Ole Bull

Frå Alnakka.net
Den utskrivbare versjonen er ikkje lenger støtta eller kan ha rendring-feil. Oppdater eventuelle bokmerke i nettlesaren din og bruk den vanlege utskriftsfunksjon til nettlesaren i staden.
Ole Bornemann Bull (1810–1880)

Ole Bornemann Bull (f. 5. februar 1810 i Bergen; d. 17. august 1880) var ein verdskjent fiolinist og komponist i romantikken. Gjenom ei otilslørt interesse for norsk folkemusikk spela han ein sentral rolle da eit eige norsk kulturbilde skulle byggjast opp i tida etter unionsopplöysninga frå Danmark.

Livet

Ole Bull var fødd på Svaneapoteket i Bergen, der far hans var apotekar. Familien hadde òg ein eigedom på ValestrandsfossenOsterøya. Her var Ole Bull fast kvar sommar frå han var liten gut, og det var her han vart interessert i norsk folkemusikk. Eigedommen på Valestrand kjøpte Ole Bull i 1858 frå mor si for 16 000 spesiedalar. I lag med bror sin, honom Georg Andreas Bull, bygde han eit nytt hus i sveitserstil som vart heimen hans fram til 1872, da han kjøpte Lysøen i Os. Den nye villaen på Lysøen var tekna av Carl Fredrik von der Lippe, som òg tekna Kjøttbasaren i Bergen. Ole Bull sin heim «Lille Alhambra» (i nymaurisk stil og med russisk kuppeltårn) på Lysøen er museum i dag.

Verket

Alt som tiåring var Bull ein framståande fiolinist. I tjueårsalderen vart han rekna som ein av dei store europeiske virtuosane, og da han var i 30-åra gjorde han det stort som artist i Nord-Amerika, der han bruka å halde til om vintrane.

Robert Schumann, Mark Twain, Henry Wadsworth Longfellow, William Makepeace Thackeray og George Bernard Shaw var alle beundrarar av Ole Bull. Han var ven med Franz Liszt og mentor for Edvard Grieg, og han kjente Bjørnstjerne Bjørnson godt. George Sand bruka Ole Bull som modell for romanen Malgrètout, og Henrik Ibsen la mange av eigenskapane hans inn i eventyrpersonen Peer Gynt.

I 1850 grunnla Bull det første norske teateret. Men det var musikken som låg nærmast hjarta hans. Konsertane hans i Europa og USA var omåtelig populære, og kvinnor dåna når den staute, høge og visstnok svært sjarmerande nordmannen stod på scena. Han kunne ta omtrent kor mykje som helst i inngangspengar — folk kom for å høre på han oansett.

Nymaurisk interiør frå Lysøen, villaen til Ole Bull.

Ettermæle

Det var i den storslegne villaen sin på Os at han endte sine dagar, med ein kvast røsslyng (favorittplanten hans) i neven. Gravferda hans i Bergen er sagt å ha vore den störste og mest pompøse som nån gong hadde funne stad i Norge.

Dessverre bruka ikkje Ole Bull å skrive ner notane til musikken sin, for han hadde alle komposisjonane sine i haudet. Derför finst det berre nån få att i dag av komposisjonane hans. Stjernestatusen hans gikk ner litt etter litt i åra etter at han dødde.

Ole Bulls plass i Bergen sentrum er oppkalla etter honom.

Pekarar


GNU-logoen Denne artikkelen er heilt eller delvis basert på artikkelen «Ole Bull» frå Nynorsk Wikipedia og kan kopierast, distribuerast og/eller endrast slik det er sett opp i GNU fri dokumentasjonslisens. For ei liste over bidragsytarar til den opprinnelege artikkelen, sjå endringshistorikk knytt til den opprinnelege artikkelen. For ei liste over bidragsytarar til denne versjonen, sjå endringshistorikk knytt til denne sida.