Olav H. Hauge

Frå Alnakka.net
Den utskrivbare versjonen er ikkje lenger støtta eller kan ha rendring-feil. Oppdater eventuelle bokmerke i nettlesaren din og bruk den vanlege utskriftsfunksjon til nettlesaren i staden.

Olav Håkonson Hauge (19081994), mest kjent som Olav H. Hauge, var ein av dei viktigaste norske lyrikarane innafor den modernistiske tradisjonen på 1900-talet. Han vart fødd i Ulvik i Hardanger, der han budde heile livet. Han var òg gartnar og dreiv med fruktproduksjon.

Olav H. Hauge er kjent for ein ordknapp diktstil der han skildrar kvardagslege ting og samtidig får fram ein djup livsvisdom. Dikta hans har vorte samenlikna både med den norrøne sagastilen og japanske haikudikt. Mange av dei beste dikta til Hauge er likevel sonettor, dikt der han kombinerer ei streng form med eit grenseoverskridande innhald.

I lyrikken til Hauge er landskapet og naturen tydeleg til stades, både reint konkret og i symbolikken. Hauge var svært godt orientert i eldre og nyare europeisk lyrikk gjenom omfattande lesing og sjølvstudium. Alfred Tennyson, William Butler Yeats, Robert Browning, Stephane Mallarmé, Arthur Rimbaud, Stephen Crane, Friedrich Hölderlin, Georg Trakl, Paul Celan, Bertolt Brecht og Robert Bly har alle vorte attdikta på norsk av Hauge.

Hauge debuterte i 1946 med samlinga Glør i oska, som inneheld dikt i tradisjonell form. Frå og med samlinga På ørnetuva skjer det ei påtakelig formell nyorientering mot eit modernistisk formspråk. Samlinga Dropar i austavind frå 1966 har vorte ståande som eit høgdepunkt i forfattarskapet. Her finn vi blant anna ei lang rekke «tingdikt», som det kjente Katten:

Katten sit
i tunet
når du kjem.
Snakk litt med katten.
Det er han som er vardast i garden.

Vi ser her ein konkretisme som til da var okjent i norsk lyrikk og som inspirerte generasjonar av seinare lyrikarar, for eksempel Jan Erik Vold. Frå og med 1966 skreiv Hauge dikt utan enderim, fast rytme og strofeform — med unntak av sonettone, som han allveg vendte tilbake til, og som han har vore ein fornyar av i norsk lyrikk.

Naturbilda i Hauge si dikting kan enten fungere som symbol eller som metaforar for menneskelige grunnerfaringar, men i den seinare delen av forfattarskapet kan bildet stå heilt okommentert, slik at lesaren lyt skapa meining sjølv.

Hauge fikk Doblougprisen i 1969 og Aschehougprisen i 1978.

Verk

Diktsamlingar

  • 1946 - Glør i oska. Noregs boklag, 1946.
  • 1951 - Under bergfallet. Noregs boklag, 1951.
  • 1956 - Seint rodnar skog i djuvet. Noregs boklag, 1956.
  • 1961 - På ørnetuva. Noregs boklag, 1962 (1961).
  • 1966 - Dikt i utval : Dogg og dagar ved Ragnvald Skrede. Noregs boklag, 1965.
  • 1966 - Dropar i austavind. Noregs boklag, 1966.
  • 1972 - Dikt i samling. (Bokklubben Dagens bok, 1996) (Noregs boklag, 1972).
  • 1973 - Spør vinden. Noregs boklag, 1973 (1971).
  • 1975 - Syn oss åkeren din i utval ved Jan Erik Vold. Bokklubben, 1975. (Henta frå Dikt i samling)
  • 1980 - Janglestrå. Samlaget 1980.
  • 1983 - Regnbogane. Samlaget, 1983. (Henta frå Dikt i samling)
  • 1988 - Mange års røynsle med pil og boge (lydopptak). Samlaget, 1992 (1988).
  • 1998 - Det er den draumen. Samlaget.

Attdikting og omsetting

Andre utgjevingar

  • 1986 - ABC. Illustrert av Bodil Cappelen
  • 1996 - Brev 1970–1975. Olav H. Hauge og Bodil Cappelen. Samlaget
  • 2000 - Dagbok 1924–1994. Samlaget


GNU-logoen Denne artikkelen er heilt eller delvis basert på artikkelen «Olav H. Hauge» frå Nynorsk Wikipedia og kan kopierast, distribuerast og/eller endrast slik det er sett opp i GNU fri dokumentasjonslisens. For ei liste over bidragsytarar til den opprinnelege artikkelen, sjå endringshistorikk knytt til den opprinnelege artikkelen. For ei liste over bidragsytarar til denne versjonen, sjå endringshistorikk knytt til denne sida.