, og græt seg saare etter dei all dagen lang; men det er ingor makt i handa di.

33 Eit folk du inkje kjenner et upp det som du hev avla paa di fedra-jord, og alt som du hev vunni med ditt stræv; trælka og traadd paa vert du jamt og samt. 34 Du kjem te missa vitet av den syn som du lyt sjaa fyr’ augo dine stødt.

35 Med vonde verkir søkjer Herren deg, paa kne og legg, fraa hovud og til fot, og aldri fær du atter helsa meir.

36 Deg og den kongen du set yver deg skal Herren føra langt burt til eit folk som korkje du ell’ federne hev kjent; der lyt du tena andre gudar, stokk og stein; 37 ein spegjel, eit ord-tøkje og ei spott vert du fyr alle folk som Herren let deg koma til.

38 Paa aakrane saar du ut myki korn, men liti er det du fær samla inn; for gras-hopparne gnagar brodden av. 39 Vin-hagar kostar du, og dyrkar dei; men aldri fær du drukki ell’ lagt vin; for makken et upp baade blom og blad. 40 I heile landet er det olje-tre; men endaa fær du aldri salva deg — det kastar karten, olje-treet ditt. 41 Born fær du, men du maa ’kje hava dei; for dei vert her-tekne og førde burt.

42 Av-aatet legg seg tett paa alle tre og grøda som veks upp av jorda di.

43 Den framande som bur hjaa deg stig upp, høgre og høgre, yver deg, og du sig all-stødt djupare og djupare. 44 Han hev so han kann laana burt til deg, men du hev inkje til aa laana han; han vert til hovud, og du vert til hale.

45 Og alle desse vaabønin’ kjem yver deg og raamar deg, so du vert øyde-lagd, fyr di du inkje lydde Herrens ord, og inkje heldt hans bod og logirne han gav. 46 Og dei skal verta til eit bisn og teikn som all-stødt fylgjer deg og ætti di.

47 Fyr di du inkje tente Herren din med glede og av hjartans gode hug den gongen daa du hadde flust av alt, 48 so skal du svolten, tyrst og klæde-laus og aud fyr all ting tena fienden som Herren sender mot deg, og eit jarn-ok skal han leggja paa din hals, til du vert kverkt.

49 Herren skal bjoda ut mot deg eit folk langt burtan-til, fraa verdsens ytste land; braadt liksom ørni slær det ned paa deg, og inkje kann du skyna deira maal — 50 eit hard-leitt folk, som ingen age hev fyr den som gamall er, og ingen med-ynk med den som er ung; 51 dei et upp alt du fær av buskapen, og all di avling, til du svelt i hel, av di dei inkje leiver anten korn ell’ vin ell’ olje, antan kalv ell’ lamb, fyrr dei hev fengi øydt og snøydt deg reint. 52 Dei kringset deg i kvar ein by du hev, til dess dei høge sterke murarne du lit paa, fell i heile riket ditt; dei kring-set deg i alle byarne i heile landet Gud hev gjevi deg.

53 Daa skal du eta eigi kjøt og blod — dei borni som din Gud hev gjevi deg — so stor ei trengsle og so hard ei naud kjem fienden te føra yver deg. 54 Den kjælnaste og vandaste av menn skal sjaa med ovunds-auga paa sin bror, og paa si kone, som han held i fang, og paa dei sisste borni han hev att, 55 og inkje nennast gjeva dei eit grand av kjøtet av dei borni som han et av di han ingen annan ting hev att te bergja seg med i den naud og trong som fiendarne fører yver han naar dei kring-set dykk i kvar borg og by. 56 Den kjælnaste og mest forvande dros som aldri baud til setja fot paa jord fyr berre blaut-læte og kjælenskap, ho ser med ovunds-auga paa sin mann, han som fekk kvila inn-med hennar barm, og paa sin eigen son, og dotter si, 57 og gjev dei inkje av si etter-ferd, ell’ av det vesle barnet som ho fekk, men snøydd fyr alt, et ho det sjølv i løynd, te bergja livet i den naud og trong som fiendarne fører henne i naar dei kring-set dykk i kvar by og borg.

58 Held du ’kje alle bod i denne log — dei som stend skrivne her i denne bok ’ ottast du inkje det høg-heilage og agelege namnet aat din Gud, 59 skal Herren senda føle ulukkur yver deg sjølv og yver ætti di, svære og ende-lause ulukkur og ende-lause vonde sjukdomar. 60 Egyptar-sjukan’ som du er so rædd, dei skal han føra yver deg paa ny, og dei skal alle hanga att-i deg. 61 Og kvar ei sott og kvar ei ulukke som er unemnd i denne log-boki, skal Herren lata koma yver deg, til du er heilt-upp tynt og øydelagd, 62 og de som fyrr var liksom stjønnurne paa himmelen i tal, skal minka burt, so de er atter berre tvo tri mann, fyr di de inkje lydde Herrens bod.

63 Og liksom Herren fyrr hev gledt seg i aa gjera vel mot dykk og auka dykk, so skal han sidan gleda seg naar han let dykk forkomast fort og øydast ut, og de skal rykkjast upp ut-or det land de no skal inn i og slaa under dykk. 64 Herren skal spreida dykk blandt alle folk, fraa heimsens eine ende til den hin; der lyt du tena av-gudar som du og fedran’ dine aldri hev kjent til, gudar av stokk og stein, 65 og aldri fær du ro hjaa desse folki, aldri finn du nokon kvile-stad fyr foten din. Herren skal gjeva deg ei saal som skjelv, inn-sokkne augo og ein visna hug; 66 daa tykkjer du ditt liv heng ett’ eit haar; du bivrar natt og dag, og aldri er du trygg fyr livet ditt. 67 Kvar morgon segjer du: «Gjev det var kveld!» og, vert det kveld: «Gjev det var morgon att!» — slik rædsle kjenner du i hugen din, og slik ei syn lyt augo dine sjaa. 68 Paa skip skal Herren senda dykk att-ende til Egyptaland, den vegen som eg sa’ deg at du aldri meire skulde sjaa; der skal de verta bodne ut i mengd aat dykkar fiendar til trælar og til træl-kvende, men ingen idest kjøpa dykk.

Kapitel 29.

1 Dette er ordi i den pakti som Herren sagde Moses fyre aa gjera med Israels-sønirne i Moab-landet, um-fram den pakti han hadde gjort med dei ved Horeb. 2 Moses kalla i hop heile Israel, og sagde til dei: «De saag det fyr’ augo dykkar alt det som Herren gjorde i Egyptaland med Farao og alle mennerne og heile landet hans — 3 med eigne augo saag de dei svære plaagurne, dei store teikni og underi. 4 Men endaa hev Herren inkje fengi gjeva dykk vit til aa skyna eller augo til aa sjaa eller øyro til aa høyra med.

5 «Eg førde dykk firti aar i øyde-marki,» segjer Herren; «klædi dykkar vart inkje ut-slitne, og skoen sleitst inkje undan foten din. 6 Inkje hadde de braud aa eta, og inkje vin eller anna sterkt aa drikka; for eg vilde de skulde sjaa at eg, Herren, er dykkar Gud.»

7 So kom de hit til dette landet, og Sihon, kongen i Hesbon, og Og, kongen i Basan, kom imot dykk og baud ufred, men me slo dei, 8 og tok landet deira, og let Rubenitarne og Gaditarne og den halve Manasse-ætti faa det til odel og eige.


Tenákh

Torá
(Loven eller
Mosebøkerne)

  1. Beresjít (Genesis, 1. mosebok)
    Beresjít (1:1—6:8) · Nóaḥ (6:9—11:32) · Lekh lekhá (12:1—17:27) · Vajjéra (18:1—22:24) · Ḥajjé Sará (23:1—25:18) · Toledót (25:19—28:9) · Vajjeṣé (28:10—32:3) · Vajjisjláḥ (32:4—36:43) · Vajjésjeb (37:1—40:23) · Mikkéṣ (41:1—44:17) · Vajjiggásj (44:18—47:27) · Vajḥí (47:28—50:26)
  2. Sjemót (Exodus, 2. mosebok)
    Sjemót (1:1—6:1) · Vaerá (6:2—9:35) · Bo (10:1—13:16) · Besjalláḥ (13:17—17:16) · Jitró (18:1—20:26) · Misjpatím (21:1—24:18) · Terumá (25:1—27:19) · Teṣavvé (27:20—30:10) · Tissá (30:11—34:35) · Vajjak’hél (35:1—38:20) · Pekudé (38:21—40:38)
  3. Vajjikrá (Leviticus, 3. mosebok)
    Vajjikrá (1:1—5:26) · Ṣáv (6:1—8:36) · Sjeminí (9:1—11:47) · Tazríang (12:1—13:59) · Meṣoráng (14:1—15:33) · Aḥaré mót (16:1—18:30) · Kedosjím (19:1—20:27) · Emór (21:1—24:23) · Behár (25:1—26:2) · Beḥukkotái (26:3—27:34)
  4. Bammidbár (Numeri, 4. mosebok)
    Bemidbár (1:1—4:20) · Nasó (4:21—7:89) · Behangalotekhá (8:1—12:16) · Sjelaḥ-lekhá (13:1—15:41) · Kóraḥ (16:1—18:32) · Ḥukkàt (19:1—22:1) · Balák (22:2—25:9) · Pineḥás (25:10—30:1) · Mattót (30:2—32:42) · Mas’ngé (33:1—37:13)
  5. Debarím (Deuteronomium, 5. mosebok)
    Debarím (1:1—3:22) · Váet’ḥannán (3:23—7:11) · Ngékeb (7:12—11:25) · Reé (11:26—16:17) · Sjofetím (16:18—21:9) · Teṣé (21:10—25:19) · Tabó (26:1—29:8) · Niṣṣabím (29:9—30:20) · Vajjélekh (31:1—31:30) · Haazínu (32:1—32:52) · Vezót habberakhá (33:1—34:12)

Nebiím
(Profetane)

Ketubím
(Skriftene)

(sjå òg Dei apokryfe skriftene)