Parasjàt Debarím

Frå Alnakka.net

Femte Mose-bok, kap. 1:1—3:22

Kap. 1.

1 Dette er dei ordi Moses tala til heile Israel i øyde-marki austan-fyr’ Jordan, paa Moarne, midt fyre Suf, millom Paran og Tofel og Laban og Haserot og Dizahab — 2 elleve dags-leidir fraa Horeb etter den vegen som ber burt imot Se’ir-fjelli, til Kades-Barnea. 3 Det var i det firtiande aaret, fyrste dagen i den ellevte maanaden, han tala til Israels-sønirne og bar fram bodi fraa Herren, 4 etter han hadde vunni yver Sihon, Amorita-kongen, som budde i Hesbon, og so att-med Edre’i yver Og, Basan-kongen, som budde i Astarot.

5 Austan-fyr’ Jordan, i Moab-landet, var det Moses tok til med aa lesa upp desse logirne. Han sagde: 6 «Herren vaar Gud tala soleis til oss ved Horeb: «Lenge nog hev de haldi dykk inn-med dette fjellet. 7 Tak no ut, og legg vegen til Amorita-fjelli og alle dei folki som bur der att-med, paa Moarne og i fjell-bygdirne, paa sletta og i Sud-landet og paa havstrandi, i heile Kana’ans-landet og paa Libanon, alt burt til stor-elvi — Eufrat-elvi. 8 Sjaa, eg hev lagt landet opi fyr dykk. Far av stad og tak det! Det er det landet eg lova federne dykkar, Abraham og Isak og Jakob, at eg vilde gjeva dei og ætti deira.»

9 Den gongen sagde eg til dykk: «Eg kann inkje greida dykk alleine. 10 Herren dykkar Gud hev auka dykk i tal, so de no er mange som stjønnurne paa himmelen; og gjev at han — fedra-guden — vilde auka dykk endaa tusund gongir og velsigna dykk, som han hev lova! 12 Men koss kann eg alleine bera alt strævet og møda med dykk og trætturne dykkar? 13 Kom med nokre vise og vituge og vel-røynde menner fraa kvar ætt, so skal eg setja dei til hovdingar yver dykk!»

14 Daa svara de meg: «Det er baade rett og godt det du tenkjer aa gjera.»

15 So tok eg ættar-hovdingan’ dykkar, vise og vel-røynde menner, og sette til styrarar yver dykk — sume yver tusund, og sume yver hundrad, og sume yver femti, og sume yver ti — og gjorde dei til formenner fyr ættirne dykkar. 16 Og til domaran’ dykkar sagde eg: «Høyr paa dei sakirne folk hev med kvarandre, og døm rett millom mann og mann, antan dei er landsmenner baae, eller um den eine er framand. 17 Gjer inkje manna-mun i retten! Høyr paa den ringaste som paa den høgste, og ver inkje rædde nokon mann! For domen høyrer Gud til. Men dei sakirne som er for vande fyr dykk lyt de koma til meg med, so skal eg høyra paa dei.» 18 Og same gongen sagde eg dykk fyre om alt anna de skulde gjera.

19 So tok me ut fraa Horeb, og for gjenom heile den store og øgjelege vill-marki som de hev set; me heldt leidi til Amorita-fjelli, soleis som Herren vaar Gud hadde sagt oss, og kom til Kades-Barnea. 20 Daa sagde eg med dykk: «No er de komne til Amorita-fjelli, som Herren vaar Gud vil gjeva oss. 21 Sjaa, han hev lagt dette landet opi fyre deg! Far upp og tak det, som Herren, din fedra-gud, hev sagt til deg! Ver inkje rædd eller fælen!»

22 Daa kom de til meg alle saman, og sagde: «Lat oss senda folk fyre, so dei kann gjera seg kjende i landet og gjeva oss greide paa kaa veg me skal fara og kaa byar me kjem til!» 23 Det totte eg var rett, og so valde eg ut tolv mann, ein or kvar ætt. 24 Dei tok daa av stad, og for upp i fjelli, og kom til Eskol-dalen. 25 Dei ende-for landet og tok noko av fruktirne som der var og hadde med seg heim til oss, og sagde fraa um alt dei hadde set: «Det landet Herren vaar Gud vil gjeva oss er eit godt land,» sagde dei.

26 Men de vilde inkje fara dit; de sette dykk upp mot Herren dykkar Gud, 27 og sat og mukka i tjeldbudirne dykkar. «Herren hatar oss,» sagde de, «difyr førde han oss ut or Egyptar-landet, og no vil han gjeva oss yver til Amoritarne, so dei skal tyna oss. Gud betre oss, for eit land vi skal til! 28 Det var so hjarta kolna i oss daa brøderne vaare kom att og sagde: «Der er folk som er større og sterkare en me, og svære byar, med murar som røkk radt til himmels; og Anaks-sønirne saag me der og.» »

29 Daa sagde eg til fykk: «De skal inkje ottast og inkje vera rædde dei. 30 Herren dykkar Gud gjeng fyre dykk; han skal strida fyr dykk, soleis som han gjorde i Egyptaland, midt fyr augo dykkar, 31 og i øyde-marki, der du saag han bar deg, som ein mann ber barnet sitt, heile vegen de for, til de kom hit. 32 Men endaa vilde de inkje lita paa Herren dykkar Gud — han som gjekk fyre dykk paa ferdi, og saag etter leger-stad fyr dykk, um natti i ein eld, so de skulde sjaa leidi, og um dagen i ei sky.

34 Daa Herren høyrde koss de ropa og bar dykk vart han harm, og svor: 35 «Ingen av desse mennerne, av denne vonde ætti, skal faa sjaa det gilde landet eg hev lova federne deira — ingen utan Kaleb, son aat Jefunne; 36 han skal faa sjaa det; honom og borni hans vil eg gjeva det landet han var i, fyr di han heldt seg so trutt etter Herren.»

37 Meg og vart Herren harm paa fyr dykkar skuld, og sagde: «Du skal inkje heller faa koma dt. 38 Josva, son aat Nun, han som gjeng deg til handa, skal koma dit. Han skal du styrkja! For det er han som skal vinna landet til odel aat Israel. 39 Og borni dykkar, som de spaadde skulde koma i fiende-hand — smaa-sveinarne, som endaa inkje kann skilja godt ifraa vondt — dei skal koma dit; dei vil eg gjeva landet, og dei skal faa eiga det. 40 Men de lyt venda, og taka ut i øyde-marki etter den vegen som ber til Raude-havet.»

41 Daa sagde de til meg: «Me hev synda mot Herren! Men no vil me fara upp og strida, og gjera alt som Herren vaar Gud hev sagt.» So batt de kring dykk sverdi, kvar og ein; de tenkte det var ingen vande aa fara upp i fjelli. 42 Men Herren sagde til meg: «Seg med dei at dei inkje skal fara dit, og inkje gjeva seg i strid; for eg er inkje med dei, og dei kjem til aa rjuka fyr fienden.» 43 So tala eg til dykk, men de vilde inkje høyra; de lydde inkje Herren, og for i ovmod og uvyrdskap upp i fjelli. 44 Og Amoritarne som budde der tok ut imot dykk, og sette etter dykk so kvasst som ein bie-svarm, og jaga dykk ifraa einannan burt-yver Se’ir-fjelli, radt til Horma. 45 Daa kom de att-ende, og klaga dykk fyr Herren; men Herren høyrde inkje paa dykk, og lydde inkje paa klagurne dykkar, 46 og de laut vera i Kades heile den lange tidi de veit.

Kap. 2.

1 So vende me oss aat øyde-marki, og tok vegen til Raude-havet, som Herren hadde sagt med meg, og me for lenge og sveiv kring um Se’ir-fjelli. 2 Daa sagde Herren til meg: 3 «Lenge nog hev de reika i kring desse fjelli; tak no leidi mot nord! 4 Og til folket skal du segja so: «No kjem de til aa fara gjenom riket aat brøderne dykkar, Esaus-sønirne, som bur paa Se’ir, og dei vert rædde dykk; men akta dykk vel 5 at de inkje yppar ufred med dei; eg kann ’kje lata dykk faa so myki som ei fet-breidd av landet deira; for Se’ir-fjelli hev eg gjeve Esau til eigedom. 6 Den maten de treng lyt de kjøpa av dei, og vatnet de drikk lyt de og gjeva pengar fyre. 7 For Herren din Gud hev velsigna deg i alt du hev teki deg fyre; han hev bori um-sut fyr deg paa ferdi di gjenom denne store øyde-marki; i alle desse firti aari hev Herren din Gud vori med deg, og du hev ingen ting vanta.» »

8 So for me lenger fram-etter, burt ifraa bror-folket vaart, Esaus-sønirne, som bur paa Se’ir; me tok ut-av den vegen som gjeng fraa Elat og Esjon-Geber gjenom Moarne, og fylgde ein annan veg, som bar til Moab-heidi. 9 Og Herren sagde til meg: «Du skal inkje trengja deg inn paa Moabitarne, og inkje yppa ufred med dei; eg kann inkje lata deg faa noko av landet deira; for Ar har eg gjevi Lots-sønirne til eigedom.» » — 10 Der budde i gamle dagar Emitarne, eit stort og mann-sterkt folk; dei var høg-vaksne som Anakitarne, 11 og vart, liksom dei, reikna til kjempe-folki, men Moabitarne kalla dei Emitar. 12 Paa Se’ir budde fyrr i tidi Horitarne; men Esaus-sønirne dreiv dei burt, og øydde dei ut, og sette seg ned i staden deira, liksom Israels-folket gjorde i sitt land — det som Herren gav dei til eigedom. 13 « «Gjer dykk no reiduge,» sagde Herren, «og gakk yver Zered-aai!» So gjekk me yver Zered-aai. 14 Daa var det aatte-og-tretti aar sidan me tok ut ifraa Kades-Barnea, og heile den ætti — alle vaapn-føre menner i legret — var burt-døydde, som Herren hadde sagt med dei; 15 Herrens hand hadde raama dei, og rivi dei burt or legret, til dess alle var farne.

16 Daa alle desse var daude og burte, 17 daa tala Herren til meg, og sagde: 18 «No kjem du til aa fara gjenom Moab-riket — gjenom Ar — 19 og so ligg vegen din fram-med Ammons-sønirne; men du skal inkje trengja deg inn paa dei, og inkje yppa ufred med dei; eg kann inkje lata deg faa noko av Ammonita-landet; for det hev eg alt gjevi burt til Lots-sønirne.» » — 20 Det landet vart og reikna til kjempe-landi; fyrr i verdi budde det kjempur der, og Ammonitarne kalla dei Zamzummitar. 21 Dei var eit stort og mann-sterkt folk, og høg-vaksne som Anakitarne; men Herren rudde dei ut fyr Ammons-sønirne, so dei fekk landet og bu-sette seg der. 22 Det same gjorde han fyr Esaus-sønirne, som bur paa Se’ir; han rudde ut Horitarne, so Esaus-sønirne fekk landet, og sidan hev dei butt der til denne dag. 23 Like-eins gjekk det med Avvitarne som sat paa gardarne alt burt til Gaza: Kaftorane kom fraa Kaftor, og øydde dei ut, og tok romet deira.

24 « «Gjer dykk no reiduge,» sagde Herren; «far i veg, og set yver Arnon-aai! Eg gjev Sihon, Amoriten, kongen i Hesbon, og landet hans i dine hender. Tak til aa slaa det under deg, og gjev deg i strid med han. 25 Etter denne dag skal det staa otte og rædsle av deg yver heile verdi; alle som høyrer gjeti deg skal bivra og skjelva».

26 Fraa Kedemot-heidi sende eg menner til Sihon, kongen i Hesbon, med freds-bod, og sagde: 27 «Lat meg faa fara gjenom landet ditt! Eg skal halda meg paa vegen, og inkje taka ut-av han, antan til høgre eller vinstre. 28 Det eg lyt hava til mat skal eg kjøpa av deg, og drikke-vatnet du gjev meg skal eg og leggja pengar fyre. Eg vil berre faa fara igjenom paa min fot, 29 liksom Esaus-sønirne paa Se’ir og Moabitarne i Ar gav meg lov til aa gjera, so eg kann koma yver Jordan til det landet Herren vaar Gud vil gjeva oss.»

30 Men Sihon, kongen i Hesbon, vilde inkje lata oss fara gjenom landet sitt. For Herren din Gud hadde gjort hugen hans strid og hjarta hans hardt, av di han vilde gjeva han i dine hender, som han longe hev gjort. 31 Og Herren sagde til meg: «No gjev eg deg makt yver Sihon og landet hans; tak no du til aa slaa det under deg, so det vert ditt!» 32 So for Sihon imot oss til Jahas med alt her-folket sitt, og tok paa oss 33 Men Herren vaar Gud gav han i vaart vald, og me hogg han ned, baade han og sønirne og alt strids-folket hans.

34 Den gongen tok me og alle byarne hans; me bann-støytte kvar byen, og drap baade menner og kvinnur og born; me let ingen vera att eller sleppa undan. 35 Men bu-feet eigna me til oss, og her-fanget i byarne som me tok. 36 Fraa Aroer, som ligg inn-med Arnon, og fraa byen i dalen til Gilead fanst det inkje ei borg som var oss for sterk; Herren lagde dei alle opne fyr oss. 37 Men landet aat Ammons-sønirne let du vera i fred, baade det som ligg fram-med Jabbok-aai, og fjell-bygdirne — alt det som Herren vaar Gud hadde meinka oss aa koma inn-i.

Kap. 3.

1 So tok me paa ei onnor leid, og for upp-etter, paa vegen til Basan, og Og, kongen i Basan, kom mot oss til Edrei med alt her-folket sitt, og baud ufred. 2 Men Herren sagde til meg: «Du tarv ikkje vera rædd han. Eg gjev han i dine hender med alt folket og landet hans, og du kann gjera med han, som du gjorde med Sihon, kongen yver Amoritarne, som budde i Hesbon.»

3 So gav Herren vaar Gud Basan-kongen og med alt folket hans i vaare hender, og me hogg dei ned, so ingen vart att eller slapp undan. 4 Den gongen tok me alle byarne hans — det fanst inkje ein by utan me tok han fraa dei — seksti byar, som alle høyrde til Argob-landet, riket aat Og i Basan. 5 Alle desse var faste borgir med høge murar og tvi-hurda portar med slaa fyre. Um-fram dei tok me og alle lands-byarne, og det var uhorveleg mange. 6 Me bann-støytte dei, som me hadde gjort med Sihon, kongen i Hesbon; kvar einaste by bann-støytte me, og drap baade menner og kvinnur og born. Men al buskapen og alt her-fanget i byarne eigna me til oss.

8 Soleis tok me den gongen landet fraa baae Amorita-kongarne austan-fyr’ Jordan, alt fraa Arnon-aai til Hermon-fjellet — 9 det er det som Sidonitarne kallar Sirjon, og Amoritarne Senir — 10 alle byarne paa høg-sletta og heile Gilead og heile Basan radt til Salka og Edrei — alle byarne i riket aat Og i Basan.» — 11 Og, kongen i Basan, var den sisste som var att av kjempe-folket; kista hans stend, som alle veit, i Rabba, hovud-staden aat Ammons-sønirne; ho er av jarn-stein, og er ni alnir lang og fire alnir breid, etter vanlegt alne-maal.

12 «Dette landet lagde me under oss daa. Bygdirne nordan-fyr’ Aroer, som ligg inn-med Arnon-aai, og helvti av Gilead-fjelli med byarne som der var let eg Rubenitarne og Gaditarne faa. 13 Og det som var att av Gilead, og heile Basan, riket aat Og — heile Argob-landet — gav eg til den halve Manasse-ætti» — Heile dette Basan-riket reikna dei til kjempe-landi. — 14 Ja’ir, son aat Manasse, tok heile Argob-landet radt til bytet mot Gesuritarne og Ma’akitarne; desse bygdirne — Basan-bygdirne — gav han namn etter seg sjølv, og sidan hev folk kalla dei Ja’irs-bygdirne alt til denne dag.

15 «Gilead let eg Makir faa, 16 og Rubenitarne og Gaditarne gav eg landet fraa Gilead til Arnon-aai — til midt i aai, der som land-skilet gjeng — og til Jabbok-aai, som er land-skilet mot Ammons-sønirne, 17 og Moarne ned-under Pisga-lidirne, austan-fyr’ Jordan, som er land-skilet der, fraa Kinneret til Moa-vatnet, det som dei kallar Salt-sjøen.

18 Den gongen var det eg sagde til dykk: «Dette landet hev Herren dykkar Gud Gjevi dykk til eigedom. No skal de fara fram strids-budde fyre dei andre Israels-sønirne, so mange av dykk som er vaapn-føre, og berre konurne og borni dykkar og bu-feet — 19 for eg veit de hev myki bu-fe — skal vera att i byarne som eg hev gjevi dykk; 20 men naar Herren hev lati brøderne dykkar koma til ro liksom de, og dei og hev lagt under seg det landet han gjev dei paa hi sida Jordan, daa kann de fara heim att til eige-domarne som eg hev gjevi dykk.»

21 Same gongen sagde eg til Josva: «Du hev sjølv set alt det som Herren dykkar Gud hev gjort med desse tvo kongarne; so vil han gjera med alle dei riki du kjem til der du fer fram. 22 De tarv inkje ræddast dei; for Herren dykkar Gud vil sjølv strida fyr dykk.»


Tenákh

Torá
(Loven eller
Mosebøkerne)

  1. Beresjít (Genesis, 1. mosebok)
    Beresjít (1:1—6:8) · Nóaḥ (6:9—11:32) · Lekh lekhá (12:1—17:27) · Vajjéra (18:1—22:24) · Ḥajjé Sará (23:1—25:18) · Toledót (25:19—28:9) · Vajjeṣé (28:10—32:3) · Vajjisjláḥ (32:4—36:43) · Vajjésjeb (37:1—40:23) · Mikkéṣ (41:1—44:17) · Vajjiggásj (44:18—47:27) · Vajḥí (47:28—50:26)
  2. Sjemót (Exodus, 2. mosebok)
    Sjemót (1:1—6:1) · Vaerá (6:2—9:35) · Bo (10:1—13:16) · Besjalláḥ (13:17—17:16) · Jitró (18:1—20:26) · Misjpatím (21:1—24:18) · Terumá (25:1—27:19) · Teṣavvé (27:20—30:10) · Tissá (30:11—34:35) · Vajjak’hél (35:1—38:20) · Pekudé (38:21—40:38)
  3. Vajjikrá (Leviticus, 3. mosebok)
    Vajjikrá (1:1—5:26) · Ṣáv (6:1—8:36) · Sjeminí (9:1—11:47) · Tazríang (12:1—13:59) · Meṣoráng (14:1—15:33) · Aḥaré mót (16:1—18:30) · Kedosjím (19:1—20:27) · Emór (21:1—24:23) · Behár (25:1—26:2) · Beḥukkotái (26:3—27:34)
  4. Bammidbár (Numeri, 4. mosebok)
    Bemidbár (1:1—4:20) · Nasó (4:21—7:89) · Behangalotekhá (8:1—12:16) · Sjelaḥ-lekhá (13:1—15:41) · Kóraḥ (16:1—18:32) · Ḥukkàt (19:1—22:1) · Balák (22:2—25:9) · Pineḥás (25:10—30:1) · Mattót (30:2—32:42) · Mas’ngé (33:1—37:13)
  5. Debarím (Deuteronomium, 5. mosebok)
    Debarím (1:1—3:22) · Váet’ḥannán (3:23—7:11) · Ngékeb (7:12—11:25) · Reé (11:26—16:17) · Sjofetím (16:18—21:9) · Teṣé (21:10—25:19) · Tabó (26:1—29:8) · Niṣṣabím (29:9—30:20) · Vajjélekh (31:1—31:30) · Haazínu (32:1—32:52) · Vezót habberakhá (33:1—34:12)

Nebiím
(Profetane)

Ketubím
(Skriftene)

(sjå òg Dei apokryfe skriftene)