Panīr

Frå Alnakka.net
Versjonen frå 2. april 2020 kl. 18:29 av Olve Utne (diskusjon | bidrag) (Oppretta sida med «<onlyinclude>{{thumb|Saag Paneer.jpg|Sāg panīrkarri med panīr, spinat og andre grøne blad (t.d. kløver el. sennepsblad).}} '''Panīr''' (hindī…»)
(skil) ← Eldre versjon | Siste versjonen (skil) | Nyare versjon → (skil)
Sāg panīrkarri med panīr, spinat og andre grøne blad (t.d. kløver el. sennepsblad).

Panīr (hindī/marāṭhī पनीर [panīr]; pandjābī ਪਨੀਰ [panīr]; en. paneer) er ein törr og saltfri ferskost som er mykje bruka i indisk mat. Blant buddhistar som et berre laktovegetarisk kost er panīr ei av hovudkjeldMal:One til proteinar i kosthaldet. Panīr er bruka i karriretter og er òg populær å rulle deig kring og steikje. Den osalta panīr-osten er ein allsidig ingrediens som kan brukast til å laga både middagsretter, småretter og søtsaker med.

Framstilling

Vi finn vanligvis panīr til sals i indiske og pakistanske matvarebutikkar, men det er vanlig å laga panīr sjølv heime òg. For å laga panīr treng vi mjølk og litt syre — vanligvis enten litt sitronsaft eller litt sitronsyre utrørt i vatn (½ ts sitronsyre utrørt i 2 msk vatn til 1 l mjølk). Vi kokar opp mjølka under stadig røring, tilset syra litt etter litt og rører ho inn. Når mjølka begynner å skilje seg i kvit ostemasse og gulaktig møso, slær vi av av varmen, dekkjerover og let det stå i 3–4 minutt. Vi hellar ostemassen i eit osteklede, tek ihop endane og vrid ut mest mulig Mal:Utav væska medan vi held ostekledet under rinnande vatn. Vi formar osten medan han enno er i ostekledet og legg osten med ostekledet ikring under ei tung vekt i 2–3 timar.

Bruk

I motsetning til andre ostar, smeltar ikkje panīr ved vanlige koke- og steikjetemperaturar, og panīr er derför populær i mange indiske varmretter — slik som panīr matar (panīr med erter), panīr makhanvala (panír kokt i ghee (klåra Mal:Smör)) og panīr burdjī (smuldra panīr-karri). To Mal:Utav Mal:Dei mest populære rettene i nordindisk kokekunst er pālak panīr (panīr- og spinatkarri) og sāg panīr (panīr-, spinat- og för eksempel kløver- el. sennepsblad-karri).

Pekarar


GNU-logoen This article is based entirely or in part on the article Paneer from the English Wikipedia. It may be copied, distributed and/or modified according to the conditions of the GNU Free Documentation License.