November

Frå Alnakka.net
<< november >>
søn mån tis ons tor fre lau
1 2 3 4 5 6 7
8 9 10 11 12 13 14
15 16 17 18 19 20 21
22 23 24 25 26 27 28
29 30
2020

November er den 11. månaden i den gregorianske kalenderen. Etter den julianske kalenderen er november den niande månaden. Namnet november kjem frå latinsk novem, som betyder 'ni'.

Faste merkedagar i november

Den 1. november er det helgmess etter primstaven.  

Departements-Tidende 1844, s. 753.

Den 4. november 1844 fikk portugisarjødar vanleg innreiserett til Norge att etter grunnlovsforbodet i 1814.  
Den 9. november er det klungerkronefesten etter primstaven. Krystallnatta fann stad i Tyskland og Austerrike natta mellom 9. og 10. november 1938.  
Krystallnatta fann stad i Tyskland og Austerrike natta mellom 9. og 10. november 1938.  
Den 11. november er det mortensmess etter primstaven.  
Den 14. november er det «ostkakans dag» i Sverige.  
Den 20. november er det edmundsmess etter primstaven.  
Den 21. november er det marimess etter primstaven.  
Den 22. november er det klemetsmess etter primstaven.  
Den 26. november 1942 vart 529 norske jødar, inkludert ungar og vaksne, unge og gamle, gravide, friske og sjuke, tekne til Akershuskaia i Oslo og deportert med fangeskipet DS «Donau» til Stettin; derifrå vidaresendt med tog, i kuvogner, til Auschwitz, der mesta alle vart drepne av nazistane. Berre ni av dei deporterte norske jødane overlevde krigen. Blant dei som omkom var Joel Jacob Hirsch (1866–1943), Frida Hirsch (1868–1943), Herman Fischer (1893–1943) (Kristiansund); David Glick (1907–1943) (Sunndalsøra); og Sigrid de Lemos (1883–1942) (Oslo).  
 
Den 30. november er det andreasmess etter primstaven.