Oscar Levertin

Frå Alnakka.net
Oscar Levertin portrettert av Carl Larsson i 1906.

Oscar Ivar Levertin (18621906) var ein svensk forfattar, kulturskribent og litteraturhistorikar. Levertin var ein dominerande stemme i den svenske kulturdebatten frå 1897, da han begynte å skrive i Svenska Dagbladet. Frå 1899 var han òg den første innehavaren av det nyoppretta professoratet i litteraturhistorie ved Stockholms universitet (davarande Stockholms högskola) og publiserte flittig og innflytelsesrikt i denna rollen òg; framför alt studiar i svensk 1700-talslitteratur.

Oscar Ivar Levertin vart fødd den 17. juli 1862 i Gryts herrgård i Norrköping i Östergötlands län av jødiske foreldre. Faren var kunsthandlaren Vilhelm Philip Levertin og mora var Sofia Albertina Davidson.

Han dødde den 22. september 1906 i Stockholm.

I begynnelsen av sitt eige forfattarskap i 1880-åra var Levertin liksom August Strindberg ein del av den unge naturalismen, men han vart sterkt påverka av den romantiske og tilbakeskodande tonen i Verner von Heidenstam si første diktsamling Vallfart och vandringsår (1888). Levertin og Heidenstam kritiserte naturalismen i en felles pamflett, Pepitas bröllop (1890), og trass i at Levertin i motsetning til mange generasjonskameratar aldri oppgav sitt vitskaplige og materialistiske historiesyn, kom han frå denna tida av til å kanalisere det meste av den litterære energien sin mot romantisk dikting med mellomaldertema. Levertin si første diktsamling, Legender och visor (1891), gav, i lag med Heidenstam sine dikt, opphav til ei bølgje av interesse for slike tema i 1890-åra. I motsetning til Heidenstam og mange andre si dikting kring denna tida er Legender och visor fri frå svensk nasjonalisme og hentar inspirasjon utur mellomalderkjeldor frå såvel Midtausten som Europa.

Bibliografi

  • Från Rivieran: skisser från Medelhafskusten (1883)
  • Småmynt: skizzer (1883)
  • Konflikter: nya noveller (1885)
  • Pepitas bröllop (med Verner von Heidenstam) (1890)
  • Legender och visor: dikter (1891)
  • Lifvets fiender : berättelse (1891)
  • Nya dikter (1894)
  • Diktare och drömmare (1898)
  • Verner von Heidenstam : en silhouette (1898)
  • Rococo-noveller (1899)
  • Magistrarna i Österås (1900)
  • Dikter: tredje samlingen (1901)
  • Svenska gestalter (1903)
  • Kung Salomo och Morolf: dikter (1905)
  • Sista noveller (1906)
  • Sista dikter (1907)
  • Essayer: 1 (1918)
  • Essayer: 2 (1918)
  • Samlade skrifter (1907–1910), 24 vol.
  • Kritisk prosa (2007)


GNU-logoen Denna artikkelen er heilt eller delvis basert på artikkelen «Oscar Levertin» frå Svenska Wikipedia og kan kopierast, distribuerast og/eller endrast slik det er sett opp i GNU fri dokumentasjonslisens. For ei liste over bidragsytarar til den opprinnelege artikkelen, sjå endringshistorikk knytt til den opprinnelege artikkelen. For ei liste over bidragsytarar til denna versjonen, sjå endringshistorikk knytt til denna sida.


Pekarar

Mal:Ugglan